Verdidebatt

Tøyer livets grenser på nytt

Då prøverøyrsmetoden vart teken i bruk for barnlause, vart ein boks med stadig nye etiske dilemma opna. Burde boksen forblitt stengt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Spørsmålet melder seg med full tyngde. Britiske forskarar vil tøye grensa for kor gamle embryoar­ dei kan forske på. Andre vil ­endre genane i spirande liv. Så kva var det vi sette i gang?
Det første barnet som vart fødd etter befruktning utanfor kroppen, kom til verda i 1978. Ufriviljug barnlause har seinare stått i køar. Men saman med gleda over nyfødde barn, har debatten gått om forskinga.

Det måtte forskast på menneskelege embryoar –spirande liv – for å utvikle metoden. Den britiske Warnock-komiteen gjekk inn for forsking inntil 14 dagar etter starten på celle-­delinga.
Denne grensa vart så ­slegen fast i lovverket. Og då også ­Noreg i 2007 opna for forsking på ­embryoar som er blitt «til overs» etter prøverøyrsmetoden — fordi ikkje alle vert sette inn i livmora – kom grensa på 14 dagar inn i biolova.

Viktig grense.  Grensa er dels biologisk – på dette tidspunktet skjer dei første teikna til danning av organ, og eit embryo kan opptil denne tida framleis dele seg i to. Ikkje har det vore råd å dyrke embryoar så lenge heller. I alle fall ikkje før no. Men grensa er også politisk – ut frå eit presserande behov for å setje ei klar grense på eit etisk kontroversielt felt.

Grensa har vore kritisert av dei som meiner all forsking på desse små liva er gal. Å forske på ein embryo er å gjere eit menneskeliv til eit middel for andre, ­sidan livet er fullverdig frå starten. Det er eit reinhårig standpunkt. Problemet er berre at når prøve­røyrsmetoden er veletablert, er alternativet å øydeleggje dei mange livsspirene som er blitt «til overs». Dette er, slik sett, ei etisk hengemyr.

Og det er ikkje rart at det no frå i alle fall to kantar kjem press for å tøye dei viktige grensene som har vore internasjonalt aksepterte sidan 80-talet.

Britiske forskarar pressar på for å utvide grensa på 14 dagar. Sist veke sette dei i gang ein omfattande debatt under ein konferanse i London. To forskargrupper rapporterte i vår at dei hadde dyrka embryoar utanfor ei livmor i 12 – 13 dagar. Dei seier dei kunne halde dei i live lengre, men at dei valde å avslutta forsøka sidan det i dei fleste land er ei grense på to veker. Somme forskarar vil no doble forskingstida – til 28 dagar.

Press. Kunnskapshungrige forskarar vil gjerne vite kva som skjer i ein menneskeleg embryo dei første avgjerande vekene, mellom anna for å forstå spontanabort og problem med å få barn. Mellom 30 og 70 prosent av embryoane festar seg ikkje i livmorveggen etter befruktning utanfor kroppen. Så for å auke suksessraten er det forsking på spirande liv som er tingen, og med det kjem presset på lovgrensa.

Så pass kontroversielt felt er dette at lady Mary Warnock, som leia den britiske komiteen bak grensa på 14 dagar, åtvara mot å tøye grensa, rapporterer Bioteknologrådet frå konferansen. Ikkje fordi ho ikkje ser nytten, men fordi ho er redd debatten snarare vil føre til innstramming.

Men presset kjem frå fleire kantar. Andre forskarar ønskjer å bruke ei ny metode for ­«enkel» genredigering (CRISPR) for å ­endre arveanlegga i ein menneskeleg embryo. Dei vil gjerne vite meir om korleis ei eggcelle og ei sædcelle blir til eit menneske.­ Og sidan vi ikkje er mus, vil dei gjerne gjere genetiske endringar i eit tidleg menneskeliv og sjå kva som skjer. Professor Joel Glover på Rikshospitalet seier til bladet Genialt at han gjerne ville gjort slike forsøk, men at lova hindrar han.

Det er nemleg ikkje lov å gjere endringar i menneskelege embryoar eller i kjønnsceller. Slike endringar vil gå i arv til komande generasjonar dersom dei blir sleppte laus gjennom ein graviditet. Forskarane lovar på tru og ære at dei ikkje vil starte ein graviditet med slike genmanipulerte liv. Det fekk fleirtalet i det norske Bioteknologirådet for eit år sidan til – i ei hastesak – å tilrå slik forsking. Mindretalet var redd for følgjene av å sprenge denne fundamentale grensa.

Celleklump. Kva er eit embryo, altså ei livsspire dei første dagane med celledeling? Eit fullverdig menneskeliv? Eller ein litt ekstra verdifull «celleklump»? Styresmaktene,­ også her i landet, må stå imot. I møte med presset er det grunn til å spørje: Skulle vi late vere å opna dilemmaboksen i 1978?

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 14.12.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt