Verdidebatt

Kva er kyrkja si oppgåve?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein liten notis på side 21 i Vårt Land for 3.januar fortener ein kommentar. Det er eit sitat frå Steinar Ims som har skrive leiarartikkel i ”Nytt norsk kirkeblad”, utgjeve av Det praktisk teologiske seminar ved Universitetet i Oslo. Ims skriv  om ”Kirkens oppgåve”. Det er i flg avisnotisen ”å frigjøre og myndiggjøre mennesker i møte med livet”.

Og eg som alltid har trudd og lært at kyrkja si oppgåve hadde noko med Gud å gjere. Med Kristus å gjere. Noko om å leggje eit grunnlag for eit liv i tru på Jesus. Ei tru som vert skapt ved Anden gjennom evangeliet og sakramentforvaltinga.

Eg må ta atterhald om at den korte avisnotisen ikkje gjev eit fullstendig bilde av kva Ims og praktisk teologisk seminar ved TF eigentleg står for, men om dette vesle sitatet frå leiarartikkelen er dekkjande for ei offisiell meining derifrå, då bør nokon reagere. For dette er tynn teologi. Om det i det heile er teologi – ordet tyder som kjent læra om Gud. Her er Gud langt borte. Det bør han ikkje vere om ein skal definere kyrkja si oppgåve.

Det er sjølvsagt mange ulike ord og vendingar ein kan nytte for å formulere kyrkja si oppgåve. Noko endeleg fasistsvar finn ein neppe. Men Ims sitt forsøk er for dårleg.

Sjølv har eg sans for to ulike måtar å gjere det på, begge formulert av dei to siste biskopane i mitt eige bispedøme, Bjørgvin.

Biskop Ole D. Hagesæther hadde følgjande visjon for Bjørgvin bispedøme: "Å gjere Kristus kjend, trudd, elska og etterfølgd".

Hans etterfølgjar, biskop Halvor Nordhaug, har løfta opp ei anna visjonsformulering:  "Saman vil vi ære Den treeinige Gud - ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar, fremje rettferd".

Orda er veldig ulike. Men dei set i det minste fokus på det som bør kunne vere kyrkja si oppgåve.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt