Verdidebatt

Opplysningsvesenets fond – tilhøyrer det folket eller Kyrkja?

Human-Etisk Forbund, andre ateistiske eller ikkje-kristne trus- og livssynssamfunn saknar tilknyting til føremålet med midlane i Opplysningsvesenets fond. Det føremålet godset var meint for frå gjevar eller stiftar av verdiane, bør respekterast. Å legge til grunn at gjevar var under tvang er udokumentert og synest i tillegg å vere uttrykk for ei paternalistisk haldning overfor folk med eit anna livssyn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Styreleiar Tom Hedalen i Human-Etisk Forbund (HEF) ga i Vårt Land 17. juli og på verdidebatt.no 14. juli uttrykk for at Opplysningsvesenets fond (OVF) høyrer til "folket, gjennom staten" fordi "verdiene i fondet stammer fra en tid uten religionsfrihet, bl.a. betalt som avlat til det som før reformasjonen i 1537 var Den katolske kirke i Norge". Synspunktet kjem frå ein uttale frå HEFs landsmøte 11. juni 2017.

Human-Etisk Forbund kan sjå ut til å bygge på at menneska i middelalderen disponerte midlane sine under eit slag tvang og at disposisjonane derfor ikkje skal respekterast. Dette verkar som ei historielaus samtidsarroganse.

Juridisk er retten til fondsverdiane langt på veg avklart. Høgsterett uttalte i OVF-saka i 2010 at «[f]ondets verdier er gjennom Grunnloven etablert som en selvstendig, formålsbestemt, formuesmasse. Det er forutsatt over meget lang tid av lovgiver, nettopp under henvisning til grunnlovsvernet, at fondet ikke kan disponeres på annen måte enn hva som ville vært tilfelle dersom det må betraktes som en selveiende stiftelse eller som tilhørende et rettssubjekt som kan angis som «Kirken».» (Understrekingar er lagt til.)

Høgsterett avgjorde ikkje den formelle eigedomsretten til OVF med denne uttalen. Retten avgjorde likevel langt på veg den funksjonelle retten til OVF, dvs. at føremålet med formuen som ligg til OVF, er knyta til Kyrkja som rettssubjekt.

Etisk. Heretter i innlegget legg eg opp til ei etisk vurdering. Det vil likevel kunne vere stor grad av samanfall mellom etiske og juridiske argument. Høgsterett viser mellom anna til at grunnlovsfedrane i 1814 la vekt på at ein «ikke havde Ret til at gjøre Brud paa Testatorernes Villie» eller «anvende det beneficerede Gods udenfor Giverens Hensigt». Nettopp respekten for vilja til gjevarane eller dei som på anna vis la grunnlaget for verdiane i fondet, bør her vere avgjerande.

Prestebordsgodset. Verdiane som ligg i dagens fond, stammar frå det som er kalla prestebordsgodset. Det kyrkjegodset kongen nasjonaliserte i 1536 var i tre kategoriar:

1. Bispe- og klostergods,

2. Kyrkjegods i eigentleg meining, dvs. gods som låg til den enkelte kyrkja til vedlikehald og drift av den (fabrikkgodset) og

3. Prestebordsgodset, dvs. gods som låg til det enkelte soknekall og tente til underhald for presten.

Bispe- og klostergodset vart inndrege av kongen straks etter nasjonaliseringa av kyrkja. Fabrikkgodset vart inndrege for mellom anna å finansiere den dansk-norske kongens krigføring i hundreåra deretter, medan prestebordsgodset stort sett var intakt til 1814. Unntaket var 300 sivile og militære embetsgardar som vart utlagt frå prestebordsgodset i åra 1794 til 1848.

Det som no er att og er forvalta i Opplysningsvesenets fond, er altså frå prestebordsgodset. Avkastninga av verdiane i prestebordsgodset vart under naturalhushaldet nytta til livsopphald for prestane, - eller løn som vi ville sagt no. I dag svarar det til midlar nytta til kyrkjedrift utanom vedlikehald og drift av kyrkjehus og kyrkjegardar som fell i kategori 2 ovanfor (dvs. fabrikkgodset).

Sjelegåver og avlat. Ole-Wilhelm Meyer, direktør for Opplysningsvesenets fond, opplyste i Vårt Land 16. juni (verdidebatt 15. juni) at praksisen med sjelegåver i den katolske kyrkja høyrde seinmiddelalderen til og at mottakarane var kloster og sentralgeistlighet. Som vist ovanfor vart bispe- og klostergodset konfiskert av kongen under reformasjonen.

Opplysningsvesenets fond som er restane av prestebordsgodset, - og altså ikkje bispe- og klostergods, - inneheld etter det resonnementet ikkje midlar som stammar frå sjelegåver.

Neste spørsmål er om det inneheld midlar frå avlatshandel slik HEF hevdar. Det er det i utgangspunktet opp til HEF å godtgjere, men vi kan vurdere sannsynet.

Avlat var forstått som ettergjeving av tidsavgrensa straff, der skulda alt var tilgjeven. Ettergjeving kunne ein få ved t.d. bøn, miskunnhandlingar og almisser. På Luthers tid hadde dette utvikla seg til misbruk med sal av avlatsbrev til mellom anna finansiering av Peterskyrkja i Roma. Det er vanskeleg å sjå at dette misbruket, - som var særleg utbreidd i Tyskland, - kan ha ført midlar til prestebordsgodset i Norge.

Påstandar om at Opplysningsvesenets fond inneheld midlar frå sjelegåver og avlat er svakt grunna. Og om so skulle vere, står det att å godtgjere at det derfor hefter noko ved legitimiteten til midlane. Når det gjeld opphavet til prestegardane synes det elles som historikarane mest har hypotesar, og at det ikkje er nokon gjennomgåande liner.

Legitimitet. Dersom ein spør etter historisk og aktuell etisk legitimitet for eigarskap til prestebordsgodset, må ein etter mitt syn ta utgangspunkt i viljen til personane som stod bak stiftinga av prestebordsgodset. Det er eit allment godteke omsyn at ein skal respektere viljen til t.d. gjevarar og arvelatarar så langt den kan identifiserast, gåva eller arven er motteken og gjevars vilje dermed akseptert samt at viljen elles let seg gjennomføre på ein meiningsfull måte. Det siste er fullt mulig når det gjeld Opplysningsvesenets fond.

Føremålet med prestebordsgodset var å sikre prestetenesta i den lokale kyrkja, dvs. gudstenester, dåpsopplæring og liknande. Legitimitet til eigarskapet har etter mitt syn kyrkja som har kontinuitet tilbake til dei første gudstenestene i landet og til den perioden prestebordsgodset vart oppretta til fordel for den lokale kyrkja, samt kontinuitet ved tilknyting til dei oldkyrkjelege truvedkjenningane.

Prestebordsgodset vart oppretta for å halde oppe prestetenesta i den lokale kyrkja, - ikkje for paven i Roma. Den lokale kyrkja vart etter reformasjonen oppretthalden gjennom det som i dag er Den norske kyrkja, og etter kvart i tillegg gjennom frikyrkjer.

Den romersk-katolske kyrkja har etter dette resonnementet ingen særlege etiske rettar til fondet. I dag er likevel den romersk-katolske kyrkja i Norge, saman med andre kristne kyrkjesamfunn, ein del av den lokale kristne kyrkja som vedkjenner seg til dei oldkyrkjelege truvedkjenningane. I så måte er det i samsvar med vilja til dei som oppretta prestebordsgodset, at Opplysningsvesenets fond støttar heile den kristne kyrkja i Norge. I praksis vil det kunne by på vanskar å forvalte og tildele OVF-midlar ut frå eit så breitt føremål, men etisk kan det forsvarast.

Human-Etisk Forbund, andre ateistiske eller ikkje-kristne trus- og livssynssamfunn saknar tilknyting til føremålet med midlane i OVF. Det føremålet godset var meint til frå gjevar eller stiftar av verdiane, bør respekterast. Å legge til grunn at stiftar eller gjevar var under ei form for tvang er udokumentert og synest i tillegg å vere uttrykk for ei paternalistisk haldning overfor folk med eit anna livssyn.

Opplysningsvesenets fond tilhøyrer Kyrkja, – både i juridisk og etisk meining.

(Vårt Lands redaksjon bad i juli om ein tekst basert på ein kommentar til Hedalens innlegg. Redaksjonen publiserte teksten i papiravisa og på Verdidebatt med ei villeiande overskrift og ein ingress som var misvisande i forhold til bodskapen i teksten. Dette er korrigert her og teksten er i tillegg utvida.)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt