Verdidebatt

1. mai 2016

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.



Kl 08.00 heiste eg flagget. Antrekket var mørkeblå kjeledress, grøne fjøsstøvlar og heimestrikka lue. Hendene lukta av nyfødd liv. Eg hadde nettopp teke imot årets fyrste lam.
Ved fyrste augekast vil skildringa ovanfor kunne lesast som ein heilt alminneleg rapport frå

1. mai. Kan hende ville ingen reagert om eg hadde reist vidare til 1. maigudsteneste, solidaritesmarkering og samling i regi av fagrørsla. Vi lever i 2016, og gamle vasstette skott er i ferd med å gå opp i liminga.

Eg let tankane gå nokre år attende i tid. Mest truleg snakkar vi om 1989. Eg er ti år og går i tredje klasse ved Svatsum skule. April er på hell. Blant gardbrukarane i Svatsum er samtalar og fokus sentrert kring våronn, lamming og vøling av meterlange gjerde. Hjå ein nysgjerrig og tenkande tiåring er det mange spørsmål og tankar som melder seg. Eg registrerer ein viss likskap mellom logoen til Norske kvinners sanitetsforening og Det norske Arbeiderparti, og utfordrar mor på å gje ei nærare utgreiing av saka. Svaret er både ullent og unnvikande, og er verken opplysande eller klargjerande nok for han som vil forstå korleis verda heng saman.

Eg endrar taktikk og går meir spesifikt til verks i utspørringa: "Kva er Arbeiderpartiet for någgå, mor?". Svaret er kort og presist: "Det skal vi snakke om når du blir større!".

Historia kunne ha enda her. Eg kunne lagt alle spørsmål til side. Dei som hadde satt meg til verda kunne valt å avfeie eit kvart spørsmål som hadde til føremål å avdekke samfunnssyn og ideologisk tilhøyrsle.

Men: det nærma seg 1. mai, og dei lokale arbeiderlaga hadde gått saman om eit stort arrangement. Dette var lagt til forsamlingslokalet Heimly, ei kilometer frå garden der vi bur.

Eg nytta høvet til å halde fram med spørsmåla mine, og fekk ei kort og sakleg innføring i historia til arbeidarrørsla og Det norske Arbeidarparti. Det vart presisert at verken mor, far eller nokon av besteforeldra mine høyrde til på denne sida av det ideologiske og politiske landskapet. Men like sterkt i minnet står følgjande presisering: "Vi må respektere at folk tenkjer og handlar ulikt".

Far kontakta naboen, som i fleire periodar hadde representert Senterpartiet i det lokale kommunestyret. Gjennom eit mangeårig medlemskap og engasjement i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, hadde han god dialog med leiaren i det lokale arbeidarlaget. Etter grundig refleksjon vart far og naboen einige om følgjande: Naboen skulle kontakte leiaren i arbeidarlaget, og spørje om vi kunne delta på 1. maimarkeringa. Han skulle samstundes spørje om det var lov å ta med ungar. Svaret var kort og eintydig: "Kåffår spør døkk om det da?! Åt øss er alle velkome!".

Det var ingen kven som helst talar dei hadde skaffa til 1. maimarkeringa dette året. Han heitte Åge Hovengen, og hadde i mange periodar representert Oppland Arbeiderparti på Stortinget. Småbrukaren frå Vestre Slidre var ein respektert folketalar, handlekraftig politikar og ukueleg forkjempar for dei svakaste i samfunnet. Han tala småbrukarane si sak og var kjend for å nytte eit kvart høve til å halde minnet om bureisaren varmt. Dette visste eg ingenting om denne gongen. Eg kom til Heimly med opne øyre, og gjekk heim med eit minne for livet.

Hovengen mala det eine biletet sterkare enn det andre. Særleg hugsar eg dette: Han åtvara mot høgresida i politikken, som nok ein gong ivra etter å ta over nøkkelen til statsministeren sitt kontor. Jan P. Syse vart samanlikna med ein gardbrukar. Når han går inn i lammebingen med tåteflaske og nyblanda mjølkeerstatning, står kopplamma i kø og kappast om dei edle dråpane. Det største kopplammet heitte Kjell Magne Bondevik, og sto alltid klar når Syse kom med tåteflaska. Kopplammet vifta glad med rompa, og gardbrukaren løfta flaska høgare for kvart slurpetak.

1. mai 1989 vil for alltid bli ståande som eit sterkt minne. På mange måtar vart det eit vendepunkt for meg. Eg var i ferd med å sprenge meg ut av den trygge og til dels naive barndomsbobla. Sakte, men sikkert, voks erkjenninga av ulikskap og urettferd fram.

"Solsida" og "Baksida", slik vi omtalar skiljet mellom austsida og vestsida lokalt, vart eit bilete på dei mekanismane som bidreg til å halde murane oppe. Parallelt vart eg styrka i trua på at ideala frå den franske revolusjonen er relevante og nødvendige når framtidskursen skal stakast ut: liberté, égalité, fraternité - fridom, likskap, brorskap.

Kampen for ei betre, varmare og meir rettferdig verd kan ikkje vinnast enkeltvis. Her må vi løfte i flokk, på tvers av ideologiske og politiske skiljeliner. Her må vi våge å leggje fargane og markørane til side, i felles kamp for alt som kan bidra til å byggje ned murane mellom land, folk og nasjonar. Kampen må alltid ha ei lokal forankring - anten vi kallar oss arbeidarar, bønder, akademikarar eller kunstnarar. Solidaritet er eit omgrep som krev nytolking og utvikling. Solidaritet krev at vi evnar å sjå oss sjølve og kvarandre i ljos av dei konkrete og meir perifere samanhengene vi er ein del av.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt