Jan Ove Ulstein

3

Einskap og krenking i debatten om vigselsliturgi

Med to syn side om side må også to liturgiar kunne stå side om side utan at det kan kallast krenkande.

Publisert: 10. feb 2016

Eg skvatt litt då eg såg overskrifta på Halvor Moxnes sitt svar (Vårt Land 6. februar) på mitt innlegg (Vårt Land 3. februar). Hadde eg gjort meg skuldig i noko «Direkte krenkende»? Eg skal gi nokre svar.

Først: Nei, eg ser ikkje for meg fleire rundar teologisk diskusjon om forholdet mellom openberring og erfaring før kyrkja går vidare på noko det er fleirtal for. Og: Ein må vere blind for ikkje å sjå dei endringane i samfunn, kyrkje og teologi
som har funne stad dei siste tjue åra i dette spørsmålet, i akselererande grad – utan at det kan brukast som eit direkte teologisk argument. Men eg ser at teologien må fullføre den diskusjonen. Eg kunne vise til ei rekke bidrag som aktualiserer det. Og ganske mange ­debattantar kunne trenge eit kurs i hermeneutikk. Eg vil tilrå Lærenemnda 2006 som utgangspunkt.

Mitt innlegg ville vise at den skjøre balansen i kyrkjelege utgreiingar (og i Bispe­møtet og Kyrkjemøtet) ikkje vil tole ein felles ­liturgi. Dette standpunktet har vore framme etter kyrkjevalet. Sturla Stålsett sitt fyndige «ein dåp og ein liturgi» gav signal om slikt. Det kallar eg å definere motparten inn i sitt syn, noko som ikkje gjer rett for at det kan vere to syn i kyrkja, i «velgrunna usemje», side om side.

Det er mange nok som ikkje aksepterer det, noko debatten har vist. Det var ikkje mitt tema. Mitt hovud­ærend var einsidig dette: ein eller to liturgiar? Det var heller ikkje ei skulding om at Åpen folkekirke ville trumfe gjennom eit slikt syn, men ein argumentasjon for at dei ikkje burde.

Eg var ikkje overraska over resultatet på årsmøtet­ til Åpen folkekirke. Krenkar Åpen folkekirke homo­file og lesbiske, så gjer også eg det. Men med to syn side om side må også to liturgiar kunne stå side om side utan at det kan kallast krenkande. Eg har aldri argumentert for ei «særbehandling», eller ein «tilleggsliturgi». Eg argumenterer for at begge syn skal kunne vere til stades om ein vil halde kyrkja saman.

Så må eg beklage at Kristin Gunleiksrud Raaum sitt syn gjekk under radaren, og gjorde mitt innlegg unødig upresist. Men det endrar lite. Eg held det synet for å vere innanfor hovudpoenget: To liturgiar for ei kyrkje. Ho brukar til og med uttrykket «i tillegg til dagens liturgier», utan å få skjenn. Eg vil sjølvsagt forsvare at ein utformar den slik at eige syn kjem til sin rett, det var det eg argumenterte for. Spørsmålet som blir drøfta til dømes i Danmark, om liturgien for likekjønna ekteskap kan nyttast også av heterofile, ser eg liten dramatikk i, i forhold til hovudspørsmålet.

Eg ser heller ikkje det krenkande i to ulike og sidestilte liturgiar for to grupper, slik Bispemøtet­ hittil tenkjer seg, men kan skjøne skuffelsen. Uansett: Liturgi for likekjønna ekteskap har vunne fram. Korleis den djupe usemja skal handsamast, er ei vital utfordring.

Å trekke krenkingskortet blokkerer.

Først publisert i Vårt Land 10.2.2016

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere