Verdidebatt

Vippemakt og berekraftig styring

Mi stemme vil gå til eit vippeparti som vågar å setja kjepphestar på båten og samarbeida med andre styringsparti, i posisjon eller konstruktiv opposisjon, for å bidra til forandring med forankring og innsnevra rommet for politisk populisme og blokkpolarisering.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg ser på valet på mandag som eit viktig retningsval. Konfrontert med morgondagens store og krevjande utfordringar treng vi fleire visjonære politikarar som evnar å sjå lengre fram enn til neste val. På heimebane er det behov for langt meir ansvarleg og nøktern forvaltarøkonomi enn den lite berekraftige oljepengebruken vi har sett i mange år. Dei internasjonale utfordringane ropar på større felles vilje til å ta eit politisk, solidarisk og moralsk ansvar over landegrensene. Klimaendringane etterlyser politikarar som har mot til å erstatta «venta og sjå» med å tenkja og handla radikalt. Teknologiutviklinga stiller oss overfor krevjande etiske val som inneber at vi kan koma til å ta nye steg bort frå sjølve grunnmuren i det verdimessige arvegodset vårt, ei erkjenning av at alle menneske har like stor verdi.

Vippepartias val?
Rett før valdagen er den politiske og parlamentariske situasjonen heilt open. Få, om nokon, vågar å satsa mykje pengar på om den neste statsministeren vil heita Erna Solberg eller Jonas Gahr Støre. Svært mykje tyder på at begge dei to største partia vil koma svekka ut og trenga støtte frå parti langt ute på fløyen for å kunna etablera eit parlamentarisk grunnlag for eit skjørt fleirtal. Det kan bli vippepartias val og stortingsperiode.

"Forandring med forankring"

«Forandring med forankring», var Dagfinn Høybråtens parole då han for om lag ti år sidan stod i bresjen for ein intern utviklingsprosess i KrF. I dag kan orda gjerne vera ein god visjon for arbeidet med å byggja det nye Norge og leggja grunnlaget for det grøne skifte og anna omstilling som må koma. Alt kan ikkje vera som det har vore. Samtidig bør vi vera på vakt mot raske reformeksperiment som ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til nasjonale særtrekk, folks kvardag og det beste av arvegodset vårt.

Vi treng politikarar som er lydhøre for ropa frå dei som har klatra opp på skuldrene til «oss gamle». Vi treng langt større klimapolitisk mot enn det Erna Solberg og Jonas Gahr Støre fram til no har vist. Derfor treng dei å kjenna pusten frå dei mindre partia i nakken. Begge to leier store styringsparti som slit med tilliten i folket. Dersom dei kjem ut med under 50 % oppslutning samla sett, bør dei høyra alarmklokkene ringa.

Ansvarleg vippemakt?
Men situasjonen legg også eit tungt ansvar på dei mindre vippepartia, spesielt dei partia som ligg plassert i sentrum. Saman med dei største styringspartia har sentrumspartia eit særskilt ansvar for å skaffa fleirtal for berekraftig styring med ein politisk retning som har relativt brei tillit hos veljarane. Lite tyder på at Erna Solberg på mandag får auka støtte til å føra vidare blåblå politikk saman med FrP, spesielt etterat KrF (og delvis Venstre) har sett foten ned for det. Men også Jonas Gahr Støre kan koma til å sitja med den same utfordringa dersom valresultatet gir han fleirtal med vippemakt til parti på ytterste venstre fløy.

Det ser altså gå mot ein stortingsperiode med små vippeparti i fokus. Det treng ikkje vera negativt for demokratiet vårt. Men det kan samtidig gi lite politisk stabilitet i ei tid med stort behov for berekraftig styring.

Mi stemme vil gå til eit ansvarleg vippeparti som viser vilje til å ta medansvar for å skaffa landet ei regjering som kan sikra berekraftig og stø styring framover på 2020-talet og mot 2030. Eg ser etter det vippepartiet som eg har størst tru på vil våga å setja kjepphestar på båten og samarbeida med andre styringsparti, i posisjon eller konstruktiv opposisjon, for å bidra til forandring med forankring og innsnevra rommet for politisk populisme og blokkpolarisering.

Per i dag ligg Knut Arild Hareide klart best an.

Godt val!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt