Hans Olav Brendberg

63

Den amerikanske evangelisten

USA er eit kontinent, eit kontinent der millionar berre sjeldan eller aldri har reist med fly eller sett andre delar av verda. Eit kontinent som av og til er usynleg og uforståeleg for europearar.

Publisert: 27. okt 2015

Men også eit kontinent med eigne tradisjonar, kultur og identitet. Det finst enorme avstandar frå det USA vi kjenner frå film- og TV-skjermen til det USA der den alminnelege amerikanar lever. Og sjølv om vi kan språket, blir store delar av kontinentet liggjande i mørket om vi berre ser det biletet den amerikanske eliten vil at vi skal sjå. Bakom utdanningseliten på austkysten, bakom Hollywood, bakom Greenwich Village og Fox News finst eit anna USA, eit mørkt kontinent der dei innfødde lever sine liv i ei verd som er annleis enn vår. Om du vil ha ein stifinnar til å visa deg veg i dette i dette mørket er Johnny Cash ein god stad å byrja.

 

Johnny Cash spela inn plater i nesten femti år – frå han byrja i 1955 fram til dei siste innspelingane med Rick Rubin. Formatet han arbeidde i var handterleg, men krevjande. På to-tre minutt skulle han uttrykka ein tanke, ei forteljing eller ei røynsle i tekst og melodi. Cash spela inn eigne versjonar av det meste innanfor populærmusikk – Bob Dylan, Hank Williams og alle dei andre. Men heile vegen produserte han også eigne perler innanfor sjangeren. Små kunstverk som vil bli ståande, meisla til for dei millionane som treng å fylla ein kveldstime, ein bil eller trailer på langtur eller ei arbeidsøkt med eit stykke musikk. Og han song alle desse songane – eigne og andre sine – som om kvart ord var sant. Og «det andre Amerika» kjende att denne røysta, og kjende att mannen som ein av sine eigne. For i alt han gjorde gav Johnny Cash røyst til den kvite, nordamerikanske mannen. Han som aldri var i nærleiken av Yale eller Harvard, men som gjekk rett ut frå skulen til arbeid, familie og eit liv innanfor den horisonten som den amerikanske tilstanden gjev.

 

Utdanna europearar veit alt om rasisme i USA. Men det er klasse, ikkje rase som er USAs «dirty secret» - sjølv om rasismen naturlegvis lever vidare i mange former. I USA slo aldri arbeidarrørsla igjennom, og millionar av amerikanarar vil aldri tenkja på å melda seg inn i ei fagforeining. I staden går dei kvar sundag til ei fundamentalistisk kyrkje, og Jesus er nok den einaste som bryr seg om lagnaden til millionar av menneske på det mørke kontinentet. USA har ingen europeisk velferdsstat, og landet er framleis prega av kalvinistisk teologi: Den som gjer det godt har Gud med seg, medan den som hamnar i vanskar har seg sjølv å takka. Klassesjåvinismen i amerikansk kultur er langt meir brutal enn det vi er vane med i Europa, og det å kalla folk «white trash» er innanfor folkeskikken i ein sjølvgod elite fødd med sylvskeier i både munnen og ræva. Og i spenningsfeltet mellom Jesus, white trash, suksess og hatet mot dei der oppe fann Cash materiale til å byggja eit livsverk.

 

Johnny Cash kom sjølv frå det Amerika der lange arbeidsdagar var målestokken på kven du var – ein av dei mange familiane som freista leva av den jorda som hadde lokka millionar over frå Europa. Men gitaren og ei særprega barytonrøyst opna ei dør til ei anna verd. Cash visste sjølv kva opphavet hans var verdt i det store landet. På ei av dei siste platene har trassen mogna til triumf. I enkle vers skildrar han kvardagen for ein landsens gut i den verda han vaks opp i. I kvart vers oppsummerer refrenget at han trass alt «am doing all right for country trash». Og det er ikkje å ta for hardt i at Cash gjorde det temmeleg bra til å vera «country trash».

 

Han gjorde det bra – men utan å ta farvel med røtene. Som andre kvite frå sørstatane i sin generasjon gifta han seg tidleg. Men det første ekteskapet gjekk over styr. I staden gifta han seg med ho som skreiv den største slageren hans – June Carter. Ho var dotter i ein av dei første familiane som slo seg opp innanfor countrymusikk, og dei to levde sidan saman til dei døydde med nokre månader imellom. Frå ulike vinklar og med ulike tema kasta Cash lys over livet til den vesle, amerikanske mannen. Den alminnelege mannen som gav patos til Cash sin baryton. Og ein eller stad mellom sjølvforakt og triumf, kjærleik og einsemd, liv og daude er Cash stifinnar i den amerikanske mannen sin veg gjennom livet. Ein veg som endar opp der det byrja, der framme der Jesus og gamle Mama ventar, og der ein kan leggja denne verdas vanskar og lidingar til sides. For Vårherre har ein himmel for country trash, og vissa om det som ventar gjev eit fast punkt å kvila blikket på langs ein veg der det elles er nok av einsemd og prøvingar. Hjå Cash har dauden ingen brodd, og livet er ein lysande sti som fører deg heim.

 

I dette arkaiske landskapet veg Cash grunnvilkåra i menneskelivet i tekstar enkle som folkeviser – og slåande som folkeviser. Som den tidlege «Folsom Prison Blues». Frå ei fengselscelle i Folsom Prison høyrer den som syng eit tog som passerer, og tenkjer tilbake på korleis han hamna i uføret – for no er han «stuck in Folsom Prison». Og han ser for seg korleis rike folk sit i spisevogna og kosar seg og røykjer sigar, medan han sjølv ikkje har vore ute av cella og sett sollys på lange tider. Og så drøymer han om korleis toget ein dag skal frakta han bort – langt, langt bort frå Folsom Prison. For Cash skal ingen stader, anna enn det endelege møtet med mor og Jesus. Men når han sit fast – «get stuck» – så vil Homo americanus bort. Og han er full av rastløyse. Saman med «Highwaymen» spela Cash inn ei moderne folkevise om ulike inkarnasjonar av den amerikanske mannen. I siste vers flyg Cash eit stjerneskip til motsett side av universet. Der vonar han å finna ein stad der han kan finna kvile for si rastlause ånd. Det er vona som døyr sist, heiter det, men roa er neppe å finna på andre sida av universet heller. På ei av dei siste platene syng han ei middelalder/sigøynervise om korleis han berre er ein heimlaus reisande i ei framand verd. Rastløysa er ikkje lenger like sterk som i Folsom Prison, men ho er meir grunnleggjande.

 

Men det er meir enn rastløyse som driv Homo americanus. Sjølvsagt handlar det også om kjærleik. Cash gjorde ein storslager av June Carters «Ring of Fire» - om den brennande attråen i ung kjærleik. Den mogne Johnny Cash utforskar grunnmaterialet i kosmiske myter i «Flesh and Blood». Han skildrar ferda si gjennom naturen, og helsar på fuglar, dyr og plantar. Og i alt dette vakre er det likevel «deg» han treng – kjøt og blod treng kjøt og blod. Og slik møtest himmel og jord, mannleg og kvinneleg, ånd og materie – og kjærleiken vil leva vidare og bløma i nye vårar. Det er å gjera mykje ut av formatet der du har max fire minutt til disposisjon! Som gamal veit han at dei song om denne kjærleiken lenge før hans tid, og at det står om han i nedstøva songbøker. Nokre hundreår frå eller til forandrar lite. Cash gjekk ikkje ut av tida, han berre slutta å halda konsertar. Og sjølv om konsertane er avlyst, var Cash trygg på at vi ville nynna vidare.

 

Fram til slutten av sekstitalet var karrieren til Cash om lag som karrieren til andre amerikanarar frå den kvite, sørlege arbeidarklassen som erobra scenen med ein gitar på magen. Men på slutten av sekstitalet heldt Cash nokre konsertar som vil bli ståande som kulturelle hendingar – og som vart til LP-plater som selde i millionar. I Folsom og San Quentin song Cash for den kvite, amerikanske mannen. Denne gongen han som hadde hamna utanfor – eller rettare sagt innanfor. Bak murane og piggtråden kunne tjuvar, valdsmenn, drapsmenn og andre verma seg på bodskapen om han som hadde gjort vatn om til vin. Minnene om korleis far song bass då familien samla seg i song for å halda motet oppe i harde tider – og vona om at familien igjen skal samla seg ved Kristi trone. Og ikkje minst kunne dei jubla over den enkle, nådelause teksten om korleis San Quentin hadde vore eit levande helvete – «San Quentin, I hate every inch of you».

 

Med fengselskonsertane tok Cash steget frå songar til kulturpersonlegdom – og samstundes byrja han utforska horisontane i det redneck-universet som heile livsverket handlar om. For i den strenge kalvinismen og dyrkinga av suksess som pregar sørstatsfundamentalismen ligg det ei frigjering å bryta ut og oppsøkja dei mislukka – fangane og dei utslåtte. Ei slags tilbakevending til eit meir opprinneleg evangelium. Cash vart «the man in black». Mannen som går i svart i påvente av lysare tider. Vi gjer det strålande og er vellukka. Men for å minna oss om alle dei som er «held back» treng vi mannen i svart.

 

Og det er ikkje berre med den svarte dressen han utforskar redneck-horisonten. Tidleg på syttitalet finn han saman med Bob Dylan, og dei to gjev ut plate i lag. Cash spelar sjølv inn «It aint me, babe» - med same overtyding i kvart ord han spyttar ut som elles. Heller ikkje dette er main street i Nashville på dette tidspunktet. Cash står på toppen av karrieren, med eige TV-show og nokre av sine beste plater. Derifrå går det – nedover.

 

Men nedturen varar berre ei stund. Midt på åttitalet finn Cash saman med «Highway Men» tilbake til dei enkle oppskriftene hans sjanger er bygt på. Det er amerikansk, det er enkelt – men det er kraft bakom. Og Cash sin baryton er framleis meir enn nokon ei ikjøting av den amerikanske mannen – hans moral, hans draumar og hans historie. Ein ny nedtur følgjer, før Rubin i ein serie utgjevingar dokumenterer siste etappe i Cash si ferd mot herlegdomen.

I Rubin-innspelingane finn du både ting som Cash har laga sjølv – og ting han lånar frå andre. Alt er like overtydande gjort. Alt er gjort enkelt: Gitar, trøorgel – her er det «less is more» som er oppskrifta på kvalitet. Og det trengst ikkje så mykje innpakking – Cash sin baryton har vorte gamal og skjelvande, men ikkje mindre overtydande av den grunn. Fleire av songane ser styggvakre – som Cash si innspeling av «Mercy Seat» der fangens veg mot den elektriske stolen blir sett i lys av dauden på Golgata. Ein song som det er umogleg å kommentera – håra reiser seg på ryggen, og du sit ordlaus tilbake. Slik trer Cash kvite og svarte perler opp på kjedet – hans versjon av «Solitary Man» er bitter utan smak av hat og hemn. Alt berre samlast i ei svart natt av resignasjon. Naturlegvis har han ikkje skrive songen. Han har berre sunge den. Men å syngja den etter Cash er som å hoppa etter Wirkola.

 

Det er ti år sidan Johnny Cash gjekk ut av tida. Dei siste ti åra har ikkje vore venleg mot den verda Cash kom frå. Det mannen frå sørstatane som blir drepen eller kvesta når Uncle Sam skal ut i krigen. Krigseventyra i Irak og Afghanistan har kravd si avgift i blod. Sjølv når dei «der oppe» gjev ordrar er det dei alminnelege, naive frå sørstatane som må svi når det heile blir avslørt – som Lynndie England som enda opp i fengsel etter Abu Grahib, som om det var ho som hadde planlagt det heile. Og sjølvsagt er det dei same menneska som blir kasta ut av sine enkle heimar etter finanskrisa i 2008, medan banksjefane får bonusar og fallskjermar. Trongen for ein «man in black» har ikkje blitt mindre, sjølv om mannen er borte. Men kven veit. Om du går ut ein stille kveld på det store slettelandet og lyder, kan det henda du høyrer ein stad oppe i himlane: Bom-chicka-bom-chicka-bom-cicka-bom. 

Kommentar #1

Mons Henrik Slagsvold

160 innlegg  2436 kommentarer

Gripende.

Publisert nesten 6 år siden

Takk for en gripende og kjærligetsfylt skildring Brendberg. Her mener jeg høyere makter må ha stått deg bi! 

Kommentar #2

Oddbjørn Johannessen

192 innlegg  13478 kommentarer

Takk

Publisert nesten 6 år siden

En velformulert og treffende tekst.  Selv om jeg ikke kan identifisere meg med denne enkle religiøsiteten lenger, er jeg en uforbederlig Cash-fan.  En gang fan, alltid fan.  Noe av det siste han gjorde, var å lage en sterk cover-versjon av sangen "Hurt", skrevet av "industrial-rock"-gruppa Nine Inch Nails.  Dette er musikk som i utgangspunktet befinner seg fjernt fra Cash-universet - men han gjør sangen til sin på en overbevisende måte.  Jeg skal ikke gjøre noe forsøk på tolkning - men jeg legger for én gangs skyld inn en "snutt":

 https://www.youtube.com/watch?v=FywSzjRq0e4

Kommentar #3

Rune Tveit

40 innlegg  4109 kommentarer

Kvalitet

Publisert nesten 6 år siden

Dette innlegget må være noe av det mest velskrevne jeg har lest på verdidebatt.no

Evangelisk er det også, og evangeliet er fantastisk.

Kommentar #4

Kjetil Mæhle

68 innlegg  768 kommentarer

Kjekt

Publisert nesten 6 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Og sjølvsagt er det dei same menneska som blir kasta ut av sine enkle heimar etter finanskrisa i 2008, medan banksjefane får bonusar og fallskjermar. Trongen for ein «man in black» har ikkje blitt mindre, sjølv om mannen er borte. Men kven veit.

å lese dette innlegget. USA er vel det landet vi både elsker og hater. Johnny Cash er en helt i musikken!

Kommentar #5

Hans Olav Brendberg

63 innlegg  1085 kommentarer

Tusen takk

Publisert nesten 6 år siden

for gode ord. Til Oddbjørn Johannesen: Den "enkle religiøsiteten" er ofte meir truverdig enn den sprenglærde, avdi han ikkje gjev seg ut for å vera noko meir enn han er eller kan vera. Cash er av dei som lever etter ordet i likninga om talentene: Han grev ikkje ned sitt talent, men har mot til å setja det i teneste.

Til Rune Tveit: "Evangelium" eitt av desse orda som blir brukt så ofte at det kan vera vanskeleg å hugsa kva det tyder. Eg synest Johnny Cash på sitt beste greier å formidla kva det handlar om - og om mitt vesle skriveri greier fanga noko av dette har eg oppnådd det eg ville. Tusen takk!

Kommentar #6

Oddbjørn Johannessen

192 innlegg  13478 kommentarer

Jo da

Publisert nesten 6 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Til Oddbjørn Johannesen: Den

Sitat Brendberg: "Til Oddbjørn Johannesen: Den "enkle religiøsiteten" er ofte meir truverdig enn den sprenglærde, avdi han ikkje gjev seg ut for å vera noko meir enn han er eller kan vera".

Jeg kan i og for for seg være enig i det - og uttrykte meg vel litt uheldig.  Den "sprenglærde religiøsiteten" har jeg aldri hatt noe forhold til.  Slik sett har jeg mer sympati for livsfølelsen i "I'm a Poor Wayfaring Stranger" enn "intellektuell" teologi.

Kommentar #7

Per Steinar Runde

229 innlegg  2476 kommentarer

Poetisk og med innleving

Publisert nesten 6 år siden

"Perler i prosa" var tittelen på ei bok. Dette innlegget var også ei perle med sine mange gode formulering og skrive med stor innsikt og innleving. Tusen takk!

Kommentar #8

Rune Tveit

40 innlegg  4109 kommentarer

Evangelium#5

Publisert nesten 6 år siden

Enig med deg I at det er lett å glemme hva ordet eget inneholder. 

Jeg tenker at det handler om det å være sann, I forhold til,eget liv, egen skrøpelighet,  sårbarhet. Det handler ikke om hva vinter til, men hvor ærlige vi er om oss selv og vår avhengighet av Gud og hans nåde. 

Jesus viste oss evangeliet når han reiste opp mennesker og gav dem et nytt liv. 

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere