Verdidebatt

To liturgiar for éi kyrkje?

Det er neppe einskapsfremjande å trumfe gjennom å definere motparten inn i sitt eige syn. Åpen folkekirke har høve til å vise klokskap her.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Striden om likekjønna ekteskap er vunnen av dei som har kjempa for ei kyrkjeleg velsigning for ei (tidlegare) marginalisert gruppe. Det er fleirtal på Kyrkjemøtet for ein slik liturgi, og dermed ei ny lære i Den norske kyrkja. På vegen har ein gått svært mange runder i kyrkjelege organ, sist med Lærenemnda 2006 og Samlivsutvalet 2013, Bispemøtet og Kyrkjerådet. Kyrkjemøtet får saka i vår.

Ved sida av sjølve spørsmålet om homofilt samliv har det dominerande drivet undervegs vore kampen for å kunne leve med velgrunna usemje, og til og med to uforeinlege syn i saka – utan at det får lov å sette den fundamentale einskapen i kyrkja ut av spel.

Strev. Partane har streva med det. I Lærenemnda var det berre så vidt. Eg har under arbeid ein større fagleg artikkel der eg går igjennom spørsmålet. Forenkla kan det seiast at syna er nær kvar­andre på mange måtar i desse dokumenta. Begge ser dei tre fordømmande tekstene hos Paulus som det dei er, men meiner begge at dei må settast inn i overordna bibelske perspektiv før ein kan konkludere i dag.

Begge vil halde Bibelen for å vere øvste norm i lærespørsmål, også av dette slag. Den restriktive parten forstår desse tekstene­ som uttrykk for det heterofile­ ­ekteskapet som grunnorm i skapinga. Det er ikkje motparten usamd i, men spør om det alltid og prinsipielt gjeld erotisk og ekte­skapslikande kjærleiksrelasjonar mellom likekjønna, eller om ein i tillegg kan etablere parforhold ved sida av hovudnorma.

Polarisert. Sjølve set dei orda inn i eit etisk perspektiv om det gode liv og etter Jesu føredøme. Dei vil uttrykke eit kjærleiksbod. Dei argumenterer også utifrå kunnskap om homofile sin situa­sjon og deira erfaringar.

Begge meiner at det bør argu­menterast også allment i ein skapingsetikk med overlys frå Kristus-openberringa. «Åpen­baringsvitnesbyrdet» må det argumenterast for med gjennomsiktige argument. For den restriktive parten gjeld det særleg det naturlege i kjønnspolariteten for slekta sin reproduksjon og synet på familien (tydelegast i Samlivsutvalget).

Valkampen var polarisert og popularisert. Men Kyrkjemøtet må ta stilling til liturgispørsmålet der dei veit at ein ikkje kan avgjere eit lærespørsmål med ei handsopprekking (Trond Berg Eriksen), men ser at endring av kyrkjeleg praksis krev teologisk legitimering og ansvar for samlivet i kyrkja.

Kompromisset er skjørt, med spørsmål om korleis ein kan gi samkjønna ekteskap kyrkjeleg vigsel samtidig som den andre fløya meiner det ikkje burde vere slik. Debatten i ettertid har vist at mange ikkje heilt går med på å ha begge syn samtidig, det er å lage liturgi for vranglære.

Å vere usamd teologisk er ein ting, å lærefeste er noko anna. Dreg ein også Lærenemnda litt i polariserande retning, så ligg usemja i ulik vektlegging av openberring og erfaring. Her treng vi å gå nokre runder til i teologisk drøfting, etter mitt skjøn.

Tvetydig. I vedtaket i Kyrkjerådet sist veke viser ein til eit dokument frå bispane i einskapens teikn. Begge partar innsåg at no blir det liturgi for likekjønna, og då må det vere med to ulike liturgiar i respekt for to uforeinlege syn. Det kan oppfattast som ei ­toleranse der det må vere respekt­ for det andre syn, men nødvendigvis ikkje aksept.

Eg meiner at i prosessen vist til ovanfor er det grunngivingar som kan gi grunnlag for å forstå i respekt at motparten kjem til sitt gale syn. Tilrådinga i Kyrkjerådet er litt tvetydig. Bispedokumentet er føresett, men det er likevel eit mindretal som vil ha ein felles liturgi fordi det ligg nærast deira syn.

Åpen folkekirke har ikkje gått til val på dette, og har heller ikkje fått mandat av veljarane sine til akkurat det. Truleg vil dei ikkje bruke partipisk på saka.
Alvoret i det ligg i premissa for to aksepterte syn i kyrkja, der den andre part vil oppfatte felles liturgi, der ein fritt kan velje sine bibelord og liturgiske formuleringar, som akkurat det dei er imot, og vil oppfatte det som ei invadering.

Det er ikkje vanskeleg å skjøne symbolverdien for homofile i ein felles liturgi, og det kan jobbast med fornying av all ekteskaps­liturgi. Men det er neppe einskapsfremjande å trumfe gjennom å definere motparten inn i sitt eige syn. Åpen folkekirke har høve til å vise klokskap her.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 3. FEBRUAR 2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt