Verdidebatt

Det forsømte folket i Nord-Korea

Bak sjarmen Nord-Korea viser under OL, løyner det seg eit like brutalt regime som før. Det fortel desperate flyktningar. Men ikkje alt er som før.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For sjølv om det brutale regimet i Nord-Korea ikkje endrar seg, endrar folket seg bak det nøye regisserte biletet regimet teiknar.

Sanksjonane må ikkje vera så harde at dei øydelegg denne utviklinga. Åtvaringa kjem i ein fersk rapport om Nord-Korea. Ein del, ikkje minst unge, i landet klarar nemleg i større grad enn før å prega eigne liv med inntekter frå privat handel, trass i regimet, konkluderer trusfridomsorganisasjonen Christian Solidarity Worldwide (CSW).

For å slå det fast: For trusfridom har det ikkje skjedd noko som helst positiv utvikling. Om vi ser bort frå fedredyrking og spådomskunst (og ørsmå statskontrollerte samfunn av buddhistar og kristne) er det svært avgrensa utøving av religion. Folk vågar ikkje, fordi straffene er så harde.

«Eg høyrde aldri om Gud i Nord-Korea. Eg såg ein buddha i eit tempel ein gong, men eg møtte aldri kristne. Om nokon vart avslørt å vera kristen, ville vedkomande straks bli skoten,» seier ein flyktning som CSW har intervjua.

Slo alarm

Vi har vore gjennom ein periode med krigersk retorikk mellom USA og Nord-Korea og testing av nord-koreanske rakettar og atomvåpen. Men det er lett å gløyma folket i landet, også når Nord-Korea har slått på sjarmen under OL der det skjer ei viss politisk oppmjuking.

For ti år sidan slo CSW alarm om brutaliteten i Nord-Korea: det skjer brotsverk mot menneskeslekta i form av mord, forsvinningar, tvangsarbeid og slaveri, vilkårleg fengsling, tortur, forfølging og valdtekter.

Ti år etter har CSW, så langt det er råd utan å koma inn i landet, kartlagt endringar som elles går under radaren. Organisasjonen har intervjua kring 100: Folk som har flykta frå Nord-Korea og deira organisasjonar, FN-representantar i Sør-Korea, akademikarar, journalistar og internasjonale menneskerettsorganisasjonar som arbeider med Nord-Korea.

Eitt av dei slåande funna er at folk frå å vera totalt avhengige av staten for all varedistribusjon, har fått grå marknader for privat handel. Det er også blitt ein veksande illegal marknad med smugling frå Kina.

At folk som bryt reglane, har klart seg, vil påverka forholdet mellom folk og regime, heiter det. Men dei grå og svarte marknadane er ikkje i seg sjølv ein direkte trussel mot makta. Regimefolk er nemleg ofte sjølve involverte og ved å krevja pengar eller varer under bordet.

Ekstremt døme
I dette grå systemet er det dei som klarar å kjøpa seg fri frå straff. Andre klarar å smugla filmar ved bestikkelsar. I aukande grad har unge også fått tilgang på mediespelarar som dei enkelt kan kopla frå PC-en og gøyma dersom politiet brått kjem på døra for å sjekka om dei har ulovlege filmar på datamaskina. Det er underhaldning som blir smugla inn, ikkje samfunnsstoff. Likevel skaper dette ein viss kritikk av den omfattande statlege propagandaen.

– Vi kan ikkje avvisa at det har skjedd små, positive utviklingstrekk i levekåra inne i Nord-Korea. Men det er farleg å seia at det har skjedd ei vesentleg utvikling til det betre, og definitivt ikkje når det handlar om dei mest alvorlege brota på menneskerettane, heiter det i CSW-rapporten.

Ikkje høyrt om menneskerettar
I 2009 blei 'menneskerettar' inkludert i grunnlova. Men lovgjevinga ligg langt under internasjonal standard, og det er langt mellom lov og realitet. Mange av flyktningane som Christian Solidarity har møtt, har aldri høyrt ordet menneskerettar. Andre har høyrt ordet knytt til FN-krav. Andre igjen seier at «menneskerettar er berre for dei privilegerte, ikkje for vanlege folk».  Dette er framleis eit land med sitt eige kastesystem som gjer at tilgang på tenester er basert på antatt lojalitet til regimet.

Det kjem ut enkelthistorier om betre behandling av fangar. Men frå leirar for politiske fangar er rapportane like illevarslande som før. Ein 50 år gammal respondent fortel CSW at fleire enn før blir sperra inne i politiske fengsel. Det gjeld også folk som har prøvd å flykta.

Kontrollen ved grensa mot Kina er blitt forsterka, også på kinesisk side, og Kina sender systematisk folk som prøver å flykta, tilbake til brutale fangenskap. Ein del av dei som klarar å flykta, får hjelp av Helping Hands Korea, partnar for Stefanusalliansen.

Derifrå får vi alvorlege meldingar både om at kvinner blir utsette for menneskehandel på kinesisk side – og om at færre enn før klarar å koma seg unna diktaturet i Nord-Korea.

Denne veka fekk vi melding om at ein innsamlingsaksjon i regi av Stefanusalliansen før jul, har gjort at 20 desperate flyktningar frå Nord-Korea er komen trygt ut av Kina.

Skadeverknader
Sanksjonar blir brukt for å pressa regimet til å stoppa atomprogrammet. Christian Solidarity Worldwide reiser tvil om bruken av sanksjonar. Potensielt kan dei kutta av dei banda som folk har skaffa seg til verda utanfor og ramma den private handelen som gir folk eit betre liv enn dei hadde då alle var totalt avhengige av staten, åtvarar CSW.

Det er difor viktig at dei som brukar sanksjonar, forstår den faktiske situasjonen inne i landet og dei følgjene sanksjonar kan ha på den humanitære situasjonen og menneskerettane. Dei sanksjonane som ein finn nødvendige, må vera svært målretta.

Det finst knapt ein einaste menneskerett som ikkje blir broten i landet. Men frå det internasjonale samfunnet er det få som verkeleg har protestert mot dette og mot den delvis grufulle behandlinga av flyktningar i Kina – det kan vera kostbart å ta dette opp i ei tid då handel med supermakta står høgt på dagsorden.

CSW ber dei som vil pressa Nord-Korea, om å samarbeida med folk som har flykta og med menneskerettsorganisasjonar som arbeider med Nord-Korea for å finna gode måtar å pressa regimet på..

Vi må ikkje godta diktaturet. Det nord-koreanske folket må ikkje lenger vera det forsømte folket. Vi ber igjen den norske regjeringa ta på seg rolla for å hindra at det skjer.

(Ei lett oppdatert utgåve av ein kronikk som først blei publisert i Vårt Land 14.2.2018)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt