Øyvind Årdal

10

Det er borna som vert taparane.

Det er eit risikofylt eksperiment å institusjonalisere ein heil generasjon frå dei er eitt år gamle. Dette smakar av sosialisme. Det var slik dei gjorde det i gamle Sovjetunionen der staten skulle ta hand om alle borgarane frå vogge til grav.

Publisert: 28. aug 2015

Partiet Dei Kristne ( PDK) seier i handlingsprogrammet sitt at vi har det grunnleggjande syn at små born treng å vere mest mogleg saman med foreldra sine når dei er små. Vi meiner det er uheldig at barnehage for eittåringar i dag har blitt norma snarare enn unntaket. Her i Møre og Romsdal har vi gjort dette til ei lokal kampsak. I alle dei 11 kommunane der vi stiller liste, er denne saka med.

 Det at mange av småborna må tidleg opp om morgonen og saman med foreldre rekkje morgonstell og transport til arbeid og barnehage, har blitt ei tidsklemme som skapar stress. I dei større byane kan også trafikale forhold både til og frå heimen skape problem. Forsking har også vist at dei minste som er i barnehagen, har dobbelt så høge verdiar av stresshormonet kortisol, samanlikna med dei som er heime. Det er slett ikkje sikkert at vår måte å gjere det på er den beste. I Finland er det langt færre av dei minste som går i barnehagen, og borna der borte gjer det også langt betre på skulen enn her hos oss. Kan det vere ein samanheng her?

 Vi i PDK meiner vi må ha ei ordning der vi legg til rette for at foreldre som vil det, kan vere heime med borna medan dei er små, i alle høve til dei er tre år. Dette kan vi få til ved å innføre lokal kontantstøtte. Ein del kommunar har dette allereie. Skal det bli reell valfridom, er det viktig at beløpet vert så pass stort at familieøkonomien ikkje vert sett under for stort press. Uansett vil kommunen kunne spare ein god del pengar på ei slik ordning, for ein barnehageplass for eitt- og toåringar kostar om lag 160 000 kr per år. Det er altså svært kostbart for kommunen. Vi trur at både foreldre og born, familie og samfunn, vil tene på dette.

Mange foreldre vil framleis velje å sende dei minste i barnehagen, og vi er opptatt av god kvalitet også der. Eitt-og toåringar er særleg sårbare. I den alderen blir tilknytningsevnen utvikla. I eit intervju i Romsdals Budstikke nyleg peika psykologen difor på kor viktig det er med maksimum 3 eittåringar pr. vaksen i barnehagen. Vi vil arbeide for ein barnehage driven på barnet sine premissar.

 Vi vil konkludere med at vi meiner at det er eit risikofylt eksperiment å institusjonalisere ein heil generasjon frå dei er eitt år gamle. Dette smakar av sosialisme. Det var slik dei gjorde det i gamle Sovjetunionen der staten skulle ta hand om alle borgarane frå vogge til grav.

 Øyvind Årdal         
1.kandidat til fylkestinget
PDK Møre og Romsdal.       

 

                                                                                   

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Turid Talita Manjana Holta

0 innlegg  2678 kommentarer

Publisert over 5 år siden
Øyvind Årdal. Gå til den siterte teksten.
Det at mange av småborna må tidleg opp om morgonen og saman med foreldre rekkje morgonstell og transport til arbeid og barnehage, har blitt ei tidsklemme som skapar stress. I dei større byane kan også trafikale forhold både til og frå heimen skape problem. Forsking har også vist at dei minste som er i barnehagen, har dobbelt så høge verdiar av stresshormonet kortisol, samanlikna med dei som er heime. Det er slett ikkje sikkert at vår måte å gjere det på er den beste. I Finland er det langt færre av dei minste som går i barnehagen, og borna der borte gjer det også langt betre på skulen enn her hos oss. Kan det vere ein samanheng her?

Ikke bra i det hele tatt å ha små 1 åringer i barnehage. Er veldig enig i innlegget ditt. Det er veldig synd at det er slik et pres på foreldrene om å være ute i jobb begge to. Det er svært vanskelig for mange slik store krav som det er å klare seg med ei inntekt.

Da må en legge ned en mengde krav og det vil folk ikke. Det lille barnet må også betale sin pris for å gå i barnehage så alt for tidlig. Kunne en fått til ordninger som var gode nok for at barnet kunne være hjemme til det var 3 år så hadde det jo vært fint.

Men ikke vanskelig å se presset foredre lever under. Med et barneve3rn som er som rene UDYRET etter foredre så står dem sterkeast i kampen mot barnevernet dem som har nok penger. Det hender barnevernet ignorerer alt av saker på de med penger, de er flittigs å henge seg etter sammfunnets svakeste økonomisk. Så jeg forstår godt foreldre som setter 1 åring i barnehage. Det er tross alt enda mye mere skadelig om dem blir totalt adskilt fra foredrene via av at barnevernet tar dem på grunn av dårlig råd.

Likefull så har vi et så sykt sammfunn som presser barn små barn i barnehage og foreldre til å måtte ha dem der. Og som du nevner ikke bra for de små med så tidlig barnehage!!!! Men det er ikke lett med det helt hysteriske barnevernet vi har. Men samtidig så er barnehager pålagt å sende flere bekymringsmedlinger til barnevernet......da må de ansatte stress for å finne noen de kan pikke ut å sende medlinger på.Og blir ganske klart de mest sårbare. Noen barn blir jo satt i barnehage av barnevernet. de er under ekstra på syn av de ansatte og de har besjeder fra barnevernet om å gi tilbake meldinger på det barnet....Så mye farlig...i barnevernet.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere