Verdidebatt

Eit radikalt parti

Det er færre som fylkar seg om Guds Ord. Vekkingslivet er svekka. Dette kan ikkje politiske parti gjere noko med.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Magne Roland har eit kritisk blikk på stoda i KrF i dag, som eit «uforutsigbart og vinglete (parti) som ingen vet hva finner på i morgen» (Vårt Land, 4. april). I ingressen seier han at likevel har han bruk for KrF, om det er villig til å velge side i norsk politikk.

Subsidaritetsprinsippet. Roland har fleire interessante vurderingar, som eg ikkje her kan gå nærare inn på, men utfordre han på nokre punkt. For det første: Kvar er det KrF har fråvike sitt subsidaritetsprinsipp, eit prinsipp som har vore, og er grunnleggande for KrFs politiske liv?

For det andre: KrF gjekk til val for eit borgarleg
regjeringssamarbeid med Erna Solberg som statsminister. Vi veit korleis det gjekk: Ho valde Frp, og ville ikkje prøve eingong ei sentrum-Høgre-regjering.

For det tredje: Ja, den bioteknologiske utviklinga i samfunnet, og i politikken generelt, treng meir enn nokon sinne eit kristent ide-forankra parti «i førersete». Eg greier ikkje å sjå, Roland: Kvar har KrF svikta?

Når så dette er sagt, vil eg nemne to uromoment: Det er færre som fylkar seg om Guds Ord. Vekkingslivet er svekka. Dette kan ikkje politiske parti gjere noko med. Men gudstenestelivet, forsamlingane og bedehuslivet må fornyast innanifrå.

Her kan verdimedvitne borgarar finne styrke til
aktivt samfunnsliv, også politisk, til å gjere partia merksame på kva menneske-, kultur- og samfunnsliv ein vil skal prege folket vårt. I dette ligg òg korleis vi forvaltar alle goda våre, ikkje i pur egoisme, men i det å dele med alle dei verdiane vi har, i gjensidig respekt.

Asylinstituttet. Dette må vi kunne forvalte slik at dei som vert drivne bort frå sine land av autoritære regimer, terror, krig og svolt, kan kjenne seg forstått, verdsatt - og velkomne, trass i at ein stor del av dei har andre religiøse referansar enn våre. Så får vi utruste dei som tek imot slike ved grensa, at dei som prøver seg utan grunn vert stogga, men at dei som treng oss opplever opne hender, og samstundes vise at vi har ein identitet som nasjon, som har hatt og vil ta vare på våre kristne-humanistiske verdiar.

Harald Myklebust

styremedlem i Åsane KrF

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt