Verdidebatt

Fridommen treng grenser

Regjeringa har gitt oss segway og lakrispiper i butikken og no får vi kanskje lov til å kjøpe sjokokadesigarettar og. Det er bra med meir fridom for den enkelte, men det er ikkje laksrispiper vi treng. Det er ein annan fridom vi treng

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

At fridom og ansvar heng saman er ingen klisje. Min fridom må ha ei grense der han har negative konsekvensar for miljøet eller for andre menneske. Da min tipptippoldefar Jakob Pedersen Sandvik vart valt som første ordførar i Bud herred i Romsdal i 1837 da formannskapslovene vart innført, fekk han 12 røyster ved valtinget og rekkefølgja mellom formenn og varamenn vart avgjort ved loddtrekning. Sidan vart han valt til ordførar med to røyster da formannskapet vart konstituert. Kvifor så få røyster? Det var mange som ikkje hadde røysterett. Ingen kvinner til dømes. Og å kome seg frå Hustad til Tornes med dei båtane folk hadde i 1837, var ikkje for alle. Det var mykje som avgrensa folk sine moglegheiter til å delta i demokrati og samfunn i 1837, både fattigdom og mangel på høve til utdanning, men og dårlege båtar og mangel på vegar. I dag er det ikkje i mangel på vegar og båtar hindera ligg, men framleis må infrastrukturen fungere, anten det dreier seg om tilgangen på breiband i distrikta eller å ha ein godt fungerande kollektivtrafikk i byane. Å setje menneske fri til å leve gode liv og delta i samfunnet handlar om helse, utdanning og jobb, i vidaste forstand. Å gi like høve for ulike menneske no og i framtida inneber at vi må gi ulike menneske ulike tilbod, og at samfunnet må setje nokre grenser for å verne natur og menneske. Å gi menneske fridom handler om tidleg innsats på helsestasjon og barnehage for å fange opp kven som treng ekstra hjelp, det handlar om den gode skulen, det handlar om både førebyggande tiltak og hjelp i psykisk helsevern og rusomsorg, det handlar om korleis menneske som er heilt eller delvis utanfor arbeidslivet får hjelp til å leve gode, verdige liv og bruke sin kompetanse og sine evner. Det handlar og om sikre at felleskapsinstitusjonane er tilgjengeleg for alle. Folketrygd, Statens lånekasse og skuletilbod er grunnleggjande og lett å ta for gitt. Og ikkje gløym biblioteka. Gratis tilgang på bøker er framleis ein føresetnad for demokratiet. Og fridomen må ha grenser. Samfunnet må setje grenser der min fridom har negative konsekvensar for miljøet og for menneske. Difor treng vi lover, reglar og økonomiske incentiv som vernar natur og miljø. Difor treng vi lover, reglar og avtalar som vernar dei svakaste partane i arbeidslivet. Difor har vi lover som set grenser for kva vaksne kan gjere mot barn. Difor har vi lover, reglar og avgifter for tobakk og usunne drikkevarer og matvarer. Difor treng vi ein ansvarleg rusmiddelpolitikk og spelpolitikk som vernar dei svakaste. Publisert i Vårt Land 30.mai 2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt