Verdidebatt

Sylvi Listhaug og kristentrua

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nyleg vart det kjent at Sylvi Listhaug ville bli nominert på sikker plass for Frp i Møre og Romsdal. Dette har alle reie ført til oppsving for Frp i meiningsmålingane, og ekspertane spår at det vil bli ein tøff kamp om dei «kristne stemmene» i fylket. Ja, vi i Partiet Dei Kristne (PDK) ser at dette vert ei utfordring for oss, men vi trur også at dette vil bidra til at vi får ein endå meir spennande og fargerik valkamp i fylket. Vi synes også at det er flott at landet vårt har fått ein profilert og rakrygga politikar som så frimodig flaggar si kristne tru. No håper vi at det fører til at også våre kampsaker kjem meir i fokus, og vi er budd på kamp mellom Frp, KrF og PDK om mange av dei same veljarane. Og det er grunn til å minne om at ei stemme til Frp, ikkje fyrst og fremst er ei stemme til Listhaug, men til Frp sitt partiprogram. Eg vil nemne eit par viktige saker som viser at PDK er eit betre alternativ enn Frp for dei som no meiner det er på tide å vakne opp å ta vare på den kristne arven i landet vårt.

Det fyrste eg vil nemne er menneskeverdet og det kristne menneskesynet. Etter vårt syn bryt Frp sitt vedtak om aktiv dødshjelp under landsmøtet i 2009 ganske radikalt med dette. Her må vi også ta med abortsaka. «Sjølv då eg var eit foster, såg du meg», seier Skrifta. Etter vårt syn er abortsaka slett inga tapt sak. Berre sjå på USA. Der er dette ei av dei viktigaste sakene ved alle val, folket er delt på midten, og abortmotstanden er særleg aukande mellom dei unge. Mennesket sin første bustad, like under hjartet til mor vår, skulle vere den tryggaste staden på jorda. I dag har dette blitt den mest utrygge. Det ynskjer vi i PDK å gjere noko med.

Så vil eg ta med spørsmålet om homoekteskap. «Til mann og kvinne skapte han dei», seier Skrifta. Både Frp og KrF kjempa ein tøff kamp mot den nye ekteskapslova som kom i 2008. Men kvar har det blitt av kampgløden og alle dei gode argumenta frå den gongen? Kva skal vi med politikarar som snur kappa etter vinden og diltar etter opinionen? Vi i PDK vil ha omkamp om ekteskapslova. Familien og ekteskapet mellom mann og kvinne er sjølve grunncella i ein kvar kristen nasjon, og alle born har rett til både mor og far. Ja, jamvel FN sin barnekonvensjon seier at «alle born har, så langt mogleg, rett til å kjenne både si mor og sin far». Det biologiske prinsipp bør for all framtid vere rådande i norsk familiepolitikk, og regjeringa bør slett ikkje støtte dei kreftene som ynskjer å lede oss mot eit stadig meir kjønnslaust og kjønnsforvirra samfunn. Regjeringa sitt vedtak om at born heilt ned i seksårsalderen sjølve skal få velje kjønn, meiner vi bryt totalt med både kristen tanke og sunn fornuft.

Vi kunne gjerne tenkje oss å ta med fleire saker, men vi meiner at dette tydeleg nok viser at PDK frå ein kristen synsstad vil vere eit langt betre alternativ enn både KrF og Frp ved valet i 2017.

Øyvind Årdal, Stranda
- fylkesleiar i PDK Møre og Romsdal

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt