Verdidebatt

Blir ­Hareide historisk?

Knut Arild Hareide kan bli den første partileiaren som forpliktar KrF i regjering saman med Frp. Men han kan også bli den første KrF-leiaren som går inn i ein ministerpost i ei regjering av Ap og sentrum.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I september 2017 kan Knut Arild Hareide få nøkkelmakt til å bestemma kva slags regjering landet skal få dei neste åra. Trykket mot partiet aukar både innanfrå og utanfrå. Fleirtalet i KrFrår til at partiet går mot høgre. Vebjørn Selbekk i Dagen gir stemme til konservative og borgarleg innstilte kristne som vil at Hareide skal gå i regjering med H, Frp og V for å demma opp mot eit avkristningsivrig Ap.

Vårt Land åtvarar derimot partiet mot å gi opp sin blokk­uavhengige ståstad og hevdar at «hvis KrF bestemmer seg for å ha en ideologisk binding til en av sidene i overskuelig framtid, kan partiets politiske menighet krympe.»

Krevjande. Då KrF i 2012 forplikta seg til å arbeida for ei ny borgarleg regjering, var Hareide nøye med å poengtera at konklusjonen var situasjonsbestemt, ikkje eit politisk linjeskifte.

Etter åtte år på «tribunen» ­under rødgrønt styre ønskte partiet igjen å bli ein del av regjeringsløysinga. Samtidig slo parti­leiaren fast at KrF som verdi- og sentrumsparti ikkje ønskjer å bidra til faste partiblokker, og at partiet til ei kvar tid vil søkja­ samarbeid med andre parti «når det ikke kolliderer med vår ­ideologi og profil, men samlet sett kan gi økt gjennomslag og forståelse for partiets politikk.»

Utgangspunktet i dag er på fleire vis annleis enn i 2013. KrF har gjort nyttige erfaringar gjennom tre utfordrande år som samarbeidsparti for ei blåblå ­regjering. Erna Solberg har sytt for at draumen om ei regjering utgått av H, KrF og V er så godt som død. Jonas Gahr Støre har skapt ein ny situasjon gjennom å invitera KrF inn i ei Ap-sentrumsregjering. Dermed er den interne prosessen i KrF blitt både meir open og krevjande enn for fire år sidan.

Sjølvforståing i spel. Samtidig som Knut Arild Hareide ser at partiet kan koma i ein ønske­posisjon, erfarer han at utfordringa er enormt krevjande. I samarbeidsdebatten vil sentrale­ aktørar at KrF ideologisk og politisk skal bli eit meir tydeleg konservativt og borgarleg kristeleg parti og dempa ned reservasjonane mot regjeringssamarbeid med eit liberalt og populistisk Frp.

Ein slik argumentasjon set i ­realiteten partiet si sentrumspolitiske sjølvforståing i spel og gjer KrF smalare – og dermed også mindre gjenkjenneleg for mange.

Situasjonen krev klok balanse­kunst på slakk linje. Realpolitikaren Hareide ser at tre år som samarbeidsparti for Solberg-­regjeringa har gitt resultat og veit at nøklar til regjeringskontor gir meir politisk makt.

Men den reflekterte idépolitikaren er samtidig på vakt mot faren for å trø over «kompromissets grense» slik at den ideologiske og politiske integriteten til partiet blir sett på spel. Samarbeidet med H og Frp har lært han at store­ ideologiske og politiske spenningar kan gi skade og smerte både på kort og lengre sikt.

Langt frå Frp. Partileiaren er i dag tydeleg på at det i 2017 igjen bør vera tid for KrF i regjering, men er førebels taus om linjeval. Så langt tar han både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre på alvor og styrer ein intern prosess som skal sikra at partiet ikkje konkluderer berre på «refleks» og ut frå gammal erfaring. Dei to «friarane» skal testast ut så langt det er råd ut frå KrFs politiske prioriteringar. Det krev tid og seriøs vurdering.

KrF står svært langt frå Frp i spørsmål som mellom anna ­internasjonal solidaritet, asyl- og flyktningpolitikk, alkoholpolitikk, klima og miljø, skatt, landbruk og distrikt. I ein eventuell brei borgarleg koalisjon vil det vera viktig for KrF at statsminister Erna Solberg viser vilje til å justera den politiske kursen lengre inn mot sentrum enn idag. Vil ho det? Og kva med spørsmål som søndagshandel, fedrekvote og nivået på oljepengebruken i ein slik koalisjon?

Verbal velvilje. Jonas Gahr Støre snakkar raust om dialog­ med KrF om verdipolitiske spørsmål som betyr mykje for partiet: bioteknologi, barn og familie, kyrkje- og livssyns­politikk og så bortetter. Men vil verbal velvilje bli følgd opp i praksis?

For KrF er det vidare viktig å få positive Ap-signal om vilje­ til å stimulera frivillig sektor og styrkja partnarskapen mellom staten og ideelle organisasjonar. Ikkje minst bør Jonas Gahr Støre kunne forplikta seg til at Ap i ­regjering vil gi større konsesjonar­ til samarbeidsparti i sentrum i spørsmål som gjeld klima/miljø og flyktning-/ asylpolitikk enn kva dei vil oppnå i koalisjon med H og Frp.

Historiske Hareide. Knut Arild Hareide står framfor sitt kanskje aller mest utfordrande vegval som partileiar.

Ved å følgja råda om å låsa Ap-døra fortare enn svint og binda partiet fast til den borgarlege «masta» for lang tid, vil han gjera sitt til å endra KrF si sjølvforståing som kristendemokratisk sentrumsparti.

Ved å ta både Erna Solberg og Jonas Gahr Støre på alvor og halda­ døra open for samarbeid med den av «friarane» som samla­ sett kjem KrF lengst i møte, vil han flytta trykket over på desse og signalisera at ingen kan lena seg tilbake og ta KrF for gitt.

Dersom KrF i 2017 på nytt kjem i posisjon, vil Hareide uansett bli historisk. Han kan bli den første partileiaren som forpliktar KrF i regjering saman med Frp. Men Hareide kan også bli den første KrF-leiaren som går inn i ein ministerpost i ei Ap-­sentrumsregjering.

Raus Støre? Vi er mange som ønskjer oss det siste. Men det ­føreset ikkje minst at ein raus Jonas Gahr Støre gjer jobben sin.

Først publisert i Vårt Land 2.9.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt