Verdidebatt

Smalt syn på kjønn

Kva meiner eigentleg lågkyrkjelege norske misjonsorganisasjonar om kjønnsroller og skilnadar mellom kjønna? Det er på høg tid at me får ein debatt om det og at det blir avklart kva dei står for.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Laurdag 29. oktober kom eg over eit intervju på sambaandet.no, Indremisjonsforbundets (ImF) bladet på nett, om teolog Stein Solberg som skulle halde seminar i Betlehem Bergen same dag. Solberg uttaler seg blant anna om kjønnsroller i intervjuet: ”Solberg tror helliggjørelse også kan berøre kjønnsidentiteten." Han seier;

"Da handler det om å bli de menn og kvinner vi er skapt til å være. (...) Gud har skapt oss i sitt bilde, og i det bildet er vi skapt til mann og kvinne. Mannens identitet ligger i det maskuline, mens kvinnens identitet ligger i det feminine. (...) Maskulinitet handler bla. om initiativ, ta avgjørelser, styring, ledelse, sannhet. Femininitet handler mer om å relatere seg til andre, lytte, sette seg inn i andres situasjon, favne, omfavne, om nåde og kjærlighet.”

Eg var ikkje på seminaret til Solberg, og det er ikkje alt som kjem fram i eit kort intervju som dette, men eg meiner likevel at utsegna legg til rette for ein debatt om temaet. Er det som kjem til uttrykk i intervjuet noko til dømes ImF står for, og kva er argumentasjonen for eit slikt standpunkt? Når eg spør på denne måten er det viktig for meg å presisere at det ikkje er eit spørsmål om kvinnelege prestar eller tenestedelinga i ei forsamling, men om det verkeleg er slik at me òg i ”det sivile liv” må velje kva me vil gjere ut frå kva kjønn me har.

Det er ikkje første gong eg har møtt på slike haldningar. Tvert i mot har eg diskutert mange gonger om det eigenskapane til menn og kvinner er så forskjellige som det blir gitt uttrykk for. Solbergs inndeling i maskulin og feminin identitet set opp tydelege grenser for kva menn kan gjere og for kva kvinner kan gjere. Eg har lese gjennom fleire gonger og har tenkt. ”Kan han verkelege meine det som står her?” Og så kjem eg på alt som eg har høyrt bli sagt om dette til meg og til andre, og så les eg det ein gong til og finn ut at det er vanskeleg å mistolke det.

Å kategorisere kva som er maskulint og feminint på den måten Stein Solberg gjer er å legge band på mange av dei som føler dei ikkje passar inn i desse kategoriane. Kva med ei jente som har leiarambisjonar, men får høyre at å vere leiar er ikkje ein del av den feminine identiteten? Eller kva med ein gut som vil bli sjukepleiar, men får høyre at å vise omsorg er ein del av den feminine identiteten? Eg kjenner i alle fall på at eg ikkje passar inn det Solberg skildrar som feminint, men eg vil heller ikkje seie at eg passar inn i det han skildrar som maskulint. Er eg feil då?

Det heilt enkle svaret er nei. Gud har skapt oss som heile menneske. Han har skapt oss i sitt bilete. Han seier at han vil gi oss framtid og håp. Eg trur Gud vil at me skal bruke dei gåvene me har fått, og eg trur Han vil at me skal ha ambisjonar. At me då skal setje grenser for dette ved å seie kva dei ulike kjønna skal gjere og ikkje blir heilt feil.

Eg synest det er på tide at dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane, som ImF, tek debatten om dette. Dei siste åra har det blitt sett fokus på kvinnelege leiarar og det å sjå kva kvinner kan bidra med i kristne samanhengar, men det er òg på tide at det blir tatt eit oppgjer med smale kjønnsroller som det Solberg gir uttrykk for. Viss ikkje trur eg mange vil føle seg begrensa av smale kjønnsroller og kva oppgåver som er feminine og kva oppgåver som er maskuline.  I tillegg vil ein mogleg konsekvens vere at jenter og gutar som kunne ha vore ressursar inn i kristne forsamlingar heller vel å trekke seg ut for å sleppe å imøtegå forventningar knytt til kjønnsroller. Det vil vere leit.

(Dette innlegget er ikkje skrive som ungdomspolitikar)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt