Leder

Døde kroppar

Døde menneskekroppar er i dag eit større tabu enn det var for tidlegare generasjonar.

Utstillinga Body Worlds har samla meir enn 44 millionar besøkande i 26 land. Det er besøkstal som dei færraste utstillingar kan skilte med. Så er det også svært sjeldan at ei utstilling er bygd opp av døde, autentiske menneskekroppar, som er tilfellet for den som no er komen til NTNVitenskapsmuseet i Trondheim. Ein særeigen teknikk kalla «plastinering» stoppar nedbrytinga av dei døde kroppane og gjer at dei i staden kan stillast ut på museum.

Internasjonalt har Body Worlds møtt både lovord og kritikk. Her i Noreg uttalte rettsmedisinar Torleiv Ole Rognum til Vårt Land før helga at han opplever utstillinga som smaklaus og med mangel på respekt. «Noen av objektene fremstår som popkunst, og blir mer forlystelse enn lærdom», sa rettsmedisinaren.

Vi forstår Rognums perspektiv. Ein av dei døde kroppane er til dømes utstyrt som brannmann, ­berande på eit skjelett. Då er showfaktoren faretruande høg og respekten for den avdøde står på spel. Spørsmålet er om det er over grensa for det etisk forsvarlege. Somme vil meine det, andre ikkje.

Vitenskapsmuseet i Trondheim visste sjølvsagt at ei utstilling med døde menneskekroppar kom til å skape debatt. I forkant har dei ­difor gjort grundige etiske­ vurderingar og konkludert med at utstillinga ikkje går over grensene til det usmake­lege eller støytande. «Spektakulær, men ikkje spekulativ», meiner filosofiprofessor og leiar av NTNUs Program for anvendt etikk, May Thorseth.

Prosjektleiar Randi Wenche Haugen forsvarer blant anna Body Worlds med at utstillinga når yngre publikummarar enn dei som vanlegvis frekventerer på Vitenskapsmuseet og at ho gir auka kunnskap om menneskekroppen. «Med det kroppspresset de opplever i dag, vil dette være viktig innsikt om hvor verdifull og sårbar kroppen er», seier Haugen.

Døde menneskekroppar er i dag eit større tabu enn det var for tidlegare generasjonar. Vi har kanskje godt av å bli røska litt i gjennom ei utstilling som Body Worlds. Samtidig er det avgjerande at ho handsamar dei døde kroppane med respekt. Det kan verke som om utstillinga opererer ein stad i grenseland.

Først publisert i Vårt Lands papirutgave, 12. juni 2017.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder