Verdidebatt

Kyrkjevalet - er eg verdig eller uverdig?

Det eg er mest redd for, er å bli som dei lærde på Jesu tid: Å vera meir opptatt av å testa om folk meiner det rette, enn av å visa dei veg til han som tok imot og hadde tid for alle - utan å spørja om dei trudde rett og sterkt nok.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg står som kandidat til Stavanger bispedømeråd og Kyrkjemøte 2015-19, nominert av nominasjonskomiteen si liste i Stavanger (berre ei liste).  Når eg les innlegget av Geir Magnus Nyborg i Vårt Land og kronikken av Espen Ottosen i Aftenposten, lurer eg ein augneblink på om eg eigentleg burde kjenna meg uverdig til nominasjon - og om eg kanskje aller helst burde sitja heime og la vera å delta i eit folkekykjeval som eigentleg berre er tenkt for dei få, ikkje for heile den døypte kyrkjelyden.

Men eg står likevel oppreist med stort frimot, skal gå og stemma og oppfordrar alle eg treff til å gjera det same.

Noko er me einige om: Sjølvsagt skal kyrkja vera kyrkje - ikkje forening der folks synsing bestemmer! Sjølvsagt skal Bibelens tekstar vera rettesnor for lære og liv. Samtidig skal og må skriftene - i dag som alltid før - lesast og forståast inn i vår tid. Heller ikkje Espen Ottesen og Geir Magnus Nyborg les og forstår alt i Bibelen slik dei gjorde for fem hundre år sidan.

Men det er grunn til å spørja: Er det ei bestemt gruppering som har monopol på den rette skrifttolkinga ? Å hevda at dei konservative held seg til skrifta mens vi som forstår Bibelen annleis, berre held oss til folkemeininga, er ganske arrogant. Seier ikkje Bibelen nettopp at me alle kjenner og forstår stykkevis og delt?

Eg har lytta, lest og snakka med teologar og vanlege folk. Eg høyrer med interesse på korleis Ottosen og Nyborg - og Stålsett og Byfuglien - forklarer og grunngir synspunkta sine i homofilisaka - begge med Bibelen som grunnlag. Som "fotfolk" prøver me etter beste evne å finna ut kven me har mest tillit til - kven som er mest overbevisande i si forståing av kva Skrifta seier. Då handlar det ikkje berre om enkelte skriftord, men om ei samla bibelforståing.

Også på Jesus si tid var det skriftlærde som meinte dei forvalta heile sanninga og var opptatt av å setja opp stengsel for dei som tenkte annleis og var usamde med dei. Vi hugsar sikkert alle korleis Jesus reagerte på det. Det eg er mest redd for, er å bli som dei: Å vera meir opptatt av å testa om folk meiner det rette enn av å visa dei veg til han som tok imot og hadde tid for alle - utan å spørja om dei trudde rett og sterkt nok.

Også mitt kyrkjeengasjement er forankra i det eg les i Bibelen, framfor alt Jesu liv og ord. Det forventar eg respekt for - ikkje påstandar om at eg har erstatta skrifta med lettvint synsing frå folk flest. Samtidig er det mi plikt å visa djup respekt for at det finst andre måtar å forstå desse spørsmåla på - og at mellom anna Ottosen og Nyborg er djupt overtydd om sitt syn ut frå korleis han les Bibelen.

Så kjempar eg for mi overtyding - og han skal kjempa like frimodig for si. Men vi har eit felles ansvar for å medverka til at kyrkja kan koma ut av denne krevjande prosessen med større evne og vilje til gjensidig respekt. Vi kan sjølvsagt velja skyttargraver og kyrkjesplitting. Spørsmålet er: Vil det vera til gode for både folk og kyrkje? Eg trur ikkje det; derfor oppfordrar eg til kyrkjebygging på tvers av meiningsforskjellar om enkeltsaker.

Eit kyrkjeval med låg deltaking, der det kan verka som om Ottosen og Nyborg berre meiner at ein del av kyrkjemedlemene burde få delta, er ein trussel mot folkekyrkja sitt fundament. Ei livskraftig folkekyrkje treng eit folk som verkeleg stiller opp om kyrkja si, ikkje minst når det skal veljast kvinner og menn med stor tillit til å bestemma i lokale og nasjonale styringsorgan.

Derfor bør vi ikke håpa på LÅG valdeltaking, men arbeida for REKORDDELTAKING!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt