Verdidebatt

Kva ville Månestråle gjort?

Kvite forklaringar er ikkje nok til å forstå eit indianarkostyme.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var den draumen me bar på, me tolv år gamle jenter på 1980-talet: At noko vidunderleg skulle skje, at me plutseleg blei Månestråle. Denne veka fekk Siv Jensen endeleg leva ut draumen, då ho dukka opp på Finansdepartementet sin haustfest i eit indianarkostyme av semska skai. Eit slikt kunne eg gitt høgrearmen min for som tolvåring.

Men så dukkar den nyvalde sametingspresidenten Aili Keskitalo opp som haustfestbrems og kallar det «smakløst» å kle seg ut som indianar. «Urfolks kulturer og verdifulle symboler burde ikke brukes som kostymer. Dette henger dessverre igjen fra en slags kolonist-holdning», sa ho til VG.

Patetisk

Når går diskusjonen varm mellom dei som støttar Keskitalo sin kritikk og den store kvite flokk som støttar Jensen. Statssekretæren hennar, Petter Kvinge Tvedt, slår fast at «kostymet til Jensen er helt uproblematisk» og oppfordrar sametingspresidenten til å ha «litt mer glimt i øyet». Skribenten Esther Moe går lenger. Ho ser det kritiske urfolks-perspektivet som ein del av «den patetiske krenkomanien». For henne får det smak av offerrolle og martyrium, den påfører oss eit dårleg samvit som ingen orkar i lengda. NRK gjer urfolk inga teneste «ved å la krenkt-opplevinga bli ramma rundt deira anliggende».

Nei, då er det betre å la vera å ringa dei for kommentarar, og la oss majoritetsfolk vurdera dette rasjonelt. Å få beskjed om å ikkje vera humørlaus og lettkrenkeleg er ein «klassisk situasjon», seier sametingspresidenten. Amerikanare har eit dekkjande omgrep for slikt. Dei kallar det «whitesplaining» når den kvite majoriteten «forklarar» det dei ikkje kjenner på kroppen. Kronargumentet er gjerne dette: Det er ikkje vondt meint!

Det er også Esther Moe sitt argument. «Krenkomanien har mange patetiske sider ved seg. Men det verste og det farlege er at den byggjer oppunder oppfatninga om at det meste er gjort i vond vilje og med eit ønske om å såra.» VG-kommentator Anders Giæver peikar på det same, han meiner det er «fruktbart å skille mellom hva som er ondsinnet intensjon, og hva som bare er ment som harmløs moro, før man lar seg fornærme.»

Lukkeleg tankeløyse

Her er me ved kjernen. Kven er det som trur at Siv Jensen eller me andre i indianar-kostyme ønskjer å såra urfolk? Kven trur det handlar om vondsinna intensjonar? Det me blir skulda for, er å vera tankelause. Tankeløyse er aldri vondt meint. Men når ein insisterer på å få behalda den lukkelege tankeløysa som plagar andre, vitnar det i det minste om ein viss uvilje til å bry seg.

«Kva er det vakraste du veit?» spurde eg Aili Keskitalo for eit par dagar sidan. (Når ein jobbar med eit blad, dukkar slike sjansar opp.) Svaret var å høyra døtrene snakka saman på samisk og kunna uttrykkja dei inste følelsane sine på morsmålet. «Det gikk jeg selv glipp av som barn», sa ho nøkternt. Den velmeinte fornorskingspolitikken er sjølvsagt grunnen. La oss ikkje gå vidare på lista over alle overgrepa urfolk har blitt utsette for av «god vilje». Sjølv om sinnelagsetikken har ei høg stjerne hjå oss lutherske nordmenn, er den sjeldan nok.

Når urfolk ber majoritetsfolk om å slutta å kle seg ut som dei, anten det er som Månestråle eller i irrgrøne tulle-samekofter på Kiwi-fest, er dei altså totalt uinteresserte i sinnelaget, humoren eller fascinasjonen som ligg bak.

Å henta fram den lutherske verdien «audmjukskap» i staden, og kanskje lytta etter kva som kan skapa forsoning, er vel ingen vinnar på lått og løye-fronten. Men det er muleg stemninga kan bli rimeleg god etterpå.

Først publisert i Vårt Lands spalte Tendenser, 19. oktober, 2017.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt