Verdidebatt

No er det haust

Hausten er sanneleg ei fin tid for å gifta seg. Og dagen etter bryllupet sit eg her på bussen medan mørket sig på. På veg mot mi vesle øy i verda, og resten av livet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er haust. Eg sit på ein buss som kilometer for kilometer kortar ned avstanden til dit eg skal i kveld – Trondheim. Her i Namdalen er bjørkene framleis grøne, men dei første blada har alt byrja bli gule. Dei neste vekene vil dalsidene her skifta farge, og lauvskogen vil måla landskapet i ei mengd fargar før vinteren legg si kvite, kalde hand over det heile. I bussen tikkar

klokka, og vi legg nye mil bak oss.

Det er ingen grunn til å lura seg sjølv. Dei timane, dagane, vekene og åra som no rasar i veg er sjølve livet. Dei grunnleggjande vala er gjort, og no gjeld det om å få tida og kreftene til å rekka over dei pliktene som ventar rundt omkring. Eit langt, seigt løp der det av og til er meg det heile heng på.

No har eg ei stund vore eldste generasjon i familien. Far min stempla ut og leverte inn lompen for nesten eit år sidan. Eg har nett vore og stengt for vinteren på hytta i Svartisdalen – eit prosjekt som eg har arva etter han. Den vesle pramma, som han fekk tinga av ein båtbyggjar i Straumen, ligg trygt inne i det store naustet til «Svartis 3» - passasjerbåten som i nokre sommarmånader går i ferjerute over vatnet.

Som ung anleggsarbeidar i vassdragsvesenet fekk far min godt betalt arbeid på Svartisanlegget, og då gjennomslaget var gjort og tappetunnellen stod ferdig vart brakkebyen rigga ned. Far min kjøpte verkstadbrakka han hadde hatt som elektrikar. Kompisen Kjell Høgås var ein kløppar til å køyra bulldozer, og skyssa brakka ned til vatnet. Så fekk dei fløtt brakka over vatnet og sett ho opp som hytte. Tomta fekk han frå grunneigaren då han la inn straum i den vesle låna på Svartisheia. Planen var å ha heimbrentsapparat og base for fjellturar i området. I staden kom livet i vegen: Båe to gifta seg, bygde seg hus og fekk det travelt. Ti år seinare var planane om heimebrenning hamna på lista for evig utsetjing, medan brakka med eit lite tilbygg vart familiehytte. På slutten av åttitalet vart den gamle brakka bytta ut med nybygg. Vi ungane var skeptiske, men det var eit riktig val. Veggene i den gamle brakka hadde omtrent ikkje isolasjon, og du måtta grava ned hytta i snøskavlen for å få temperaturen opp på vinteren. Ein gong onkelen min lånte hytta fekk dei litt medynk med hunden i den kalde hytta, og slepte han opp i senga. Morgonen etter hadde hunden frose fast i veggen.

Over femti år har gått. Etter at far min pensjonerte seg var vel hytta i dalen det prosjektet han fann mest glede i. Du ser korleis han har kosa seg med detaljar. Panel som er skore til og felt inn. Speledåsar på alle soverom, som kan trekkast opp frå utsida. Jerv og gaupe ser mot deg som dekorasjon på skapdører.

Men ikkje berre detaljar: Hytta står stødig på ei solid råme av H-bjelkar frå Jarnverket, på nokre solide hjørnestein som etterkvart har stabilisert seg i sandauren. Stålpipa er eit massivt røyr i rustfritt stål, godset er vel om lag tre-fire millimeter tjukt. Heile pipa er i eitt stykke – ho er hengt i mønsåsen i eit par strekkfiskar. Eg sette dei sjølv fast i boltane då vi med naud og neppe fekk buksert pipa på plass for litt over tjue år sidan. «Det skal stå i mi tid», sa han. No er hans tid ute.

Eitt rom på hytta fekk han aldri gjort ferdig. Inntil nybygget sette han opp det som var brukbart av den gamle brakka, som inngangsparti med eit lite siderom. Noko av dette måtte berre nyttast opp – som veggen der vi teikna omrisset av dei største fiskane vi fekk. Siderommet tenkte han til bad. Han hadde fått på plass ein del. Så fekk han slag, og var sidan aldri i stand til å gå mange metrane. Han var med meg eit par turar opp til hytta åra etter han hadde fått slag. Med mi og kona si hjelp fekk vi han om bord i pramma, og han fekk gå rundt hytta, drikka seg ein kopp kaffi og slappa av med ein røyk. Ungane og kona tok turen opp til breen.

Det var hans hytte, og i ti år var hytta utan aktiv eigar. Ho vart brukt, men ho stod slik ho var då han måtte gje seg. Etter at han døydde vart det eg som overtok, og no er det siste rommet klart til bruk. Eg fekk nokre dagar på tampen av sommaren til å gjera badet i stand. Ny stålpipe til omnen vart montert, og så flytta vi inn det gamle sitjebadekaret som ikkje har vore brukt sidan eg var i 6-7-årsalderen. Eg humra litt då eg heldt på med detaljane – det er ikkje alltid så enkelt å fylgja eige hovud når ein skal gjera om att ting far min har bygd. Eg ville flytta ei knaggrekke litt unna pipa. Det vart berre sovidt: Baderomsplatene har ymse hol som er dekt over med knagger, speglar og anna pynt. Sannsynlegvis er det rivingsmaterial som han har fått overta for lite og ingenting, eller restar som har vorte til overs ein stad. Han var ein smed til å byggja utan å bruka pengar på det. Parkettgolvet er materialrestar som vart til overs på gamle Trefaco – med ulike treslag og mønster. Utsiktsvindauga ved spisestubordet har ei feil på glaset midt på. Eg trur ikkje han gav mykje for det vindauga.

Så om han har gått ut av tida, er han i høgste grad til stades. På gamaldagane fekk han seg ny vandringsstav – ein trestaur med utskore « hovudskalle» i enden, og ei ryggsøyle nedetter. «Dette er framtidsutsiktene» sa han då vi feira syttiårsdagen hans på hytta. Når eg ser opp i taket over bordet på spisestova ser eg rett inn i dei tome augo til skallen på vandringsstaven.

---

Men hausten er også ei god tid. Verbet «å hausta» fortel oss at strevet har si løn, at skrinn jord og salt sveitte kan vekslast inn i kjøt og grønsaker og bær og anna godt til å fylla i kjellar og spiskammer. Vårens luftige planar kan på hausten vera tømra opp som varme hus, og det vi drøymer i ungdomen kan bli røyndom – sjølv om nokre av draumane slær seg til blods i møtet med livet. Og medan bussen nærmar seg Steinkjer er kjekt å tenkja på at hausten også er ei god tid for å arbeida. Skarpe, klåre dagar der du slepp sommarvarmen, og der du kan få gjort det du har planlagt. Det er berre å koma seg opp og ut – når du først har kome i gang og har funne rytmen er det mesta ein leik å få arbeidet unna på ein fin haustdag.

Og så har haustkvelden dette skarpe, klåre lyset som langsomt døyr i eit stort mørke. Rett over vatnet frå hytta reiser Hardkaren seg til over ni hundre meters høgde, ein vegg der dei siste strålane av lys frå sola målar merkelege fargar medan nattehimmelen langsomt skrur opp dimmaren og tenner stjerner og nordljos. Og som skallen over spisestubordet minnar om tida som går, så minner desse mektige fjella deg om kor lite eit menneske er. Midt mellom slike store fjell er det ei stor trøyst i det venlege lyset frå utelampa frå nabogarden nokre kilometer lenger ned i dalen. Menneske, historie og landskap heng saman her, og eg anar ei meining i det heile sidan eg sjølv har berga minne ned av desse karrige, men venlege fjella i over førti år. Når eg kjem inn att frå kveldsmørket kan eg kjenna korleis også gleda kan sitja i veggene.

Og så er badet klart til bruk! Etter å ha dusja meg rein i 12-voltsdusjen i det gamle badekaret låste eg for vinteren, sette pramma inn i naustet og køyrde ned dalen. Ved Røssvoll skifta eg i dress og knytta slipset medan eg nytta bilvindauga som spegel. Så køyrde eg ned til Mo, og gjekk opp til tingretten der den eldre bror min stod og venta på trappa. Ein time etterpå var han godt gift, og vi gjekk over til Meyergården der vi åt bryllupsmiddag med næraste familie.Så feira vi bryllup til langt på kveld. Eit kjekt bryllp, med fire generasjonar til stades på brura si side. Livet går vidare! Hausten er sanneleg ei fin tid for å gifta seg. Og dagen etter bryllupet sit eg her på bussen medan mørket sig på. På veg mot mi vesle øy i verda, og resten av livet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt