Verdidebatt

Hald dørene opne, KrF

KrF bør ikkje lukke dørene, men jobbe for politiske gjennomslag gjennom å dra politikken mot sentrum

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Landsstyret i KrFU åtvarar KrF mot samarbeid med Arbeiderpartiet i regjering og tar til orde for at partiet bør gå til val med eit liknande vedtak som i 2013. Å låse døra mot Ap allereie no vil styrke Erna og Siv sitt regjeringsalternativ. KrF bør heller søke makt ut frå å seie at politikken er gjeldande uansett parti.

Då KrF for snart 4 år sidan gjekk inn for å kunne samarbeide med FrP var dette etter lange og harde diskusjonar i partiet sine organ. Mange frykta FrP sin klimaskepsis, bistandsmotstand, vingling om aktiv dødshjelp og liberalisering i alkholpolitikken. Problemet var at det ikkje fanst eit godt alternativ. Den fastlåste raudgrøne koalisjonen opna ikkje for at KrF kunne få innverknad. Åtte år med raudgrønt styre hadde tatt Noreg i retning av å bli eit sorteringssamfunn, vi opplevde ei «istid» for asylborn sine rettar, landbrukssektoren var prega av konfliktar og klimagassutsleppa halt fram å auke. Sidan det ikkje fanst eit godt alternativ landa KrFpå å opne for samarbeid med FrP. Dette vedtaket har både gitt utfordringar og gitt KrF innverknad og viktige gjennomslag, men vi må vere forsiktige med å tru at situasjonen i dag er den same som den var den gongen.

KrFU peikar på eit samarbeid mellom KrF, Venstre og Høgre som sitt primærstandpunkt. Dersom ein legg til Senterpartiet i denne lista dekker ein dei samarbeidspartnerane som eg opplever at dei fleste KrF-arar helst vil samarbeide med. Spørsmålet er kva ein skal gjere når situasjonen er slik at dette ikkje er eit alternativ. Mitt råd er at ein ikkje ser påpartinamn, men på politikk. For oss i KrF handlar politikk om å få gjennomslag for dei politiske løysingane vi trur på, slik at samfunnet blir prega av dei kristne verdiane vi byggjer på.For meg betyr det lite om partia ein samarbeider med for å få til dette heiter Ap, Senterpartiet, Venstre, Høgre, FrP eller til og med Raudt. Det viktige er at ein får gjennomslag for politikk. Dessverre er vi i ein situasjon i Noreg der vi sidan 2005 har blitt stadig meir todelt politisk system.Denne todeliga har auka innverknaden til fløyparti med samfunnssyn og menneskesyn som ligg langt frå KrF sitt. For å få gjennomslag bør KrFarar derfor ikkje kappast om å låse dører til andre fortast mogeleg, men halde dørene oppe etter alle alternativ som kan gje oss eit samfunn med meir solidaritet utan sosialisme, meir fridom utan egoisme og meir likeverd utan einsretting.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt