Verdidebatt

TiSA? Ein usynleg elefant i stemmelokalet.

Det fundamentale spørsmålet om å seie ja eller nei til TiSA-avtalen, ser ikkje ut til å bli tema i valkampen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For svært mange veljarar vil ein stor, men usynleg «elefant» vere umerkeleg til stades i stemmelokalet den 11. september. «Elefanten i romet» vil vere den konsekvenstunge, men lite omtala TiSA-avtalen. Ein farleg, ny-liberalistisk handelsavtale, som Norge og 50 andre land har forhandla om i 4 år.

Spørsmålet er fundamentalt fordi ein slik avtale sterkt og negativt vil påvirke rammevilkåra for stordelen av norsk næringsliv, og ikkje minst redusere styresmaktene sitt politiske handlingsrom til å føre ein sjølvstendig økonomisk politikk. Eksempelvis vil lovnader i valkampen om å arbeide for trygge arbeidsplassar, bli heller «luftige» dersom TiSA-avtalen blir ein realitet.

At denne avtalen ikkje er tydeleg framme i valkampen, er ekstra merkeleg fordi det faktisk i partiprogramma går klart fram at ei gruppe parti vil akseptere ytterlegare redusert politisk handlingrom, og seie ja til denne avtalen, medan andre parti seier eit klart nei til TiSA.

Ja til TiSA-gjengen er ikkje uventa den liberalismeivrige Høgre/FrP-regjeringa med støttepartia Krf og Venstre. Det typiske for TiSA-tilhengarane er at dei konsentrerer all sin argumentasjon rundt interessene til eksportnæringane. Eksempelvis kan vi lese i Høgre sitt program at Norge har «en klar interesse av en avtale som vil sikre forutsigbare spilleregler og åpnere markeder for vår tjenesteeksport, basert på likebehandling». At denne «likebehandlinga» vil føre til ein forverra konkurranse FRÅ utanlandske bedrifter for fleirtalet av norske bedrifter - som faktisk ikkje er eksportbedrifter - det er TiSA-tilhengarane flinke til ikkje å snakke om.

Skuffande nok må også Ap reknast som eit Ja til TiSA-parti, fordi leiinga der stadig held fast ved den feilaktige og udokumenterte påstanden om at TiSA vil vere bra for sysselsettinga. Ein sysselsettingseffekt som i beste fall kanskje vil gjelde for enkelte eksportbedrifter, men altså ikkje for fleirtalet av norske bedrifter.

Dei av veljarane som har sett seg inn i effekten av TiSA, vil vite at avtalen vil vere meir ein trussel mot, enn til hjelp for storparten av norsk næringsliv. Dei vil derfor vite å stemme på eit av dei andre partia, SV, Sp, Raudt eller MDG, som alle argumenterer mot TiSA i sine partiprogram. Ettersom det i denne samanheng er svært viktig å få Høgre og FrP ut av regjeringskontora, vil det for Nei til TiSA-veljarar vere mest aktuelt å stemme på eit av dei tre partia SV, Sp eller Raudt.

I SV sitt program står det for eksempel dette om TiSA-avtalen: «Flere inngåtte frihandelsavtaler og pågående forhandlinger inneholder en uakseptabel flytting av makt fra stater til flernasjonale selskaper...SV vil gå mot TiSA-avtalen, som legger press på offentlige tjenester både i Norge og andre land, og som hindrer demokratisk selvbestemmelse».

Så lenge valkampen ikkje har med eit så fundamentalt spørsmål som ja eller nei til denne svære handelsavtalen, som vil bety ei kraftig redusering av det politiske handlingsromet, då vil Ja til TiSA-partia kunne halde fram med å presentere sine «gode hensikter», men etter valet igjen skulde på manglande politisk handlingsrom - som dei sjølve har sørga for - når lovnadane ikkje kan innfriast. Alt no har vi sett eksempel på at politikarar avviser ulike forslag om krisehjelp for norske bedrifter fordi «det vil vere i strid med inngåtte avtalar».

Det er alvorleg når slike politikarar vil inngå nye avtalar som ytterlegare vil innskrenke det politiske handlingsromet, og det er derfor særdeles alvorleg dersom spørsmålet om vi skal akseptere eller seie Nei til TiSA-avtalen ikkje blir eit viktig tema i stortingsvalkampen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt