Dette er godt nytt for mange av oss som ynskjer å halda fram som medlemmer i DnK. Me treng prestar og kyrkjetilsette som er trygge i sin ståstad, og som tar vare på det rommet og den fridomen som kompromisset i Kyrkjemøtet opna for. I tillegg til at me treng synlege personar å identifisera oss med, og forhalda oss til.
Det er også betryggande at interimgruppa uttalar at dei ikkje har ynskje om å danna ein kyrkjepolitisk fraksjon, slik ein har opplevd tendenser til frå anna hald. DnK må framleis forhalda seg til ein Herre og ei "grunnlov": "Guds menighet er jordens største under! Mens verdens skikkelse i hast forgår, er Kristus i all evighet den samme, og fast hans rike på sin klippe står."