Hans Olav Brendberg

63

Bjørnetenester

Publisert: 28. okt 2015

Ein av dei viktige funksjonane til historieforfalsking er å villeia folk til å tena ei tvilsam sak med dei beste motiv. Det er ein sterk samanheng mellom historieforfalsking og bjørnetenester.

Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det viktigaste motivet til kristne sionistar er at dei meiner dei gjer godt att mot jødane for dei gruelege overgrepa som råka europeiske jødar under andre verdskrig. Men det som skjer i Palestina handlar om noko anna, og det finst ei anna historie her vi bør vera medvitne om. Fram til om lag 1800 levde europeiske jødar i ghettoar. I løpet av attenhundretalet slapp jødane ut av ghettoen, og fekk ein plass i dei europeiske samfunna. Den kulturen og religionen som høyrde ghettoen til mista makta over sine søner.

Ghettoen var ikkje noko godt samfunn. Det var eit samfunn samla i hat mot dei utanfor, samla i tru på at ein var overlegne alle andre menneske. Kvar morgon takka jødane i ghettoen Vårherre for at han ikkje hadde skapt dei som dyr, ikkje-jødar eller kvinner.

Sjåvinisme og hat ber frukter. På attenhundretalet vart jødar i Aust-Europa råka av valdelege pogromar, og mange vart drepne. Det få i dag veit er at fleire vart drepne i valdelege oppgjer jødar imellom. Ulike hassidiske sekter låg i konstant «krig». Jødar som var mistenkte for å gje tips til styresmaktene om økonomisk kriminalitet vart drepne etter «din moser»-lova. Jødar som arbeidde for opplysing og religiøs reform vart drepne av den etablerte makta i urolege tider.

Den som les det som vart skrive i perioden, vil sjå at det for mange jødar var ei enorm frigjering å leggja ghettoen og «det ekte jødiske» bak seg.

Det er vanlegvis ikkje spesielt triveleg å bu i ein trykkokar. Noko av det fårlegaste med Israel i dag er at landet er i ferd med å gjenskapa ghettoens innsnevra liv under nye tilhøve. Dei som «forsvarar i tjukt og tynt» forsterkar denne utviklinga.

Denne ferske kommentaren til Assaf Gavron gjev eit godt bilete av kva dette handlar om:

https://www.washingtonpost.com/posteverything/wp/2015/10/23/confessions-of-an-israeli-traitor/?tid=pm_opinions_pop_b

Kommentar #1

Petter Kvinlaug

190 innlegg  5335 kommentarer

Motiv?

Publisert rundt 6 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Eg er ikkje ein augneblink i tvil om at det viktigaste motivet til kristne sionistar er at dei meiner dei gjer godt att mot jødane for dei gruelege overgrepa som råka europeiske jødar under andre verdskrig.

Hva tjener det deg å tillegge kristne sionister motiver? Hvor tar du det fra?

Jeg selv har aldri tenkt i de baner og jeg kjenner heller ikke til at noen andre gjør det. Hvordan i all verden kan noen gjøre godt igjen Holocaust?

Jeg tenker, og mange andre, at jødene må få lov til å leve i fred i sitt eget land. Vi har ingen grunnlag for å forstå hva som må til for å forsvare seg mot alle de fiendene Israel har rundt seg. Vi tenker på vår nabo, Sverige, og så setter vi det hele inn i en helt fokjær kontekst. Vi lever jo greit med Sverige, enn så lenge.....

Den dagen vi møter fiender, som Israel har, vil vi bli fullstendig tatt på sengen!

Kommentar #2

Hans Olav Brendberg

63 innlegg  1085 kommentarer

Du underbyggjer berre mitt poeng:

Publisert rundt 6 år siden
Petter Kvinlaug. Gå til den siterte teksten.
Jeg tenker, og mange andre, at jødene må få lov til å leve i fred i sitt eget land. Vi har ingen grunnlag for å forstå hva som må til for å forsvare seg mot alle de fiendene Israel har rundt seg.

At historieforfalskinga sin viktigaste funksjon er å villeia folk til å tena ei tvilsam sak med dei beste motiv. "Eit land utan folk til eit folk utan land" var historieforfalsking. Det budde nokon i landet. Og landet er ikkje "jødane sitt land" på same måte som Noreg er nordmennene sitt land. For å gjera landet til "sitt" måtte sionistane riva 500 landsbyar ned til grunnen og fordriva 700 000 menneske. Og sjølv etter dette er halvparten av dei som bur mellom Jordanelva og havet palestinarar (meir og mindre rettslause).

Når du fordriv folk med vald frå stader dei har budd i generasjonar, tek jorda deira, bombar dei, skyt dei ned utan varsel når dei freistar vitja heimstaden sin og liknande får du fiendar. Men det å ta andre sitt land med makt er ikkje å "forsvara seg". På alminneleg norsk heiter det "erobring".

Kommentar #3

Petter Kvinlaug

190 innlegg  5335 kommentarer

Alle vil ha historien på sin side!

Publisert rundt 6 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
At historieforfalskinga sin viktigaste funksjon er å villeia folk til å tena ei tvilsam sak med dei beste motiv.

Er din forståelse av historien mest riktig eller min mest riktig? Mulig de er riktige begge to men vi utelater kanskje det vi ikke liker.

Ser du at argumentet ditt kan slå begge veier. Bruker ikke alle historien til å forsvare sitt syn?

Historien kan manipuleres og forstås på forskjellige måter. Det er dog litt vanskeligere når det gjelder "facts on the ground". Hvor mange jøder bor det i arabiske land og hvor mange arabere bor i Israel?

Jeg synes det forteller ganske mye. Hvor mange arabere er det på "Stortinget" i Israel. Hvor mange jøder er det samme i arabiske land?

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere