Kommentar

Freidig mot i klasserommet

Norske KRLE-lærarar fortener all rosen dei kan få. Og så fortener dei at faget dei underviser i, får skyhøg status.

Kristendommen er sjølve utgangspunktet for det norske skuleverket. Allereie på 1100-talet blei det oppretta katedralskular her til lands, som skulle utdanne katolske prestar. Etter at Martin Luthers reformasjonstankar nådde det høge nord, blei katedralskulane gjort om til latinskular. Det viktigaste faget var latin, og dei privilegerte elevane lærte om «mensa rotunda» til det svimla for dei.
Utover på 1700-talet kom ideen om ein skule for folket, der kristendommen stod sentralt i undervisninga. Skulen skulle gi kristen oppseding fram til konfirmasjonsalderen – i tillegg til opplæring i lesing, skriving og rekning.

Prega norsk skule

1700-talet var hundreåret som husa Erik Pontoppidan, den kjente danske teologen som skulle komme til å prege norske skuleelevar i eit par hundreår frå boka Sannhet til gudfryktighet kom ut i 1737. Det var året etter at det blei innført obligatorisk konfirmasjon for alle barn i Noreg.
Der politikarane i dag diskuterer kor vidt K-en skal ha ein plass KRLE-faget, var det i lange tider heller snakk om kor vidt skulen ville ha eksistert utan ein K. Og Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme hadde sjølve definisjonsmakta til denne K-en, overfor stadig nye elevar gjennom skiftande tider.

Blodfattig fag

Tekstar utan kristen forkynning eksisterte ikkje i den norske skulen før på 1800-talet. I dag er kravet om nøytralitet og ikkje-forkynning så absolutt at KRLE-faget risikerer å bli blodfattig.
Førstelektor i KRLE ved Universitetet i Agder, Inger Margrethe Tallaksen, sa nyleg til Vårt Land at KRLE-lærarar og lærebokforfattarar strevar med å balansere stoffet, fordi dei er redde for at formidlinga skal bli definert som forkynning. «En naturfaglærer som viser engasjement og får elevene til å løpe rundt i skogen for å utforske naturen, blir heiet frem. En KRLE-lærer som skaper et tilsvarende engasjement og interesse for religiøs aktivitet hos elevene, vil sjelden møte en tilsvarende begeistring hos alle foreldre,» sa Tallaksen.
Det er usunt dersom skuleklimaet i dag er blitt slik at engasjerte KRLE-lærarar er noko suspekt. Då er vi straks ute i ein farleg spiral der faget blir mindre spennande og elevane dess mindre interesserte. Er det noko vi veit, både frå den norske skulekvardagen og frå filmar som Dead Poet's Society (Dagen er din), er det at ein engasjert lærar har alt å seie for motivasjonen til elevane. Dette gjeld også for KRLE-faget.

Redsel

KRLE er ikkje og skal ikkje vere eit forkynnande fag. Det er og skal vere eit kunnskapsfag. Men det er synd dersom lærarar føler at dei må legge band på seg i formidlinga av kunnskapen. Tallaksen fortel at særleg lærarar med eit tydeleg livssyn kan vere redde for å engasjere seg personleg. Då blir kravet til nøytralitet hemmande. Og faren er at undervisninga kan bli faktabasert og tannlaus.
Gjengangaren i denne debatten er dei årlege sjøslaga om skulegudstenestene – er det forkynning eller ikkje å delta på ei gudsteneste i kyrkja? Dei siste vekene er det K-en som har tatt mesteparten av merksemda, men dette er mest symbolpolitikk, ikkje først og fremst ein innhaldsdebatt.

Låg status

I skuggen av debattane sit alle lærarane som kvar dag kjempar for å gi elevane av det aller beste. Det er grunn til å gi alle KRLE-lærarar all den rosen dei kan få. Og samtidig hadde dei fortent så mykje betre, for faget deira har ikkje den statusen som den viktige innhaldet skulle tilseie at det skulle ha. Eg kan ikkje slå i bordet med forskingsresultat, men instituttleiar Hans Hodne (religion, filosofi og historie) ved det nemnte Universitet i Agder er inne på det same når han seier at faget ikkje blir prioritert høgt ved tildeling av ressursar i grunnskulen. Hodne seier rett ut av mange opplever KRLE som ein salderingspost, og at faget ikkje er eit statusfag.

Verdt eit løft

KRLE må på nytt bli eit fag med høg status. På dette faget kviler heile den norske utdanningshistoria. Og på dette faget kviler dei størst tenkelege spørsmåla, meininga med livet og vår eigen eksistens. Er ikkje dette verdt å satse på, så har skulen mista noko av seg sjølv. Kanskje må vi slutte å krangle om bokstavar, men sette alt inn på å gi KRLE-faget eit nytt løft?

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar