Verdidebatt

"Hit eit steg - og dit eit steg .."

Dersom KrF tar eit nytt steg bort frå «den tredje veg» over mot høgre, vil dei fleste forstå det som eit historisk linjeskifte. Det vil over tid påverka og endra både partiets sjølvforståing og korleis folk flest og media ser på KrF. Svært mange av oss vil også slita med å kjenna igjen det partiet vi fortsatt har eit slags kjærleiksforhold til.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Hit eit steg, og dit eit steg ...», song Ingebrigt Davik i min barndom. Dersom vi heng på eit spørsmålsteikn, kan strofa på ein god måte illustrera dei politiske utfordringane etter eit stortingsval som har gitt regjeringa ekstra hovudbry og større handlingsrom for opposisjonen.

KrF's paradoks og dilemma
Korleis manøvrerer partia i dette uryddige farvatnet? For Knut Arild Hareide er situasjonen på sett og vis paradoksal. Samtidig som han er skipper på ei skute som har tapt veljarar og stortingsmandat, har han fått nøkkelmakt til å avgjera kven som skal styra landet, og kor lenge. Han sit på skuldrene til partiveteranar som har vore opptatt av å profilera KrF som «ein tredje veg» i norsk politikk, midt mellom parti med sosialisme og kollektivisme som ideologisk fundament og parti med liberalisme som grunnideologi. Dette standpunktet står seg og er meir solid forankra i partiet enn på lenge», skreiv Hareide sjølv i 2015.

Reaksjonane etter valnederlaget reiser likevel tvil om kor djupt forankra standpunket om «den tredje veg» er i delar av partiet sitt grunnfjell. Dagens Vebjørn Selbekk, som i lang tid har vore ein ramsalt kritikar av Hareides ideologiske og politiske kurs, gir klar melding om at KrF står i fare for å havarera ved neste val dersom partiet ikkje dreier kursen tydeleg mot høgre og avlyser motstanden mot forpliktande FrP-samarbeid. Fleire tillitsvalde i partiet, særleg i sørvest, gir redaktøren støtte og ber skipperen leggja kursen fleire hakk mot styrbord, dvs. høgre.

Tre nøkkelspørsmål                                                                                      Ingen parti kan ta lett på svake valresultat; dei lever av tillit frå veljarane. Samtidig er det viktig for ei partileiing å halda hovudet kaldt og hjarta varmt. Å bli tatt av vinden og leggja om kursen på grunnlag av vonbrot, tapte posisjoner og nærsynt og kortsiktig taktikk kan vera skummelt. Mange har gjort dei same erfaringane som den legendariske greske hærføraren og statsmannen Pyrrhos: Kortvarig gevinst kan kosta skikkeleg dyrt på lengre sikt.

Eg skal ikkje her bruka spalteplass på å argumentera for mine private konklusjonar. Men eg vil gjerne gi partiet tre råd om prosessen dei har starta opp:

1. Sjå til at dei strategiske vegvala blir solid forankra i partiets ideologi og sjølvforståing, ikkje i kortsiktig kost-nytte-vurdering.                       Kva er partiets sjel, og kva vil vi folk skal kjenna KrF mest tydeleg igjen på framover? Har partiet sterke ideologiske og politiske grunnar for å dempa ned sentrumsprofilen og ta eit nytt steg mot høgre og permanent plassering i ei borgarleg blokk der også eit liberalistisk og til dels populistisk ytre høgre høyrer med?

2. Bruk partiets historie som kjelde til læring og kloke framtidsval.     Kva har vore suksessformelen i dei periodane når KrF har skapt entusiasme og oppslutning langt utover eige grunnfjell? Kva veit vi om årsakene til det dramatiske tapet av veljarar frå 13,7 % i jubelåret 1997 til 4.2 % ved katastrofevalet i 2017? Kven er dei mange som partiet har mista undervegs, kor har dei gått og korleis kan mange av desse vinnast tilbake?

3. Sjå inn i glaskula for å avklara kva rolle partiet vil spela for å setja tydeleg fotavtrykk på samfunnsutviklinga fram mot 2030.                   Kva blir 2020-talets store politiske saker og utfordringar? I lys av dette: Kva skal vera KrF's langsiktige politiske prosjekt, og korleis kan partiet med si verdiforståing og sine tre ideologiske beresøyler vera med på å setja dagsorden og opplevast som relevant langt utover kyrkje og bedehus? Eller ønskjer partiet i staden å spissa profilen, bli smalare og ha eit skjerpa fokus på typisk kristne hjarte- og åndskampsaker?

Eit krevjande vegval                                                                                              Svara på slike nøkkelspørsmål, ikkje spørsmål om posisjonar og kortsiktig gevinst, må avgjera partiets framtidige vegval. Hareide og resten av partileiinga har ein krevjande jobb framfor seg. Heller ikkje KrF er nokon søndagsskule. Tydelege val vil gjera mange skuffa. Det er nemleg med politikken som med teologien: Nokre held seg til Paulus, andre til Apollos.

Knut Arild Hareide har på eitt vis rett når han poengterer at KrF’s sjel ikkje ligg i synet på samarbeid. Samtidig kjem vi ikkje bort frå at samarbeidsstandpunkt er og må vera tett lenka opp til ideologisk og politisk sjølvforståing. Også idag gjeld den gamle sanninga om at berre hus som er bygde på fjell, vil bli ståande etter at ulike "Irmaer" har rasa frå seg. Parti som lar seg freista til å styra etter skiftande vindar og kortsiktig taktisk vurdering av nytte kontra kostnad, står i fare for å bli som ein drivande kork på vatnet, utan tydeleg retning. Det er over tid lite berekraftig.

Høgre-om eller "tredje veg"?                                                                          «KrF må belage seg på at det vil koste å ta ansvar, uansett hva slags samarbeid som avtegner seg etter valget i 2017», skreiv KrF-topp i Oslo bystyre Erik Lunde i 2015. Knut Arild Hareide har i sine kommentarar etter valet gitt han rett. Partiets utfordring er no: Vil skipperen frå Bømlo bli pressa til å leggja kursen høgre-om og gå inn i ei eller anna form for forpliktande samarbeid med eit parti som ideologisk og politisk på saksområde etter saksområde er eit «Atlanterhav» unna? Eller vil vi framover sjå KrF manøvrera etter dagens ideologiske samarbeidskompass, slik Erik Lunde har formulert det: «For et kristendemokratisk parti må det uansett være maktpåliggende å sikre at samarbeidet har en sterkest mulig forankring i det politiske sentrum, og at ytterfløyenes innflytelse reduseres. Det er å være en tredje vei i praksis.»


Quo Vadis, KrF?                                                                                                   Hit eit steg – og dit eit steg ..? KrF tok i 2013 eitt steg mot høgre for å testa ut forpliktande politisk samarbeid med FrP. Erfaringane førte til at partiet i 2017 har tatt eit steg tilbake. Eit regjeringssamarbeid som i 2013 var «lite sannsynleg», er i 2017 utelukka. Partiet har vore klart på sin preferanse om Erna Solberg som statsminister, men har ikkje villa gjenta garantien om at borgarleg fleirtal skal gi borgarleg regjering i fire nye år. Valresultatet viser at denne strategien gav stor veljarlekkasje, både mot høgre og venstre.

Quo Vadis, KrF? Dersom partiet tar endå eit steg bort frå «den tredje veg» over mot høgre, kan ein prøva å forklara vegvalet som strategisk, ikkje ideologisk. Dei aller fleste vil nok likevel forstå det som eit historisk linjeskifte. Det er liten tvil om at det vil påverka og endra både partiets sjølvforståing og korleis folk flest og media ser på KrF. Svært mange av oss vil også slita med å kjenna igjen det partiet vi fortsatt har eit slags kjærleiksforhold til.

Og over tid vil det nok også gjera noko med KrF’s sjel. Det er nemleg slik at sjela vår viser seg fram gjennom handlingane våre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt