Verdidebatt

Når liberal blir autoritær

Regjeringspartia har med si ny-definerte sekulære plattform tatt opp kampen mot mangfaldet. I eit hasteprega svar til Stortinget slår den ferske Høgre-ministeren for vidaregåande opplæring fast at rektor ikkje er ein sentral trusformidlar i ein kristen skole. Leiaren skal altså ikkje vere visjonsberar eller den fremste verdiformidlaren. Konklusjonen vil neppe stå seg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Hensikta med samlinga av likestillings- og diskrimineringslovgjevinga i 2017 var ikkje å skjerpe lova sine unntaksområde når det gjeld trusbasert verksemd. Det som ligg ved sakhandsaminga i Stortingets lovarbeid med tilsettingsretten i 2013, er derfor viktig å dra inn. Då stod det sentralt at det er rom for sakleg forskjellsbehandling på grunnlag av samlivsform når det er ein del av den trusbaserte verksemda sine verdiar. Trusbasert verksemd må ha ein avgjerande rett til sjølv å definere på kva måte ulike stillingar skal vere retta mot verksemda sitt trusmessige formål.

Venstres kjør mot tilsettingsretten bryt sterkt mot to berande forhold. Det første er samanblandinga av liberalt med autoritært. Partiet vil bruke makt mot religion og livssyn ved å avgrense fridomen til å vere minoritet. Demokratiet kvalitet blir likevel ikkje berre blir målt på at fleirtalet bestemmer men på kva rom det gir for mindretalet. Her bryt både Venstre og statsråden frå Høgre med sann liberalitet og hamnar i ein autoritær posisjon. Venstres stortingsmann Grimstad argumenterte på Dax18 med at Normisjons syn på ekteskapet er sært og gammaldags. Slike haldningar ville han som liberal ikkje ha noko av.

For det andre viser Venstres og statsrådens haldning ein fullstendig mangel på forståing av kva religion og livssyn er. Både Grimstad og Sanner følgjer opp regjeringserklæringa når den viser det som har med tru og livssyn til det private rommet. Ministeren for skole burde i alle fall vite betre. Allereie på mellomtrinnet i grunnskolen lærer borna at eit livssyn har minst tre berande komponentar; eit verdsbilde eller syn på røyndomen, eit syn på mennesket og ei lære om moral, altså etikk. Dersom livssyn er så omfattande, kan dei ikkje forvisast til det private rommet. Tru og livssyn er av natur offentleg og peikar mot eit livssynsope samfunn.

Tru og livssyn handlar om ei heilskapleg forståing av livet. Tru blir ikkje utøvd berre under andakt og gudsteneste eller i timar med trusundervisning. Kristne skolar har ikkje tenkt elitistisk om kven som har del i skolens totale oppdrag, som om det skulle vere ei klasseskilje mellom dei tilsette. Alle er med å bygge heilskapen, ikkje berre kristendomslærar, skoleprest og rektor. Den kristne skolen tar som utgangspunkt at alle tilsette er trusformidlarar, i gjerning, og når det krevst, også i ord.

Vi treng sant liberale politikarar med prinsipiell styrke og klårleik  å stå opp for det dei sjølve ikkje identifiserer seg med. Elles hamnar vi i det autoritære, men kva er då poenget med livssynsmessige alternativ i skolepolitikken?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt