Verdidebatt

Ikkje opprør i KrFU, men debatt

I Vårt Land 9. september kan me lese at ”det hersker opprørsstemning internt i KrFU”. Det viser lita forståing for prosessen som føregår rundt samarbeidsdiskusjonen, og det Vårt Land kallar ”opprør” kallar eg sunn debatt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

At det er usemje i samarbeidsdebatten òg i KrFU bør ikkje overraske nokon. Me er eit ungdomsparti som står i sentrum, men med store variasjonar innetter. Nokre kjenner seg meir heime på blå side og nokre kjenner seg meir heime på raud side. Det varierer i kor stod grad me ser på samarbeid med fløyparti som aktuelt og korleis me ser på dei politiske skilnadane mellom KrF og andre stortingsparti. Det er heilt naturleg at det er ulike syn på dette.

Det er nettopp på grunn dei ulike syna i samarbeidsspørsmålet at det har vore lagt opp til ein grundig prosess. Som fylkesleiar for Oslo KrFU var eg til stades på fleire landsstyremøte kor me tok opp spørsmålet, og målet har alltid vore at det vedtaket som KrFU kjem fram til skal ha størt mogleg forankring i organisasjonen. Då landsstyret i august innstilte på at KrF burde gå inn for eit ikkje-sosialistisk samarbeid og utelukke Arbeidarpartiet, var det eit resultat av ein god og grundig prosess. Eit stort fleirtal gjekk inn for dette, og difor er det ikkje ”lederens borgerlige samarbeidsmodell” som har kome fram i media i ettertid, men standpunktet til fleire fylkesleiarar og sentralstyremedlem.

Det landsstyret landa på i august var ikkje heller eit endeleg vedtak. I september skal landsmøtet til KrFU ta stilling til spørsmålet. Då kan me gå inn for det alternativet landsstyret har innstilt på, eller me kan gå inn for noko anna. KrFU har heile tida vore tydelege på at det ikkje er avgjort endå. Det hadde vore merkeleg å ha samarbeidsspørsmålet som ei sak på landsmøtet utan å forvente og ønske debatt rundt det.

For min del håpar eg at me går inn for ei sentrumsløysing, men utelukkar fløypartia, slik det vart tatt til orde for i Vårt Land 9. september. og det har eg lyst til å kunne seie offentleg utan å vere redd for å bli stempla som ”opprørar”. Eg og andre i KrFU ønsker oss eit parti som har stor takhøgde og som rommar menneske med ulike meiningar. Ein konsekvens av det er at me ikkje alltid er samde, men me har likevel stor respekt for kvarandre. Å flage usemje før eit vedtak om samarbeid blir fatta er ikkje opprør. Det er debatt.

Det blir spennande å sjå kva landsmøtet vedtek i september. Nokre kjem til å bli skuffa, medan andre kjem til å vere nøgde. Slik er det i alle debattar. Det eg likevel trur me alle kan vere samde om til slutt er at for KrFU er det ikkje viktigast kven me samarbeider med, men kva me samarbeid om.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt