Rolf Kjøde

40

Splittar den nye ekteskapslæra, Hallaråker?

Det er heilt nye signal frå dei biskopane som vil plassere seg i den klassiske læra om ekteskapet.

Publisert: 4. nov 2015

Karl Johan Hallaråker gir i Vårt Land 3. november full støtte til Bispe-
møtets forslag om vedtak i Kyrkjemøtet til våren. Eg har i grunn berre eitt spørsmål til Hallaråker: Ber du delegatane til Kyrkjemøtet om også å røyste for punkt to i forslaget?

Punkt to slår fast at den nye læra om likekjønna­ «ekteskap» ut frå teologisk vurdering ikkje er kyrkjesplittande­ vranglære, heilt motsett av det biskopane sa i 1997, men i samsvar med det biskopane sa i 2013.

Den gongen blei dei sterkt åtvara­ frå ei brei samling av kyrkje- og organisasjonsleiarar, men lytta ikkje til dette økumeniske­ rådet. Punktet seier også at den nye læra saman med den felleskyrkjelege har legitimt livsrom, ikkje berre som lære, men som praksis i kyrkja, noko som i samanhengen må bety ei teologisk legitimering av likekjønna vigselspraksis.

Det er heilt nye signal frå dei biskopane som vil plassere seg i den klassiske læra om ekteskapet. Dette er biskopane sitt forslag til eit samla vedtak i Kyrkjemøtet. Spørsmålet til Hallaråker er altså: Tilrår du delegatane i Kyrkjemøtet å røyste for dette punkt to i vedtaket?

Hallaråker konstruerer minst éin stråmann. Han polemiserer mot ønsket om at folkekyrkja må vere ein misjonsorganisasjon. Eg har for min del ikkje sett nokon som har bore fram det ønsket.

For eigen del har eg uttrykt skepsis mot organisasjonane som frikyrkjer, fordi det ville­ bli for smalt. Eg vil tilhøyre noko som er større og breiare enn mine preferansar og som utfordrar meg. Derfor: La oss halde oss til saka i staden for å skyte ned konstruerte figurar.

Dei klassisk plasserte biskopane si hensikt med det kompromisset dei har gått med på, har heilt sikkert vore god. Dei har ønska å skape livsrom for det som no blir mindretalslæra.

Isolert sett kan enkeltpunkt i kompromisset hjelpe dette for ei tid, slik som sikringa av to liturgiar i staden for éin, og erkjenninga av to uforeinlege teologiske haldningar.

På den andre sida har ein tatt frå dei lokale kyrkjelydane deira rett til å bestemme over bruk av eigne kyrkjehus. Kor lett det vil bli å forkynne og rettleie aktivt i samsvar med kyrkjas klassiske lære, får vise seg.

Reaksjonane frå og viljen­ til maktbruk hos biskopen i Stavanger­ på at kyrkjeleg fellesråd­ i Sandnes vil bruke den retten som biskopane opnar for, tyder ikkje godt.

Først publisert i Vårt Land 04.11.2015

Kommentar #1

Odd Haugerud

10 innlegg  29 kommentarer

Ikke døm for tidlig

Publisert nesten 6 år siden

Man skal ikke dømme en mann som Hallaråker for tidlig. Han er en reflekterende mann.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere