Kommentator Sofie Braut

Dette stemte Kyrkjemøtets mindretal for

Det meste av kyrkja si undervising er retta mot barn og unge. Ei ordning som opnar for ekteskap mellom menneske av same kjønn, vil få til følge at kyrkja ikkje kan tala med autoritet på dette området.

Publisert: 13. apr 2016

Flertalet på Kirkemøtet 2016 har vedteke at Den norske kyrkja skal innføre ein liturgi for likekjønna par, og følgeleg ei ny lære om ekteskapet. Vi som underskriv dette innlegget, er delegatar som var ueinige i dette, og vi stemte for følgjande alternative forslag til vedtak. Det vart nedstemt, men fekk 31 stemmer.

•«Kyrkjemøtet held fast på at 
ekteskapet er innstifta av Gud for samlivet mellom éin mann og éi kvinne. Kjønnspolariteten har i heile kyrkja si historie vore eit konstituerande element i ei kristen ekteskapsforståing. Bibelen og vår evangelisk-lutherske lære gir oss ikkje mandat til å endra på dette.

• Ekteskapslova av 2008 legg ei anna forståing til grunn. Dette er dessutan ei «koplingslov», ettersom reglar og rettar i adopsjonslov, barnelov og bioteknologilov gjeld for alle par som lever i ekteskap. Barnelova slår til dømes fast at eit barn ikkje kan ha ein far når det har ei «medmor». Formuleringar som denne er svært normerande, og representerer eit radikalt brot med kyrkja si lære om tilhøvet mellom mor, far og barn.

• Det meste av kyrkja si undervising er retta mot barn og unge. Ei ordning som opnar for ekteskap mellom menneske av same kjønn, vil få til følge at kyrkja ikkje kan tala med autoritet på dette området, og at ein på lokalplanet anten vil tala med to tunger eller teia om desse fundamentale spørsmåla for ei kristen oppseding.

• Kyrkjemøtet seier difor nei til å innføre vigslingsliturgi for likekjønna par eller forbøn for borgarleg inngåtte ekteskap mellom likekjønna.»

Anne Brun Andersen, Gunhild Andreassen, Øivind Benestad, Stian Berg, Geir Ivar Bjerkestrand, Thomas Bratsberg, 
Sofie Braut, Reimar Brun, Berit Nøst Dale, Anette Fredly, Gunnar Gjevre, Marie 
Klakegg Grastveit, Rolf Magne Haukalid, Ingjerd Breian Hedberg, Beate Husa, Henrik Magnus Kiærbech, Rikke Grevstad Kopperstad, Aud Kvalbein, Ragnar Løsnesløkken, Egil Morland, Jan Olav Olsen, Frode Rabbevåg, Olav Rønneberg, Ann-Kristin Sørvik, Rønnaug Torvik, Marit 
Sofie Teistedal Vikre, Marius Økland, 
Steinar Aanstad, Jostein Ådna.

Kommentar #1

Marianne Solli

19 innlegg  1547 kommentarer

Takk for informasjon

Publisert over 5 år siden

Hva skjer videre? Blir dere å innordne dere flertallet, eller ...?

Kommentar #2

Gunnar Søyland

18 innlegg  2558 kommentarer

Flertallsdiktaturets forfølgelse venter

Publisert over 5 år siden
Marianne Solli. Gå til den siterte teksten.
Hva skjer videre? Blir dere å innordne dere flertallet, eller ...?




"Evil talks about tolerance only when it’s weak. When it gains the upper hand, its vanity always requires the destruction of the good and the innocent, because the example of good and innocent lives is an ongoing witness against it. So it always has been. So it always will be."

    - Erkebiskop Charles Chaput, Philadelphia 

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere