Verdidebatt

Ulukkelege er dei takksame

Skal ein takka for alt, må ein ta med dei som lagar kleda mine også. Det blir det indre friksjon av.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Over 21 millionar bilde på Instagram er merka med emneknaggen #thankful. Til samanlikning er 96.000 merka med #takknemlig. Sidan Instagram er det sosiale mediet som aukar mest i Norge nå, kan det fort bli veldig mange fleire.

Eitt av dei mest populære bilda merka #takknemlig er NRK-programleiaren Selda Ekiz sitt gode kvardagsportrett av foreldra. «Ingenting av det jeg har hadde vært mulig om de ikke var akkurat sånn de er,» kommenterer ho, og unnskylder sentimentaliteten med #overfølsom og #snartmensen.

Like fullt er takksemda hennar del av ein trend. Dei siste åra har sjølvhjelpsforfattarar tent millionar på å gjera folk takksame for det dei har. Å tenkja over kva du kan vera takknemleg for, gjer at du stoppar opp og innser at du er nøgd med noko. Og jo fleire grunnar til å vera takksam, jo heldigare kan du føla deg. Som din personlege sjølvhjelpsforfattar akkurat nå, kan eg nesten garantera deg litt lukke på denne måten. Dette er så gammalt nytt for mange av oss religiøse, at me ikkje kjem på at me kunne blitt rike av det.

For ein truande skurrar det, når ein takkar for å bli lukkeleg. Er ikkje ein slik takk i sitt inste vesen det motsette av takksemd? Er ikkje slik takksemd i slekt med det kyrkjefaderen Augustin allereie på 300-talet kalla «å vera innkrøkt i seg sjølv»?

Religiøs verdi

Innanfor alle dei store religionane er takksemd ein grunnleggjande verdi, som er vevd inn i truspraksisen. I følge eit av dei buddhistiske heilage skriftene, Katannu sutta, meinte Buddha at eit utakknemleg menneske er eit menneske utan integritet. Men også sikhar, jødar, kristne og muslimar finn belegg i eigen tradisjon for å takka Gud – uansett korleis ein har det. Utfordringar og vanskar kan takkast for, fordi dei kan gjera ein til eit betre menneske. Det kan høyrast ut som ei passiv innstilling til livet og snarare som ei oppskrift på ulukke enn lukke.

Shukr, det arabiske og islamske omgrepet for takksemd, står sentralt i den muslimske bønnepraksisen, ikkje minst nå under ramadan. Med sine faste daglege bønner er dei kanskje nærmare Henrik Wergeland sitt ideal enn gjennomsnitts-lutheranaren, når han spør «Hvor ofte skal Gud takkes?» i eit dikt frå 1840. Der gir han 24 eksempel på uendeleg mange gonger, blant anna: «Saa mange Gange, som der er Sand / på Havsensbunden, paa Flodens Strand (...) som der er Tagsteen på Kongens Slot,/ som man har Venner, naar det gaaer godt».

Ein treng ikkje vera ateist for at piggane skal spretta ut når ein les ordet skal i Wergeland sin tittel. Skal? Kvifor skal ein det? Og kva med alt det vonde, det urettferdige, det som det slett ikkje er nokon grunn til å takka for? Kravet hans kan verka endå meir provoserande enn ei sjølvhjelpsbok som vil hjelpa deg å gløyma alt det vanskelege i verda, det som manar til forandring, ved å gjera deg takksam for at markjordbær og fiolar finst.

Friksjon

Sjølvhjelpsforfattarane skriv lite om takksemd overfor «dei som gjorde det muleg», slike som foreldra til Selda Ekiz. Som om det ikkje var særleg viktig å vera takksam overfor menneske som er grunnen til at eg har det så godt. Bøndene som har rydda skog og dyrka maten vår i 3 000 år. Sosialdemokratiet som har bygd velferdsstaten. Nordsjødykkarane. Dei som lagar kleda mine, sidan eg verken plukkar bomull, spinn ull, kan veva eller er særleg god til å sy.

Grunnen er sjølvsagt at det blir mykje meir friksjon av slikt enn av fiolar. Meiningane og følelsane om bønder, sosialdemokratiet og oljeboring er delte og doble. Og viss ein plutseleg skal vera takksam overfor tekstilarbeidarane i andre land, tvingar fort andre følelsar seg fram. For eksempel uro og engasjement rundt tilhøva på tekstilfabrikkane. Altså det motsette av ei bedøvande glede over livet, fuglane på himmelen og liljene på marka.

Når eg ber kveldsbønn saman med sonen min, takkar me gjerne for at me har ein stad å bu, varm dyne, leiker, mat i kjøleskapet, fred og slikt. Det gjer oss begge medvitne – igjen og igjen – om at det ikkje er sjølvsagt. Og ikkje sjeldan fører det til samtalar om dei som same kveld frys utan dyne eller tak, om dei som manglar mat eller bur der det er krig. Nokon vil kanskje meina at ungar blir ulukkelege av slikt. Eg tenkjer at skal ein først driva religiøs indoktrinering og læra ungen takksemd, så får ein gjera det skikkeleg.

Først publisert i spalta Tendenser i Vårt Land 1. juni 2017. 

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt