Verdidebatt

Ei «sentrumsblokk» bør prøve på ny å skape sjokkbølgjer

Sentrumsblokka KrF, V og Sp skapte frustrasjon og sjokkbølgjer i dei største partia i 1997. Kan Knut Arild Hareide og Hilde Frafjord Johnson ta dei første stega for noko tilsvarande 20 år etterpå?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I 2017 er det 20 år sidan vi hadde sentrumsregjering. Vil dette i historia bli omtala som berre ein interessant parentes i norsk politikk? Eller gir det fortsatt meining å snakka om det politiske sentrum som meir enn ein «samlekategori» for parti i ein eller annan slags mellomposisjon i det politiske landskapet.

Når KrF, Sp, V og MDG i 2012 skal gå opp løypa fram mot 2017, vil dei bli følgde med stor interesse. Vårt Lands Berit Aalborg forklarar kvifor i sin artikkel i boka Røtter og vinger: «I nyere tid er ingen blitt statsminister i Norge uten støtte fra sentrum. Det gir sentrumspartiene en unik makt. Kun tiden vil vise om norsk politikk går mot en sterkere todeling eller en mer markert tredeling.»

Tyngdepunkt. Statistikk og analyse dokumenterer at det politiske tyngdepunktet, slik det kjem fram gjennom val, ligg nokså konstant ein stad mellom Ap og H. Sjølv når fløypartia SV og FrP har hatt sine glansperiodar, har aldri mindre enn 70 prosent av veljarane plassert seg frå Ap til H.

I NRK si første meiningsmåling i 2016 svarar ca. 76 prosent at dei i dag ville ha stemt Ap, H eller eitt av fire sentrumspartia. Det er vidare slik at sjølv om dei fire nemnde sentrumspartia kvar for seg er små, har dei som «blokk» betydeleg styrke. Ved valet i 2015 hadde dei fire til saman like høg oppslutning som H. I NRK si siste måling blir dei støtta av 21,4 prosent, med ei statistisk øvre grense for oppslutning på ca. 28 prosent.

I lys av slike fakta kunne ein ha venta større sentrumspolitisk tyngde enn det vi har sett så langt på 2000-talet. Sidan 2005 har vi hatt regjeringar med eit fløyparti i posisjon og eit sentrum som samla sett har hatt relativt lite makt. I 2005-13 var Sp rett nok representert i regjeringa, men KrF og V var parkert på «tribunen». I dag er Sp og MDG i opposisjon. KrF og V har som samarbeidsparti for ei H-FrP-regjering, skaffa seg eit visst handlingsrom til i beste fall å gjera politikken noko mindre blå.

Klassisk todeling. Då KrF, Sp og V valde ulike løyper etter 2000, fekk Ap og H sjansen til å gjenerobra den hovudregien dei mista i 1997, og driva tilbake trusselen mot klassisk todeling i norsk politikk. KrF har heilt sidan 80-talet utfordra den tradisjonelle blokktenkinga. På strategikonferansen i 2012 slo KrF-leiar Knut Arild Hareide fast at KrF som verdi- og sentrumsparti ikkje ønskjer å bidra til faste partiblokker i norsk politikk. Leiar av Kristendemokratisk forum, Erik Lunde, poengterer i Røtter og vinger at «et parti som vil representere en tredje vei, må holde muligheten åpen for samarbeid i begge retninger. .. For KrF bør det uansett være viktig at et fremtidig regjeringssamarbeid har et tyngdepunkt i sentrum.»

Eit sterkast mogleg tyngdepunkt i sentrum er avhengig av god stemmefangst helst til både  KrF, Sp, V og MDG. Det er derfor klok strategisk vurdering når KrFs nye generalsekretær, Hilde Frafjord Johnsen, løftar fram fornyingsprosess og organisasjonsbygging som sin jobb nummer ein fram mot neste års stortingsval. Slike strategiske vurderingar gjer nok også dei andre semntrumspartia.

Samla kraft. Samtidig trur eg betydeleg auka sentrumspolitisk tyngde føreset at partia også i aukande grad  framstår som sterke saman og kan forhandla med Ap og/eller H med grunnlag i samla kraft og strategi.

For å greia ut og vurdera om ei gjenreising av sentrum som eit tredje tyngdepunkt er realistisk, må partia kvar for seg ha ein fordomsfri diskusjon av strategiske og ideologiske spørsmål rundt temaet. Dersom konklusjonen blir positiv, må partileiinga setja seg ned for å meisla ut ein slagkraftig felles sentrumsstrategi. Den må vere forankra i klar vilje til å forplikta kvarandre og samtidig ha gjensidig tillit og respekt for politiske og ideologiske forskjellar.

Norsk politikk fram mot og inn på 2020-talet skal handtera krevjande utfordringar knytta til mellom anna «det grøne skiftet», menneske på flukt, integrering basert på respekt for både fellesverdiar og kulturelle og religiøse forskjellar, aktiv innsats for å redusera forskjellar, solidarisk medansvar for dei fattigaste i verda og behov for berekraftige omstillingsprosessar i norsk arbeids- og samfunnsliv.

Populistisk. I denne situasjonen er vi mange som ønskjer oss tydeleg og kraftfull sentrumspolitisk korreksjon til både H og Ap. H bør ikkje også etter 2017 få støtte til å prioritera allianse med eit liberalistisk og populistisk parti på høgre fløy framfor sentrum. KrF og V bør ikkje over tid stå som garantist for ein retorikk og praksis som har som mål å gjera Norge til eitt av dei strengaste land i verda i asylpolitikken.

Jonas Gahr Støre og Ap må konfronterast i sak etter sak – med diffuse og uforpliktande signal i miljø- og klimaspørsmål, tvetydig profilering på asyl- og  flyktningområdet, asylbarnproblematikken osb.

I kommentaren til Aalborgs artikkel i Røtter og vinger skriv KrFs Erik Lunde: «Partiet kan ikke ta ansvar for å sikre makten til ytterfløyene i norsk politikk. Over tid blir det uholdbart for et kristendemokratisk KrF å garantere for at et liberalistisk, populistisk høyre-parti sitter trygt i regjeringskontorene. Det er svært vanskelig å få øye på hva slags langsiktig politisk prosjekt Knut Arild Hareide og Siv Jensen skal kunne ha sammen.»

Felles strategi.  Eg trur personleg at ei eller anna form for felles sentrumsstrategi over tid vil vera den mest kraftfulle måten å utfordra både H og Ap på og bidra til å flytta det politiske tyngdepunktet frå ytterfløy til sentrum.

At KrF, Sp og V i 1997 framstod som «sentrumsblokk», skapte både frustrasjon og sjokkbølgjer i dei to største partia. Hvis noko tilsvarande skal skje igjen, må nokon ta initiativ og gå dei første stega.

Sett frå mi side vil Knut Arild Hareide vera rette mannen – i kompaniskap med ein ny generalsekretær som sjølv var ein av dei mest sentrale aktørane i arbeidet med å skapa sentrumssuksessen i 1997.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 23.01.2016

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt