Verdidebatt

Statusendring på tempelhøgda?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Som Johathan Cook påviser, er det ein israelsk offensiv for å endra statusen til området kring al-Akhsa som er årsaka til at valdsspiralen i Jerusalem er sett i spinn. Statsrettsleg har dette området ei brokete historie, men når det gjeld kontrollen over viktige heilagdomar som al-Akhsa, gravkyrkja og andre stader har regimet vore forbausande stabilt gjennom skiftande tider. Det er ei muslimsk, veldedig stifting som eig og kontrollerer den sokalla «tempelhøgda», og som har gjort det sidan før britane okkuperte Jerusalem i 1917.

Sist nokon freista gjera store endringar når det gjeld kontrollen med dei heilage stadene i Jerusalem vart dette den utløysande årsaka til Krim-krigen på 1850-talet. Denne gongen kjem offensiven frå jødiske, religiøse nasjonalistar på toppen av alt som elles går gale for tida i regionen.

For femten år sidan fanst Koranmuseet i Baghdad – ei av dei viktigaste samlingane av religiøs kjeldelitteratur i den arabiske verda. Nasjonalmuseet i Baghdad fanst. Gadhaffis «kunstige elv» som gav vatn til eit veksande libysk jordbruk fanst. Det romerske Palmyra fanst. Den amerikanske krigen mot Irak, og det som har skjedd etterpå, har sytt for at mykje av det som er menneskeættas felles kulturarv er øydelagt og bort for godt. Egyptarane sytte heldigvis for at deira viktigaste institusjonar vart verja av borgarvern under kaoset som følgde den sokalla «arabiske våren».

Som Jonathan Cook påpeikar brukte israelske styresmakter Baruch Goldsteins massakre i Hebron som brekkstong for å leggja sentrum i byen øyde, og gje jødane permanent fotfeste i heilagdomen i byen. Slik vatnar ein jødisk messianisme. Om ein no på same måte endrar statusen til al-Akhsa, er det nok eit steg på denne vegen.

Dei sassanidiske persarane vart støtta av jødane då dei i 614 erobra Jerusalem. Titusenvis av kristne vart massakrert, og jødane reiv det dei kom over av kyrkjer og kristne heilagdomar. Desse massakrane og øydeleggjingane var ein av hovudgrunnane til at den muslimske kalifen kunne erobra Jerusalem nesten utan vald nokre tiår seinare. Dei kristne innbyggjarane såg på den muslimske erobringa som ei frigjering frå det persisk/jødiske tyrraniet. Ei av dei få kyrkjene som overlevde denne øydeleggjingsbølgja var den bysantiske fødselskyrkja i Betlehem.

Eg er diverre redd for at eg skal få oppleva øydeleggjinga av denne heilagdomen i mi levetid, etter at han har overlevd i vel 1 500 år. Ting går fort no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt