Verdidebatt

Tida før 60-talet skal ikkje romantiserast

Seksuell frigjering på 60-talet er ikkje grunnen til at mange opplever seksuell trakassering i dag.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei siste vekene har eg sett mange som skriv at grunnen til at me no har #MeToo er manglande seksualmoral og at samfunnet har forlatt kristen samlivsetikk. Mange trekk fram 60-talet som tida då alt skifta og då kristen samlivsetikk vart vraka.

Det er mykje som kan bli sagt om den seksuelle revolusjonen på 60-talet og det den førte med seg, og dette skal for all del ikkje romantiserast. Samstundes er det mange grunnar til å ikkje seie at dette førte direkte til #MeToo-kampanjen.

Me må ikkje gå rundt å tru at fram til 60-talet var alt berre fint og flott og det skjedde ingen overgrep fordi alle følgte den kristne samlivsetikken. Tvert i mot opplevde mange, spesielt jenter, at grensene dei sette ikkje vart respekterte. Og dei hadde ingen stad å gå, ingen å vende seg til for å seie at dei hadde opplevd overgrep. Vart dei gravide kunne dei ikkje rekne med store støtta om dei ikkje var gifte.

#MeToo-kampanjen starta som ein kampanje om openheit for dei som har opplevd seksuell trakassering. Det er enno ein lang veg å gå, men i større grad enn før seier folk i frå når dei har opplevd valdtekt eller andre former for grenseoverskridande åtferd. Fordi dei kan rekne med å bli tatt seriøst og bli trudd på.

Det er mange årsaker til dette, og eg vil ikkje hevde at 60-talet og seksuell frigjering er grunnen. Men «hysj-hysj-kulturen» hjelpte i alle fall ikkje jenter med å seie i frå om dei vart utsette for seksuelle overgrep.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt