Verdidebatt

Useriøst mistillitsforslag som ikkje bør få støtte

Ein statsråd si plikt til å levere avskilssøknad etter at Stortinget har gjort vedtak om mistillit er grunnlovsfesta. Grunnlovskravet er knyta til situasjonar der ein statsråd (eller Regjeringa) ikkje har oppfylt sine parlamentariske plikter. Det er noko anna enn mangel på politisk folkeskikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Statsråd Sylvi Listhaug publiserte fredag 9. mars eit bilete på Facebook. Det viste maskerte menn med våpen og denne teksten:

«Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del.»

Uttalen er ikkje ei etterretteleg attgjeving av Arbeidarpartiet sitt standpunkt. Den vart i tillegg sett i samanheng med Utøya-tragedia. Torsdag 15. mars vedtok Stortingsfleirtalet ved alle opposisjonspartia følgjande kritikk av statsråden:

«Stortinget mener det er sterkt kritikkverdig at justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug offentlig har fremsatt uriktige og krenkende påstander knyttet til bekjempelse av terror i Norge.» [vedtak 536]

I meir direkte tale kan ein sei det slik at opposisjonen uttaler at statsrådens sin Facebook-post viste mangel på (politisk) folkeskikk. Regjeringa har gitt  "en uforbeholden unnskyldning" frå Stortingets talarstol og justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug har etter ein del press gjort noko liknande. Ein kan alltids diskutere kor djupt erkjenninga stikk, men ein bør ta Regjeringa på ordet når den formelt har erkjent Stortinget sin kritikk. Folkeskikken skulle derfor ha blitt markert.

No har stortingsrepresentant Bjørnar Moxnespartiet (Raudt sin eine representant) sett fram eit forslag om mistillit mot den same statsråden:

"Justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug har ikke Stortingets tillit."

Mistillitsforslag er noko heilt anna enn eit spørsmål om folkeskikk. Ordninga med mistillitsforslag var ulovfesta konstitusjonell sedvanerett fram til februar 2007. Då gjorde Stortinget som konstitusjonell forsamling, den til eit grunnlovsbod i § 15.

Bakgrunnen for lovfestinga var at den konstitusjonelle forsamlinga samtidig fastsette Regjeringa si opplysningsplikt overfor Stortinget (Grunnlova § 82). Der står det i andre setninga at "[i]ngen medlemmer av statsrådet må leggje fram urette eller villeiande opplysningar for Stortinget eller eit stortingsorgan". I følgje innstillinga til grunnlovsvedtaket var det "naturlig og ønskelig med en slik grunnlovsbestemmelse [om mistillit] når det også foreslås å grunnlovsfeste regjeringens opplysningsplikt".

Mistillitsforslag er eit verkemiddel Stortinget nyttar for å stille regjeringsmedlemar til parlamentarisk ansvar. Ordninga gjeld Regjeringa og regjeringsmedlemmane sitt politiske ansvar overfor Stortinget.

Statsråd Listhaug har ikkje feilinformert Stortinget. Ho har ikkje brote opplysningsplikta.

Eventuelle meiningar om Listhaug er "personlig egnet" eller "populær", om regjeringskrise er opportunt no eller liknande som t.d. kommentatoren Aalborg trekk fram, er ikkje relevant for spørsmålet om parlamentarisk mistillit. Statsrådenes "egnethet" er regjeringssjefens ansvar. I spørsmål om tillit forheld Stortinget seg til statsrådane sine handlingar overfor Stortinget. Statsråd Listhaug si handling overfor Stortinget i denne saka er utelukkande å unnskylde Facebook-posten.

Forslaget om mistillit er etter dette useriøst.

Eit relevant døme kan vere mistillitsforslaget mot Riis-Johansen 18. juni 2010. Det lydde slik:

"Statsråd Terje Riis-Johansen har ikke oppfylt opplysningsplikten overfor Stortinget i saken om bygging av testsenter og fullskala CO2-rensing på Mongstad.

Statsråd Terje Riis-Johansen har ikke Stortingets tillit."

Dette er eit godt praktisk døme fordi det viser at det er manglande oppfylling av opplysingsplikta overfor Stortinget som er grunnlag for forslag om mistillit. Som kjent var det berre Framstegspartiet, Høgre, Kristelig Folkeparti og Venstre som røysta for dette forslaget, og det vart ikkje vedteke. Det bør heller ikkje partiet Raudts vedtak bli, - fordi det ikkje er grunnlag for parlamentarisk mistillit på det føreliggande grunnlaget.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt