Verdidebatt

Kloke bisperåd i ein vanskeleg situasjon

Eg kan ikkje sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Biskopane i Den norske kyrkja har vore samla sist veke for å sjå om dei kunne finna ein veg saman etter kyrkjevalet i september.

Spørsmålet om homofilt samliv og liturgi for slik inngåing av ekteskap var stridstemaet. I mitt område registrerte eg at biskop Halvor Nordhaug i forkant lanserte ei mogeleg løysing med respekt for båe syn – og ikkje minst den klassiske forståinga av ekteskapet som ordning for mann og kvinne. Eg har ­registrert at fleire på konservativt hald kritiserte biskopen, og bad om synleg splitting. Etter mi vurdering opplevde eg derimot nød for det klassiske synet, og klok strategi i biskopen sine vurderingar. Saman med kloke prostar og prestar i Bjørgvin bispedømme, trur eg saka også framover blir klokt handtert.

To ulike. Slik eg forstår vedtaket nå, har Bispemøtet gjeve sine råd i denne retninga – vi får to ulike liturgiar,­ ­respekt for overtyding til prestar og andre kyrkjeleg tilsette om ikkje å medverka ved samkjønna vigsler, samt ikkje høve til å nekta bruk av kyrkjer.

Homofilisaka er vanskeleg. Bibelen talar tydeleg om tokjønna ekteskap og alvoret med å leva i strid med ­bibelsk rettleiing. Samtidig veit vi at vi også med det omtalar menneske med mange­ kjensler og deira familiar med store prøvingar. Eg skulle difor ønskja at vi ikkje alltid talar høgrøysta og forsterkar deira vanskelege situasjon.

Stor forståing. Eg må tilstå at ut frå situasjonen som har oppstått etter ­valet, har eg altså stor forståing for både biskop Nordhaug og den løysinga ein har samla seg om. Det aller viktigaste i rådet er faktisk konstateringa av at denne saka blir ein ikkje teologisk samde om. For meg tyder det at vi som har det klassiske synet ikkje kan overkjørast, men har fått stadfesta full råderett og talerett ut frå vår overtyding. Det er godt at biskopane ikkje dølgjer sanninga.

Eg kan ikkje sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine.
Det er sjølvsagt mange ting ein kunne­ ønskt annleis, men eg ville krenka min eigen integritet om eg tagde med overtydinga og ikkje offentleg støtta biskopane i si vanskelege vurdering. Eg ­synest dei har handla klokt og ansvarleg i denne svært krevjande situasjonen.

Kloke råd. Eg håpar at dei nye ­bispedømeråda og det nye Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet følgjer dei kloke råda biskopane har komme med. Det kan også gjerast med å få med fagleg sterke kandidatar mellom dei gamaltruande på dei resterande plassane i bispe­dømeråda. Det bidreg også til samling. Dei som kritiserer vil eg minna om at det er ikkje det same å styra einsarta organisasjonar eller forsamlingar, som å styra ei stor folkekyrkje. Nå har dei konservative biskopane vore med på å leggja premisser for utfallet i Bispemøtet.

Skal eg gje dagens organisasjonsleiarar råd, ville eg ønskja at dei forsterkar dei positive sidene ved bisperådet og slik ikkje bidreg til negative sjølvoppfyllande profetiar. Det er for meg vesentleg at dei ikkje overlet det til dei andre biskopane og deira støtte-spelarar åleine.

Klokt nok. Så skal også den andre helvta av biskopane ha ros. Med det nye fleirtalet i Kyrkjemøtet kunne dei også brukt si demokratiske makt til å gå vidare åleine. Det har dei klokt nok ikkje gjort. La oss be for alle som sit i ansvarlege kyrkjelege posisjonar i tida som nå er.

Først publisert i Vårt Land 3. november

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt