Verdidebatt

Takk for barnetrua!

Undervegs på trusreisa vår kan strevet etter å tru rett og sant gjera oss slitne. Eg er takksam og glad for at eg har fått los til å finna tilbake til den enkle barnetrua der det er guds- og Kristusrelasjonen som står i fokus, ikkje kva eg meiner om små og store teologiske stridsspørsmål.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg les alltid Sofie Brauts livssynsrefleksjonar i Vårt Land med stor interesse. Ho skriv godt og utfordrar slik at få kan forholda seg likegyldig til bodskapen. Det er bra. Vi treng alle å bli utfordra til å sjå verda frå ein annan stad enn vår eigen. Det gjeld også den som utfordrar.

Brauts refleksjonar i VL 15.06. handlar om barnetru, mest i betydninga «ei vakker omskriving av omgrepet åndeleg latskap». Innvendinga mot frasen «barnetru» er mellom anna dette, skriv ho: «ei slags allmenn orsaking for at ein ikkje har teke seg bryet med å konfrontera dei store spørsmåla som livet stiller. At vi ikkje gidd komma til rette med kva som er sant, men prioriterer det som fungerer.»

Brauts refleksjonar er interessante. Eg skal innrømma eg kjenner at utfordringa hennar til tider glir over i provokasjon. Det skjer ofte når vi opplever å bli tatt i skule og belært av folk som kan gi inntrykk av å forstå langt betre. Men mest av alt vekkjer ho til live hos meg spennande og erfaringsbasert refleksjon omkring mi eiga trusreise, som både barn og vaksen.

Eg har reist i snart sytti år. Undervegs har eg lært å kjenna både det folkekyrkjelege og frikyrkjelege landskapet godt – gjennom livslang trusopplæring i søndagsskule, barne- og ungdomsarbeid, skulelag, gudstenester og møte, bibelgrupper, gammal og god kristendomsundervisning i skulen, høgskulestudium i kristendom osb. Eg har med frimot formidla trua mi vidare til andre frå mange talarstolar i bedehus og kyrkjerom, og eg har hatt sentrale posisjonar i kyrkjelege rådsorgan. Slik sett tenkjer eg at eg har reist så mange mil i mi eiga trusutvikling at Sofie Brauts uttrykk «åndeleg latskap» er lite treffande.

Men kva har eg så lært undervegs? Kor er eg med trua mi i dag? Eg trur det mest treffande uttrykket og svaret er dette: Mi lange trusreise har tatt meg tilbake dit eg starta - til mi enkle og trygge barnetru. Eg har hatt fasar då fokuset mitt var å argumentera og slåst for dei rette standpunkta, å utfordra åndeleg latskap og knefallet for tidsånda og å avsløra og gå i rette med ulike former for liberal vranglære.

Men over tid gjorde eg erfaringar som tvinga meg til å skifta perspektiv. Trusutvikling blei etter kvart mindre leit og strev etter å erobra stadig nye teologiske  nutar og sterkare opplevingar, meir å søkja tilbake til den ro og tryggleik som finst i trua på den nådige Gud og ta inn over meg utfordringa til Kristusetterfølging gjennom på ulike måtar å vera hans hender og føter i verda.

Dei krevjande og stigmatiserande debattane om kva som er sant og ikkje sant, kven som trur rett og lærer vrangt, har over tid gjort meg sliten. Frimotet til å gå på talarstolen og dela tankar og erfaringar frå mi eiga trusreise, har skranta. For kven har tru som held mål og gjer ein verdig til ei slik rolle? I staden for å oppsøkja dei store teologiske debattromma er eg heller blitt ein slags vår tids Nikodemus som har søkt å finna svar og trygg grunn for mi eiga modne tru i nattlege rom der kravet for å sleppa inn ikkje er trusstyrke og –kvalitet målt etter menneskegitte teologiske standardar, men at eg kjem for å lytta audmjukt til og kjenna pusten frå han som er den einaste som til alle tider kan skapa tru og gi nåde.

Barnetrua mi var enkel og trygg, eg levde og trudde med stor tillit og låge skuldrer. Undervegs på trusreisa blei skuldrene til tider høge. Strevet etter å tru rett og sant, slåst mot all vranglære og halda avstand til alle som kan utfordra den etablerte sanninga, gjorde i periodar vaksentrua mi sliten. Men etter kvart har eg heldigvis fått los til å finna tilbake til den enkle barnetrua der det er guds- og Kristusrelasjonen som står i fokus, ikkje kva eg meiner om små og store teologiske stridsspørsmål.

Det kan vel henda at både Sofie Braut og andre meiner at mi private trusfortelling er eit bevis på korleis det kan gå når det blir for mykje morsmelk og for lite fast føde undervegs. Det stemmer dårleg; eg har smakt på det meste gjennom ei lang, spennande, erfarings- og kunnskapsrik og spenningsfylt trusreise.

Mest takksam og glad er eg for at eg fann vegen tilbake til sjølve kjernen i barnetrua mi. Først då opplevde eg å koma verkeleg nær kjærleikens og nådens mysterium. Det har gitt meg ei trygg tru, slik eg hadde som liten. Eg trur også ein slik ståstad, uansett korleis Sofie Braut og andre vil karakterisere den, er det beste utgangspunktet for å få til opne og respektfulle samtalar som kan gi ny næring til både barne- og vaksentru og hjelpa oss til å forholda oss til at vi alle er undervegs og ser og forstår stykkevis.

Eg takkar Gud for barnetrua mi!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt