Verdidebatt

Menneskerettane blir ikkje betre

Dei som tar til orde for å gjenforhandle menneskerettane, bør vakte seg vel. Sannsynet er størst for at dei vert dårlegare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

TENK DEG AT verda i dag ikkje hadde hatt nokre offisielle menneskerettar. Ingen menneskerettskonvensjonar. Ingen høgkommissærar for menneskerettar. Ingen europeisk menneskerettsdomstol. Tenk deg så at nokon fann på ideen å lage ein menneskerettskonvensjon, lik den FN eller Europarådet fekk på plass rett etter krigen.

Still deg så spørsmålet om du trur dette ville fungert i dag. Om vi i dagens politiske klima ville enda opp med like radikale og forpliktande menneskerettar som ein klarte å få på plass den gongen? Eg trur svaret er nei.

Livsfarleg. Derfor er det ikkje berre problematisk at land etter land no tar til orde for å gjenforhandle menneskerettane. Det er livsfarleg. For dersom menneskerettane ikkje lenger skal gjelde alle, risikerer vi at dei ikkje lenger gjeld nokon.

Akkurat no har Danmark formannsskapet i Europarådet. Det høvet nyttar den danske regjeringa – støtta av det høgrepopulistiske Dansk Folkeparti – til å forsøke å avgrense Den europeiske menneskerettsdomstolen, ikkje minst i asylsaker. Det betyr i praksis å svekke menneskerettsdomstolen i asyl- og innvandringssaker for å gje eit større spelerom for statane til å bryte menneskerettane.

Heldigvis har mange land allereie ytra seg kritisk til det danske forslaget, land som Tyskland, Frankrike og Sverige. Det står i kontrast til norske styresmakter, som så langt stillteiande skal ha støtta danskane. Det er alvorleg.

Utgliding. For ein må ikkje tru at dersom ein opnar for å omforhandle menneskerettskonvensjonane på eitt punkt (som innvandring), så vil andre land la denne moglegheita gå frå seg på andre punkt (som demokrati og rettsstat). Det er lett å tenke seg at land som Polen, Ungarn, Russland og Tyrkia har eit par floge å plukke med den europeiske menneskerettsdomstolen. For ikkje å snakke om kva Saudi-Arabia, Kina eller andre land vil ha av motførestillingar mot menneskerettane globalt. Det er altså desse kreftene Danmark no er i ferd med å gi meir vatn på mølla.

For sjølv om ideane om menneskerettane er universelle og tankegodset kjem frå tidlause tankar om menneskeverdet, var det eit spesielt augneblink i historia som gjorde det mogleg å gjere menneskerettane forpliktande for verdas statar. Det var i dei få åra umiddelbart etter andre verdskrig medan minnet om krigens gru framleis var sterkt, at tidsvindauget for å lage dei folkerettsleg forpliktande menneskerettane var mogleg.

Utsikt til Rhinen. For å illustrere dette viktige poenget vil eg dele ei historie Thorbjørn Jagland fortalte nyleg på eit møte eg deltok på. Han er no generalsekretær i Europarådet og såleis vaktaren over dei europeiske menneskerettane. Historia var frå Vest-Tyskland, då Jagland hadde ei leiande posisjon i den sosialistiske internasjonalen.

Jagland arbeidde på den tida mykje saman med den tyske forbundskanslaren Willy Brandt, og denne gongen møttest dei ein stad i Bonn med utsikt til Rhinen. Brandt peika ned på ei av bruene som kryssa Rhinen og fortalde Jagland at det var den einaste brua som allierte styrker kunne ta seg over då dei var på veg mot Berlin i 1945. Resten av bruene var øydelagt av krigen sine herjingar. Brandt snakka om tragedien i at dei allierte ikkje hadde hatt anna val enn å landsette titusenvis av soldatar i Normandie til tross for at ein visste at det ville gå med ei vanvitig mengde menneskeliv berre dei første femten minutta.

Alle eller ingen. Brandt delte så ein refleksjon om at dette skjedde fordi ein i Nazi-Tyskland hadde gitt menneske ulike rettar. Brandt sa så: Anten må menneskerettane gjelde for alle, eller så vil dei snart ikkje gjelde for nokon.

Menneskerettane vi fekk etter krigen er det beste vi får. Å tru at vi kan forbetre dei i dagens klima med framveksande populisme, framandfrykt og nasjonalisme er ikkje berre naivt. Det er farleg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt