Verdidebatt

Den store kyrkja - og Luther

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Neste år er det jubileum for Luthers reformasjon. Den norske markeringa skal vera "samtidig" og "økumenisk". Tynn velling, med andre ord.

«Sola scriptura» var Luthers våpen mot ein tradisjon han – ikkje utan grunn – hadde stor mistru til. Etter at kyrkjemøtets vedtak om liturgi har ein ikkje lenger noko «sola scriptura» å byggja på. Som ein kommentator i Dag og Tid skreiv nyleg – etter dette vedtaket må dei som står på eit slikt standpunkt anten røma til den katolske kyrkja eller til frikyrkjene.

Etter at den norske kyrkja slik har lagt seg flat for vestleg liberalisme skjer det samstundes noko viktig: Leiarane for dei to største kyrkjene i verda har møttest i Havanna – og møtet har gjeve svært tydelege signal som peikar i ei heilt anna retning.

For dei som er interessert i dei lange linene er dette viktige nyhende. At paven no seier at det var ein historisk feil å oppretta dei unierte kyrkjene er eit viktig og stort steg. Og det er tydeleg eit steg i retning av å byggja bru over det store skismaet i kristendomen.

Men det er heller ikkje utan symbolsk tyding at dette møtet skjedde i Havanna. For russarar flest er Havanna ei bakdør til deira eiga, kommunistiske historie. For ein latinamerikansk pave er Havanna ein naturleg stad for å fornya og understreka bodskapen i den katolske kyrkjas antikapitalistiske tradisjon

Eg legg ved Israel Shamirs kommentar om dette toppmøtet. Om det finst folk som er heilt heimlause i den kyrkjepolitiske verda – som er positive til tilnærminga mellom katolsk og ortodoks, utan heilt å villa gje slepp på arven etter Luther: Ta kontakt! Kanskje vi kunne laga ei diskusjonsgruppe eller liknande?

http://www.unz.com/ishamir/three-churches-summit/

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt