Verdidebatt

Kjære MF!

Korleis skal Den norske kyrkja sikra god rekruttering til prestetenesta?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den siste tida har det vore diskusjon rundt kvalifikasjonskrava for prestetenesta. Ulike stemmer har vore framme i debatten, og no sist, i papirutgåva av VL 2. mai, er det prorektor og leiar for praktikum på MF, høvesvis Kjetil Fretheim og Fredrik Saxegaard som uttalar seg. I den samtalen som har gått dei siste vekene, oppfattar eg at mange prøver å vera løysingsorienterte. Det liker eg. Verkelegheita er at den norske kyrkja vil mangla prestar i nær framtid. Verkelegheita er at Den norske kyrkja må tenkja nytt og offensivt. MF, den viktigaste utdanningsinstitusjonen for prestar, ser ikkje ut til å vera heilt med på denne tankegangen. Eg siterer: «For prestestudentene er en solid profesjonsutdanning det beste utgangspunktet». Det er ikkje vanskeleg å vera einig i dette, og eg forstår at MF har behov for å løfta fram profesjonsstudiet som eit godt løp, for det er det jo. Men i innlegget til Fretheim og Saxegaard blir det sagt svært lite konkret om kva løp dei ser for seg at må til for ein vaksen som vil bli prest som ein karriere nr. to. Kva inneber det at «det er mulig å finne gode løsninger og tilpasninger for å møte slike behov innenfor rammen av profesjonsstudiet»? Kva ser de for dykk her? Kor lang tid skal det ta? Kor mykje utdanning skal de kreva av nokon som har utdanning på tilsvarande nivå frå før? Eg ønskjer meir konkrete innspel og at de rissar opp eit løp eller set nokre grenser for kva som skal kunna gå gjennom i Den norske kyrkjas evalueringsnemnd. Slik eg les innlegget, vil de ha alle inn i profesjonsløpet, uavhengig av bakgrunn. Les eg dykk feil? Eg håpar det.

For at andre skal kunna få eit innblikk i prosessen det er å bli prest utan å vera cand.theol., skal eg bruka meg sjølv som eksempel. Eg blei cand.philol. i 2000 ved NTNU og tok PPU (praktisk pedagogisk utdanning) like etter. I graden min har eg mellomfag kristendom og hovudfag i nordisk litteratur, og m.a. norrønt språk på mellomfagsgraden i nordisk. Mellomfaget mitt i kristendom består m.a. av element som luthersk teologi, eksegese med fokus på Johannesevangeliet, i tillegg til studier av jødedom og islam. Hovudoppgåva mi er skrive i skjeringspunktet mellom teologi og litteratur, det er ei allegorisk lesing av romanen Kimen. Eg jobba som lærar i 15 år, dei siste 13 åra som lektor ved Kristelig Gymnasium i Oslo.

I 2014 søkte eg Den norske kyrkjas evalueringsnemnd om godkjenning av kompetanse tilsvarande cand.theol. Der kan ein søka på eiga hand eller via biskopen som kan anbefala ein kandidat til framtidig presteteneste. Eg søkte på eiga hand, og det er den typen godkjenning eg har som utgangspunkt for denne kommentaren, og der er master i eit relevant fag eitt av kriteria.

I nemnda sit det m.a. representantar frå kyrkjerådet, utdanningsinstitusjonane MF, TF og Vid, lekrepresentantar og representantar frå Presteforeninga. Ein må skriva ein lang og grundig søknad der ein gjer greie for både utdanningsveg og eigen motivasjon. Ein må legga ved hovudoppgåve/masteroppgåve, ein må legga ved eit utval andaktar ein har hatt, og ein må ha uttalelse frå tre referansar om at ein er eigna til presteteneste. (Må ein det på profesjonsstudiet?) Ein møter opp, er inne hjå nemnda minst ein time, og ein får spørsmål av ulike slag frå dei ulike medlemmene i nemnda, det kan vera alt frå motivasjon til faglege spørsmål frå masteroppgåva. Så får ein beskjed etter ei tid om at ein er godkjent eller ikkje godkjent, og det er då eit klarsignal til å begynna på praktikum, samstundes som ein går inn i opplegget «Veien til prestetjeneste», som er eit løp på fire kursdagar spreidd over to-tre år, og tre samtalar med biskop – slik studentane på profesjonsstudiet også har. Her er vi altså inne i det same løpet som profesjonsstudentane, og det gjeld også avsluttande praktikum. All den tid MF er representert i evalueringsnemnda i Den norske kyrkja der ein fullt ut anerkjenner andre relevante utdanningar, synest eg det er noko underleg at Fretheim og Saxegaard som representantar for MF, i innlegget sitt så einsidig løftar fram verdien av eitt studium framfor å seia noko om den andre vegen som er mogleg å gå (sjølv om eg sjølvsagt forstår at dei gjerne vil ha studentar på profesjonsstudiet). Vi som går ein annan veg med våre relevante mastergrader, trugar ikkje det beståande eller framtidige presteskapet, vi kompletterer det og har med oss verdifull erfaring inn i kyrkja. Det trur eg kyrkja har bruk for. Å gå via evalueringsnemnda er ingen lettvindt veg til prestetenesta. Eg etterlyser klarare ord om kva de tenker om denne prosessen i framtida.

Evalueringsnemnda består altså av representantar frå ulike deler av kyrkja, m.a. frå MF, som seier at eg med min cand.philol-grad kan bli ein like god prest som ein som går ordinært studieløp. Dermed er praktikum neste steg. Valet fall for min del på MF, og det er eg glad for. MF var fleksible på tilpassing og tilrettelegging, og eg trong om lag seks månaders fulltidsstudium for å bli klar for ordinasjon. Før eg blei prest har eg gjort stort sett alt som går an gjera i kyrkja utan å vera prest: Eg har hatt søndagsskule, barnekor, undervist konfirmantar, vore medliturg, nattverdutdelar, predikant, forsongar, deltatt på misjonsgudsteneste og i gudstenestegrupper osv. Ingenting av dette kvalifiserer til å bli prest, så klart, men det spela inn på godkjenninga i evalueringsnemnda, om eg forstod dei rett. Eg kjenner altså kyrkjeverkelegheita over snittet godt, vil eg påstå. Med cand.philol.-grad og svært brei erfaring vil altså likevel MF hevda at den beste vegen til presteteneste er via profesjonsstudiet. Eg forstår at de meiner det. Men kvifor er det at eg har ei anna utdanning og har gjort ting på ein annan måte, negativt og ikkje positivt?

Saxegaard og Fretheim; eg foreslår at de tar ein telefonrunde til kyrkjelydar som har prestar som eg, og spør korleis det går. Spør kva kyrkjelyden saknar, spør kva vi manglar. Det er ingen som har stilt spørsmål ved kompetansen min, og eg har blitt møtt med berre positive haldningar til bakgrunnen min, heilt frå jobbintervjusituasjonane eg har vore i, og fram til dags dato. Eg har faktisk vore overraska over i kor liten grad bakgrunnen min har vore diskutert, t.d. i jobbintervju. Kort oppsummert: Det er ingen andre enn MF som løftar dette fram som eit problem og ikkje som ein rikdom. Det synest eg er nedslåande.

I mine to år som prest har eg ikkje på noko som helst tidspunkt kjent at bakgrunnen min ikkje har halde mål. Heller tvert i mot. Pedagogikken og litteraturen gir svært verdifulle innsteg til ulike sider ved prestetenesta. Kjære MF, kvifor er de så redde for det som vi andre kan bringa inn i prestetenesta? Eg ser ikkje problemet med å la andre tilsvarande utdanningar (ja, for eg meiner at hovudfag/master skal vera eit krav for godkjenning) sleppa til i prestetenesta. I svært mange andre jobbar er det jo slik at den utdanninga ein har teke, kan vera litt på sida av det ein faktisk endar opp med å jobba med. Styrken ved høgare utdanning er ikkje berre det spesifikt faglege innanfor kvar disiplin, men at ein har ein basis på eit visst nivå i den karrieren ein går inn i. Mangfaldet gjer oss rikare, det er ikkje farleg.

I paragraf 5 i «Forskrift om kvalifikasjonskrav for tilsetting som prest i Den norske kyrkje» står følgjande: «Som prest kan også tilsettes person som oppfyller kravene i § 2 bokstavene a), c) og d), og som etter vedtak av Evalueringsnemnda anses å inneha tilsvarende kompetanse som candidata/candidatus theologiae på følgende grunnlag: (…) har innehatt graden i minst fem år. Evalueringsnemnda kan i særlige tilfeller gjøre unntak fra dette vilkåret når graden ble oppnådd etter fylte 50 år.» Å seinka denne aldersgrensa med 10 år vil ha svært få negative konsekvensar, men vil opna opp for dei som i ein attraktiv periode av sitt yrkesaktive liv ynskjer å tenkja nytt om liv og teneste, og det vil gi kyrkja tilgang på inspirerte og kvalifiserte prestar.

I dag vel eg å kvessa blyanten. Og det gjer eg for alle oss som ønsker å bli prestar, som har late kallet modna og som har vakse opp og inn i ei kyrkje som vi er glad i og som vi vil bruka livet vårt på å vera ein del av. Vi har vore gjennom ei godkjenningsordning som er streng, vi er kvalitetskontrollert heilt på linje med (og kanskje meir enn) dei som tar profesjonsstudiet. Kva er det MF fryktar? Mitt tips er: Ta i mot oss med opne armar. Kyrkja har ikkje råd til noko anna.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt