For Kristelig Folkeparti, slik eg kjenner partiet, femner begrepet menneskeverd heile livslina, frå barnet i mors mage til dødsleiet. Dermed involverer menneskeverdtanken alle politiske vurderingar, ikkje minst innanfor flyktning- og integreringsspørsmål, bioteknologi feltet, abort og reservasjonsrett, sexkjøpslov, aktiv dødshjelp og mykje meir.
For Venstre kan det, sett frå utsida, virka som om begrepet menneskeverd etter kvart har fått ei noko innsnevra aktualitetsline. Eg tviler ikkje på at Venstre tek menneskeverdet på alvor. Men det kan til tider virka som om Venstre sin liberalisme (fridom og openhet for endring) går framføre menneskeverdet?
Er det slik at menneskeverdet er blitt modernisert i takt med dagens meir egofikserte livsstil og karrierejag?