Verdidebatt

Ung skribent – skriv kronikk!

Vårt Lands debattredaksjon utlyser med dette ein kronikk-konkurranse som skal inspirere unge deltakarar i den verdi- og religionsorienterte delen av samfunnsdebatten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi er ute etter unge debattantar som kan setje verdispørsmål på dagsorden og utfordre vante førestellingar. Ein kronikk er naturleg nok faktabasert. Vi føreset gode kunnskapar. Men stemma må gjerne vere personleg, og meiningane tydelege.

Etikk. Kronikken må kaste lys over eit spørsmål i debatten om politikk, etikk og verdiar – eller i skjeringsfeltet der religion og samfunn møtest.

Vi er i denne runden ute etter bidrag frå menneske som er 25 år eller yngre. Lengde: 4.500 teikn med mellomrom og opp til maksimalt 6.000 teikn med mellomrom.

Vinnaren får årets Petter Dass-stipend. Dette stipendet vert delt ut av Vårt Land kvart år under Petter Dass-festen første torsdagen i ­desember.

Dette stipendet skal i år gå til ei ung stemme som har utmerka seg i Vårt Lands debattfora om verdispørsmål og religionens plass i samfunnet – og som fortener støtte til å utvikle seg vidare som debattant.

Vi delte ut Petter Dass-stipendet til ein ung skribent første gongen i 2013. Vinnaren den gongen blei Daniel Joachim Kleiven. Han har i tida etterpå brukt mykje krefter og tid på å utvikle seg som skribent og debattant. Vi har hatt fleire kronikkar av han i avisa og på verdidebatt.no, og han har sin eigen blogg der han borar i djupna av viktige spørsmål.

Kvinne. Er du ung og kvinne, er det ekstra grunn til å spisse pennen. Offentleg debatt har eit underskot av kvinner. Dei beste bidraga blir publiserte – i Vårt Land og på verdidebatt.no eller kanskje berre på verdidebatt.no, eit forum der vi ønskjer fleire unge stemmer. Frist for innsending: ­ 20. november 2015.

Send bidrag til debatt@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt