Verdidebatt

Eidsvåg og Jesus

Knapt noko er lettare for Bjørn Eidsvåg enn å få eit teaterpublikum i hovud-staden til å skratte av livet på bedehuset.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bjørn Eidsvåg fengslar publikummet­ sitt. På Det Norske Teatret har han saman med Svein Tindberg laga ei på mange måtar storarta framsyning i Etterlyst: Jesus­. Vi som har røter på bedehus og i kyrkjebenkar har godt av å bli herja med.

Eg har ikkje tenkt å ta frå Bjørn Eidsvåg opplevingane hans på bedehuset i Sauda. Det som likevel slo meg under framsyninga var at knapt noko er lettare for Bjørn Eidsvåg enn å få eit teaterpublikum i hovudstaden til tidvis skratte av framstellinga av livet på bedehuset. Med kompaniskap av Svein Tindberg som ein glitrande revyartist, var det ikkje til å undre seg over at lattersalvene runga.

Og det er nok å ta av frå helvetesforkynning­, synet på onani og farlege musikalske rytmer – og uforståelege ord i Bibelen. Eg veit det – på ei jubileums-
samkome i eit bedehuskor eg var med i ungdommen, lo vi oss skakke over ting vi hadde gjort og høyrt.

Men etterpå kunne vi synge­ «Han er min sang og min glede­» utan snev av parodi. Fordi vi hadde­ eit breiare syn på arven­ vår enn dei bitane vi kunne­ skratte av. Det høyrer også diverre­ med at nokre av bitane i denne arven er det folk som har fått vondt av.

Sleit. Men likevel sleit eg med å delta i latteren på Det Norske Teatret­. For det eg såg på scena var ikkje berre Eidsvågs opp- levingar, skrudde til for teateret. Eg såg heller ikkje berre den utolelege­ danske bibeltimehaldaren som åtvara oss på leir mot den vonde dersom vi kjende det minste rykk i stortåa av moderne musikk.

Eg såg også føre meg mor mi og dei andre bedehuskvinnene gjere mangeårig oppofrande og trufast teneste som arrangørar og kaffikokarar. Eg såg far min skjere tømmeret som blei til barndommens bedehus. Eg såg dei unge lærarane som kom til bygda og fylte bedehuset med livsglede for oss barna og eit ungt par som gav rom for humørfylte skjetsjar då vi kom i tenåra. Det var bedehuset som gav oss den første filmframsyninga. Og ein av dei vaksne som var tidleg ute med å leike med oss, var ein predikant det året eg fylte fire – og eg braut kragebeinet under leiken.

Eg såg føre meg ein heil kultur med så mange fasettar at langt frå alt er sagt når latteren stilnar. Eidsvåg hadde for så vidt ikkje sagt alt heller – han måtte ha med seg oppgjeret med vaktmeisteren på Menighetsfakultetet før han var ferdig.

Eidsvåg har heilt rett: Vi møter­ Jesus gjennom ikkje minst leiarar og predikantar – gjennom deira ord og liv. Det er mykje å setje ein tjukk strek over i arven­ vår – men det er også mykje å setje strek under. Eidsvåg drog oss gledeleg og sterkt med i «Navnet Jesus». Men det er også menneske eg verdset i denne svinnande kulturen.

Sjølvironi. Det som også gjorde­ at eg ikkje slapp latteren heilt laus var at eg var usikker på kva plass sjølvkritikken og latteren ville ha når Eidsvåg gjekk vidare i livet sitt. Både musikalske­ rytmar og utfordrande sosialetikk­ måtte til for å korrigere gudsbiletet frå mang ein talarstol på bedehuset.

Men er det verkeleg ingenting å le av eller sjå sjølvkritisk på i den vidopne folkekyrkjelege bevegelsen til den politiske Jesus?

Eidsvåg (og Tindberg) stod fram som smilande triumfatorar då dei oppdaga at «ver edru» i Bibelen­ skulle omsetjast med «ver nøkterne» – så kunne­ dei drikka, trass i skremsla frå bedehuset­. Men kvifor vart vi ikkje invitert til å le av dei «nøkterne»?

Den politiske Jesus har vel saktens også dukka opp i så mange ulike utgåver at vi kunne ledd av eit par av dei. Men det var slutt på latteren. Predikanten som hadde teke over, hadde ikkje plass til sjølvironi og -kritikk (om vi ser bort frå velbrukte kritikken av pengemakta over oss).

Eg møtte skråsikre predikantar på leir og på bedehuset. Eg kan likevel ikkje minnast at nokon­ brukte orda «eg insisterer» om korleis Bibelen skal tolkast. Eidsvåg forkynte ein Jesus som «døydde for ei god sak», for «rettferd her og no».

For å vise at han kan ta feil, sa Eidsvåg at han ikkje høgg i stein, men «skriv i sanden». Jesus skreiv også «på jorda», medan dei som kom med klagemål mot ei kvinne, gjekk bort – dei eldste først. «Heller ikkje eg fordømmer deg», sa Jesus.

Så la Jesus til: «Gå bort og synd ikkje meir». Men det var vel kanskje ikkje den etterlyste Jesus.

• Les også Tor Martin Synnes: Avlyst: Jesus Kristus

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 22.09.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt