Leif Halvard Silli

69

Putiniseringa av Russland

Norske media driv ikkje med demonisering av Russland – dei driv med Putinisering av Russland. Desverre ser det ikkje ut til at Per Anders Johansen i Aftenposten representerer noko nytt når det gjeld norsk russlandsjournalistikk.

Publisert: 20. mar 2016

Per Anders Johansen, Aftenpostens nye Russlandskorrespondent, er i gang: I papiravisa 19. mars 2016 kunne me lesa om ein russisk spionskule for barn, der «Barnas drøm er å bli spionjegere for Putin». Og på nettet i dag handlar det om jobbar som «er forbudt for kvinner i Russland».

Sjølv har Johansen sagt at han, med korrespondentjobben sin, har fått drøymejobben, og han er vel med desse artiklane i gang med det prosjektet han såg fram til: «jeg ser frem til å skrive om dagligliv, sport og kultur». Aftenposten gjorde og eit poeng av at Johansen kom til landet som tiåring - han skal kunna både språket og landet, og i tillegg var han ein gravejournalist som til og med hadde hadde fått SKUP-prisen.

Men Johansen hadde vel neppe fått jobben dersom han hadde representert eit brot med Aftenpostens Russlands-journalistikk.

På nettsida med artikkelen om «Putins jobbeforbud» er Putin nemnd tretten gonger - fleire gonger i genitivs form: «Putins x, y, z».

I artikkelen står det mellom anna at «Hvert … yrke som er forbudt for kvinner, er ramset opp i regulativet som ble signert av president Vladimir Putin i 2000».

Men, nei. Dokumentet vart ikkje signert av president Vladimir Putin i 2000. Dokumentet vart signert av statsminister Putin den 25. februar år 2000. Rett nok var han på den tida fungerande president – fordi Boris Jeltsin trekte seg 31. desember 1999.

Johansen presenterer elles dokumentet som «Presidentregulativ nr. 162». Men, nei. Dette er «Regjeringsresolusjon nr 162».

Å finna ut dette tok meg berre to oppslag i Wikipedia og ein bitteliten runde med Google Translate pluss at eg kan ein del russisk sjølv òg — eg kjenner meg nesten som ein gravejournalist alt, og SKUP-prisen er nok snart i boks!

Vladimir Putin vart vald til president ein månad seinare, den 26. mars år 2000. Vedtaket, om å regulera høvet for kvinner til å ha inneha visse yrke, kan ein med andre ord sjå på som ein del av valkampen til Putin.

Men det å omtale vedtaket som ein regjeringsresulosjon ville ikkje ha passa inn i det biletet av Russland som Noreg oppdreg barna sine til å ha. Det er jo vanlege land som har regjeringsvedtak – og Russland skal ikkje framstillast som vanleg. Russland er ikkje vanleg – det er Putinsk.

I Sverige har dei forresten veldig mange spionar frå Russland, såg eg i norske media den siste veka - og det handlar ikkje «gamaldagse» spionar, fekk me vita,  men vakre og sosialt flinke folk. Og ser svenskane noko svart i sjøen, så er det ein russisk ubåt – på høglys dag!

Dersom du såg forsvarsdebatten på SVT for eit par månader sidan, så fekk du forresten inntrykk av at landet var svært redde ein nært føreståande krig – alternativt var det nokon som utnytta fjernsynet til å skremma svenskane til å søkja medlemsskap i NATO. Og då har eg ikkje nemnd åtvaringane mot spionasje her i landet eller vår eigen, sjølvsagt heilt ufarlege, Jens — Libyas Jens.

Har du forresten fått med deg at Russland har testa, nye, moderne våpen i Syria? Veldig alvorleg! Det var sjølvsagt berre gamle skrapvåpen som Noreg brukte i Libya … (Av og til er våpen «gode» fordi dei er nye og veldig presise – bortsett frå når det er motparten som har dei nye våpna, sjølvsagt.)

Kjære lesarar: Det er vel godt å bu i gode og frie land utan propaganda av noko slag?

Ein journalist som ikkje grev i sitt eige hovud og ikkje konfronterer sine eigne og sitt eige lands fordomar er slett ikkje nokon gravejournalist.

1 liker  

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Leif Halvard Silli

69 innlegg  589 kommentarer

«Mora mi bygger denne metroen»

Publisert rundt 5 år siden

Det er sjølvsagt ikkje prinsippielt feil av journalist Per Anders Johansen å lata Aftenposten sine lesarar få vita om regjeringa i Russland sitt vedtak om kva yrke kvinner i Russland ikkje bør ha.

Men røynda, også den «offisielle» røynda, er meir komplisert enn det bilete ein får av å stira seg blind på eit slikt enkeltdokument.

Når det gjeld likestilling, som denne artikkelen handlar om: Ein av dei siste gongene eg var i Moskva la eg til dømes merke til ein heilt fersk, typisk «politisk korrekt» plakat der stod noko slikt som at «mora mi er med å byggjer denne metroen».

Eller som det stod i sovjetiske lærebøker i russisk for utlendingar: «Eg heiter Pjotr. Mor mi er ingeniør.»

Kommentar #2

Øyvind Holmstad

191 innlegg  696 kommentarer

Putleriseringa av Russland

Publisert rundt 5 år siden

"Jeg kan til dels forstå, at korporative interesser er blinde for, at de støtter en wahhabisme potentielt lige så farlig som nazismen. Men det amerikanske narrativ føres utvetydigt frem i de danske medier, fx her af redaktør og erfaren korrespondent i Mellemøstlige forhold Anders Jerichow:

”De russiske fly spreder død og ødelæggelse over det syriske samfund og en civil befolkning – lige foran vores øjne. Men regeringer, der ellers priser sig af ansvarlighed, lader ham bombe uden anfægtelse. Lader ham dræbe civile. Og lader ham slippe for en anklage ved den internationale straffedomstol.”

Hvor længe skal vi fortsætte som artister i USA’s store road show, der ødelægger verden på en kynisk korporativ dagsorden? Hvor længe skal vores medier understøtte og legitimere den ulovlige saudiske og amerikanske dagsorden om ’overthrow’ af Asad i Syrien?"

http://steigan.no/2016/03/20/bortset-fra-den-vestlige-propaganda/

Putleriseringa av Russland kunne vel vært en mer passende overskrift. I Norge så som i Danmark. La USAs vilje skje. Amen.

Kommentar #3

Søren Ferling

0 innlegg  4867 kommentarer

Publisert rundt 5 år siden
Øyvind Holmstad. Gå til den siterte teksten.
Men det amerikanske narrativ føres utvetydigt frem i de danske medier, fx her af redaktør og erfaren korrespondent i Mellemøstlige forhold Anders Jerichow:

Jerichow er fra 'Systemet Politiken', som kritikere kalder avisen og meget kulturradikal.

Ham mener f.eks. også at vi må indrette os på at nu er der andre regler for ytringsfrihed - ikke at han ønskede det sådan, men man må bøje sig for overmagten. Det er samme synsvinkel som partiet RV, som traditionelt ligger nær ved avisen Politiken. Den vinkel havde de også overfor nazismen.

Venstrefløjen har gjort fælles sag med højfinansen og corporate america - den traditionelle ærkefjende er blevet fløjens forbillede.

Nu mener fløjen at solidariske samfund er racistiske samfund og at globalisering, multikulti og proletarisering af befolkningen er det eneste ænstændige.

Og de kræver skam stadig at blive taget alvorligt.

1 liker  

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere