Verdidebatt

HVILKET SAMFUNN VIL ME HA

Me er komt til 2017 som er eit valgår. Stortingsvalget i September blir eit spennande valg på fleire måter. Det blir eit verdivalg. Verdiane som dei før oss har fått fram, blir tatt bort. Nye ting skal erstatte desse; noko som skal være bedre, sannsynligvis.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Men blir det betre når dei verdiane som er bygde og grunnlagde på den 1000-årige arven me har siden Kristenretten blei satt på Moster i 1024, blir borte. Det tok tid å utvikle Kristenretten, men møtet på Moster regnes som starten på ein religiøs, ideoligisk og mental prosess, som skulle komme til å utforme det norske samfunnet frå grunnen av. Me kan sei at utviklingen mot eit Kristent statssamfunn for alvor tok til med møtet på Moster i 1024.
Det var mykje som var strengt, og straffer var der. Men Kristenretten blei eit viktig redskap for å få bukt med hedenskapet. Kristenrettane var i begynnelsen forsøk på at folk overholdt dei mest grunnleggjande reglane for kristne. Barn skulle døypast, og kunne ikkje setjast ut for å døy. Ekteskapet skulle være monogamt. Ikkje drive med spådom bl a
Dette har utvikla seg til det me har hatt inntil nylig. I «gamle dagar» var det Kristendommen og trøysta dei fann i Guds Ord som bar. Det var vanskelige tider, med lite mat og hardt strev. Så kom også krigen, med alle tragediene den førte med seg.
Eg har fått fortalt at det var ikkje alltid dei visste kva dei skulle ha på frokostbordet når dei la seg om kvelden…  Det var ikkje NAV å ty til då!
Etter at olja blei funnen og blei ein velsignelse for Norge, auka velstanden sakte men sikkert. Rikdommen kom i form av arbeidsplasser som igjen gav penger i lommebøkene, og folk kunne kjøpa mat og klær etterkvart.
Rikdommen og velstanden tar meir og meir overhånd. Kristendommen blir satt til side, fordi me klarte oss likevel no. Og slik ser me at Guds Ord har rett: «Ingen kan tjene to herrer. Han vil hate den ene og elske den andre, eller holde seg til den ene og forakte den andre. Dere kan ikke tjene både Gud og Mammon» Matt. 6,24
Det som skjer no er at Kristendommen blir reversert. Tidligere var Kristendom eige fag i skulen, og andre religionar kom inn under samfunnsfag. No er dette «kokt» saman i eit fag. Dei seinare åra er det komt ein ny diskusjon kvar jul – skulegudstjeneste. Skal barna gå på det, eller søkje om fritak. Brev blir sendt til heimane, og det fører til ekstraarbeid for lærarar som skal følgje opp. Dei slit med knappe ressurser frå før.
Ny «ekteskapslov» er vedtatt, utrulig nok har det komt ny liturgi i kirka for vigsel av likekjønna par. Korleis dei klarer å få det til med Bibelen i hånd, er ufattelig!
Abortloven har me hatt i mange år, der ca 14000 uskyldige liv må bøta med livet kvart år! Dette fordi barnet var uønska, passa ikkje inn med utdanning, økonomi er ein årsak osv.
Dette får tankane mine tilbake til tida før Kristenretten blei satt på Moster! Då blei ungane satt ut for å døy. Abort er ein «moderne» form for dette, godt skjult ofte av medisinke årsaker. Videre diskuteres det, om ikkje så høglydt enno, om polygami (flerkoneri) Dette er vanlig i andre land der mange innvandrere kjem frå. Dette er ikkje lov i Norge, men etter press og påvirkning blir lovene forandra.
Vil me ikkje ha den velstanden som generasjonane før oss har bygt opp med slit og strev. Bygt stein på stein, så og sei.
Tar me skylappane vekk frå augene og tar eit blikk påvirkeligheten er me full fart på vei dit! Det er bare om me evner å sjå det!
Me kan stoppa dette, men det kan bli for seint!
PDK er eit parti som har dette i handlingsprogrammet. PDK vil arbeide for å reversere den noverande «ekteskapsloven» til å igjen bli ein ekteskapslov. Ekteskapet er for ein mann og ei kvinne, slik Gud innførte ekteskapet. Me kan ikkje omdefinere det til noko som passar oss bedre!
Livet er ukrenkelig frå unnfangelse til naturlig død. Bare nokre dagar etter unnfangelsen begynner eit nytt hjerte å slå. Det er liv, det er eit nytt menneske under utvikling. Livet begynner ikkje etter fødselen, men tidlig i graviditeten. Det må tilrettelegges slik at barnet kan bæres fram, og taes hånd om etter fødselen, om ikkje foreldrene kan. Dette vil PDK gjere noko med.
PDK stiller lister i alle fylker. Det blir ofte gjort nummer av at PDK er eit lite parti. Det samme gjelder for PDK som for alle partia: folk må gi si stemme til eit parti skal det bli stort og få innflytelse. Så vil du ha ei forandring, så er PDK eit alternativ! Gå inn på www.dekristne.no og les programmet. Det er eit veldig godt og rikt program.
Stemmer du som du alltid har gjort, får du den samme politikken. Å stemma er eit stort ansvar. Argument som at « eg stemmer på ….. for det har eg alltid gjort», eller « dei har no gjort mykje bra….» er dårlige argument. Stemma di kan være med på å avgjere nokre av dei punkta eg viser til i innlegget, og mykje meir!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt