Verdidebatt

Mørkleggjing i dagslys

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I går la Arne Ørum ut ein utmerka artikkel som syner korleis ei rekkje medie har vidareformidla oppdikta nyhende om ein israelsk soldat som gav ei gamal kvinne vatn, før han etterpå skaut henne. Verda er full av den slags tullball, og det er bra at slike saker blir avslørt.

Dei media som Ørum nemner – Middel East Monitor, Mondoweiss m.fl. er ikkje akkurat mainstream. Problemet er at slik nyhendefabrikkasjon ikkje berre er eit marginalt fenomen. Av og til skjer slikt noko midt i dei mest prestisjetunge medie: New York Times, Aftenposten og mange fleire.

Det styggaste dømet eg veit om på slik ”jaga i flokk”-journalistikk eg veit om er boomerangsaka i sakførselen mot John Demjanjuk. Demjanjuk vart tiltalt for å vera ”Ivan den grusomme” frå Treblinka – trass i at påtalemakta hadde dokument som synte at han ikkje var det. Trass i at dei sentrale prova mot han var KGB-produserte falskneri. Trass i at om lag det einaste som peika han ut som skuldig var at han heitte ”Ivan”. Den skueprosessen som vart halde mot Demjanuk i Israel var ein skam for israelsk rettsvesen. Den som kom frå det heile med ære var Demjanjuks israelske forsvarsadvokat, som greidde å få avgjerande prov ut av sovjetiske arkiv då Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Konfrontert med desse dokumenta, som prova Demjanjuks uskuld, måtte Israelsk høgsterett sleppa Demjanjuk fri, etter at han hadde site fleire år på dødscelle.

Frifinninga av Demjanjuk truga med å eksponera det omfattande maktmisbruket i den amerikanske påtalemakta OSI. Yoram Sheftel gav ut eit bok – ”Defending Ivan the Terrible – The conspiracy to convict John Demjanjuk” der han ned i detaljar dokumenterer påtalemaktas kriminelle åtferd.

Ørum avslører sanningsvrenging i marginale media. Demjanjuksaka er skumlare, av di ho syner at ein kan driva total mørkleggjing i fullt dagslys. Det dreier seg om justismord i ordets eigentlege tyding (forsøk på å få hengt folk mot betre vitande for å forsvara juridisk prestisje). Det dreier seg om ei lydig presse som lograr for påtalemakta – sjølv etter at påtalemakta er avslørt.

I slike saker blir gjerne pressa gjerne svært forsiktige. Kommentaren under vart skrive då første runde i rettssaka i München var ferdig – men dette var naturlegvis umogleg å få på trykk i norsk presse, som sat og skreiv av påtalemakta sine pressemeldingar, og trykte stoff frå dei internasjonale byråa. Berre i israelsk presse såg eg teikn til kritisk dekning.

Lars Gule skreiv i går: "Derfor kreves det litt mer enn bare Brendbergs påstander om saken.Eller er det boka til forsvarsadvokaten som er kilden til Brendbergs påstander? I så fall, skriver han mer om dette enn det Brendberg her "gjengir"?"

For å utdjupa påstandane noko legg eg ut dette. Demjanjuk døyddeutan å ha fått nokon endeleg dom for noko som helst.Eller med andre ord: Utan kriminelt rulleblad. Etter 35 års sakførsel, og fleire år på dødscelle. Jødiske organisasjonar protesterte mot at familien skulle få gravleggja faren/bestefaren i USA, men saka ende opp med at familien fekk ei grav å gå til.

Yoram Sheftel vart ikkje intervjua i internasjonal presse, men gav til israelske aviser uttrykk for at det heile framleis var ein farse. Sjølv snakka eg med grev Nikolai Tolstoy, som hadde vore sakkyndig under den israelske rettssaka. Han var framleis svært skeptisk til eit opplegg som han syntest det lukta KGB av. Eg legg ut kommentaren uforandra, som døme på ei sak der pressa mørklegg ei sak i fullt dagslys.

Demjanjuk: Rettferdig dom eller kvitvasking av OSI?

Den 12. mai vart Ivan Demjanjuk dømt til fem års fengsel , etter 35 års saksgang, 10 år i varetektsfengsel og fem år på dødscelle.Så vart han sett fri – og domen anka. For det er ingen grunn til å leggja saka daud – til det er mistankane om grove brotsverk alt for sterke. Då snakkar eg naturlegvis ikkje om Demjanjuk.

Saka byrja med at den sovjetvenlege avisa ”Ukrainian Weekly” i 1976 trykte ei faksimileutgåve av eit SS-identitetskort – ”Travnikidokumentet” - skrive ut til ein viss Ivan Demjanjuk . Dette faksimiletrykket er eitt av fleire bygt på ei sovjetisk kjelde – mellom anna finst ein interessant variant frå ei ukrainsk avis med eit anna bilete på dokumentet. Originalen til dette dokumentet vart første gong lagt fram for amerikanske styresmakter tidleg på åttitalet av Konstantin Rudenko personleg. Rudenko er anerkjent som ein av dei store forfalskarane i førre hundreår, og er vidgjeten for ungdomsverket ”Moskvaprosessene” der han stod for viktige delar av manus, sentrale rekvisittar og dokument.

Men ting tyder på at divisjon 14 i KGB hadde ein dårleg dag på jobben då dei laga Travniki-dokumentet. Den fremste sakkyndige på rettsleg verifisering av dokument i førre hundreår, briten Julius Grant, hadde ein fantastisk karriere frå han i studentdagane var med i teamet som granska Tut-Ank-Amons mumie til han som gamal avslørte Hitlers dagbøker. Etter ei grundig gransking av Travniki-dokumentet konkluderte han med at dette ”heilt sikkert ikkje kunne vera eit dokument som tilhøyrde Demjanjuk”. William Flynn, ein av USAs fremste sakkyndige på dokumentverifisering og falskneri, meinte dei israelske ekspertane sin rapport om dokumentet ville stroke på opptaksprøven til ”American Society of Document Examiners”. Over 20 år etter desse undersøkjingane er denne forfalskinga framleis eitt av dei sentrale prova mot Demjanjuk. Kvifor? Har dei ikkje noko betre?

No vil sikkert den vakne lesar spørja: Kvifor i all verda skulle ein mann som Rudenko bry seg om ein metallarbeidar i Cleveland med fire års grunnskule? Vel, Rudenko var ein forfalskar og intrigemakar av format, og dreiv ikkje privat praksis. Når Rudenko var involvert var det alltid eit spørsmål om sovjetisk statsinteresse.

Tidleg på syttitalet tinga Nixon og Kissinger fram ei omfattande normalisering av tilhøvet til Sovjetunionen. Dette stranda då Kongressen i 1973 vedtok det sokalla ”Jackson-Vanik amendment”, som i følgje J.J.Goldberg gav det jødiske samfunnet veto når det galdt USAs handelshopehav med Sovjetunionen. Med Jackson-Vanik kom tilhøvet til Sovjetunionen i spel, og grunnlaget var lagt for den rørsla som enda opp med at Ronald Reagan i 1980 kunne byrja ein ny ”kald krig”.

Jackson-Vanik var ein siger for det jødiske samfunnet i USA, men ikkje berre for dei. Fleire grupper i USA støtta den nye ”kalde krigen” – ikkje minst det ukrainske og det litauiske eksilsamfunnet. Dette såg sovjetarane – og dei likte ikkje det dei såg. Kva gjorde dei? Travnikidokumentet har til no gjeve over tredve år med gjensidige skuldingar og mistenkeleggjering mellom ukrainarar og jødar i USA . Gjorde ikkje Rudenko som Karius – banka på ein stad der han visste det gjorde vondt?

Men kunne KGB gjera dette utan at amerikanarane fekk mistankar? Nei. Den FBI-rapporten som nyleg kom for dagen syner at amerikanarane midt på åttitalet meinte at heile opplegget stinka. Men då FBI freista få saka mot Demjanjuk lagt daud i 1985 hadde det allereide gått prestisje i saka for Office for Special Investigations – OSI. Dei var allereide godt i gang med å dikta opp historia om at Demjanjuk var ”Ivan den Grusomme” frå Treblinka, og trong alle dokument dei kunne få tak i som kunne brukast mot han. Alt som tydde på at han var uskuldig vart hemmelegstempla.

FBI-rapporten går inn i eit mønster. Påtalemakta har heile tida halde hemmeleg dokument som underbygde at Demjanuk var uskuldig. Hadde ikkje Sovjetunionen gått i oppløysing ville Demjanjuk truleg vore hengt for 20 år sidan. Allereide her burde difor varsellampene byrja blenka. Men då FBI-rapporten vart imøtegått i media burde i tillegg sirenene vorte slått på. For kven gjekk ut og garanterte at OSI hadde vurdert rapporten frå FBI nøye? Neal Sher. Med andre ord: Same mannen som på åttitalet freista frå Demjanjuk hengt som Ivan frå Treblinka – trass i at han visste om og heldt hemmeleg dokument som prova at Ivan frå Treblinka var ein annan mann. Same mannen som i 1986 organiserte produksjon av falske vitnemål mot Demjanjuk på bestilling frå den israelske påtalemakta. Same mannen som nytta stillinga som direktør for ”Conference on Jewish Material Claims Against Germany” til å produsera så mange og store falske reiserekningar at han vart frådømt advokatløyvet sitt for nokre år sidan. Likevel rekna dei store avisene med at Sher også denne gongen selde god fisk, og kom ikkje med oppfølgjingsspørsmål. FBI-sporet vart lagt daudt. Berre stanken vart igjen.

Men det er fleire grunnar til å sjå på det som skjer i München med svært stor skepsis. Kvifor kravde td. Spania Demjanjuk utlevert på ein ny tiltale nyleg? Dei som har ført straffesaker mot Demjanjuk – i Tyskland og i Israel – har formelt sett etterforska saka sjølve. Men alle veit at OSI har vore tungt inne i prosessen. Var OSI redde for ei frifinning i Tyskland – og fekk Spania til å krevja utlevering slik at prosessen kan gå sin gang heilt til kreften tek Demjanjuk?

Vi snakkar om det andre forsøket på justismord mot Demjanjuk. Pressekommentatorar hevdar ofte at Demjanjuk vart slept fri i Israel på grunn av tvil. Det er tøv – det var ikkje tvil som gjorde at Demjanjuk slapp levande ut av Israel. Etter at høgsterettsdomar Dov Levin hadde dømt Demjanjuk til dauden, reiste han rundt på føredragsturné i jødiske forsamlingar i USA. Der sa han: ”Det er ikkje nok å hevda at du er uskuldig. Du må prova at du er uskuldig!”. Det kunne ikkje Demjanjuk – forsvaret hans kunne berre reisa sterk tvil om dei sentrale prova, ikkje minst Travniki-dokumentet. Men då saka var oppe i israelsk høgsterett kunne forsvararane prova at Demjanjuk var uskuldig etter tiltalen. Domen frå israelsk høgsterett er eit akrobatisk meisterstykke som freistar kamuflera at det israelske rettssystemet er tatt med buksa nede etter ein av dei mest skandaløse skodeprosessane i moderne tid. Og juristar i Israel var klar over kor pinleg det heile var. Domar Chaim Cohen sa det slik: ”Om noko likna på ei rettferdig rettssak var det reint slumpetreff.”

Midt på nittitalet var Demjanjuksaka pinleg – pinleg for det israelske rettsvesenet, pinleg for det amerikanske rettsvesenet og pinleg for OSI. Heile forsøket på justismord låg der og truga med å bli ein boomerang som slo tilbake mot relativt mektige interesser som hadde regissert justismord nr. 1. Difor byrja dei den prosessen som no har ført fram til dom i München. Då Demjanjuk hadde vorte frifunne, sa ”ein røynd aktor nær saka” til avisa Maariv: ”Det viktigaste no er i det minste å prova at Demjanjuk var del av nazistane si utryddingsmaskin (….) elles (….) vil vi gje eit stort bidrag til den nye, verdsomspennande rørsla som nektar for at Holocaust nokon gong har skjedd.”

Reint sakleg er dette sjølvsagt absurd. Demjanjuks forsvar i Israel la eksplisitt til grunn at alt det aktoratet sa om utrydding av jødar i Europa var riktig. Ei frifinning av Demjanjuk vil ikkje endra kunnskapen vår om jødeutryddinga i Europa med ein millimeter. Derimot vil ei frifinning føra til at flasketuten byrjar peika på dei som i over tredve år har ført kampanje mot Demjanjuk.

OSI er, slik namnet seier, ikkje noko alminneleg kontor hjå den amerikanske statsadvokaten. OSI vart i følgje J.J.Goldberg oppretta som følgje av politisk press frå det jødiske miljøet i USA. Neal Sher var sjef for OSI frå 1983 til 1994 og gjekk vidare til sjefsstillinga i AIPAC før karrieren kollapsa då han vart teke med hendene djupt i kakeboksene til ”Claims Conference”. OSI er ei grein av den amerikanske statsmakta, men er oppretta av og leidd av folk i kjerna av israellobbyen. Det kan godt vera fleire enn Sher som har interesserte i å unngå ei gransking av OSI. Det er prova grove brotsverk, som produksjon av falske vitnemål for å få Demjanjuk dømt til døden. Dette veit vi av di ukrainarar i USA i fleire år systematisk undersøkte innhaldet i søppelbøttene i McDonaldsrestauranten over gata frå OSI. Slik er mange av lovbrota til OSI dokumentert. Men noko skikkeleg gransking har aldri vore gjennomført.

Demjanjuk held framleis fast ved den same forklaringa som han første gong la fram i avhør på slutten av syttitalet. I denne saka er det aktoratet som har hoppa frå isflak til isflak. Grunnen til at det skar seg for aktoratet førre gongen, var at dei freista driva vidare etterforsking ut frå dei dokumenta dei hadde fått frå Rudenko. Dei gjennomførte fotokonfrontasjonar der eit portrett av Demjanjuk vart sett saman med andre tidstypiske bilete av mannspersonar med smale andlet og mørkt hår. For å hjelpa på minnet til dei som skulle identifisera Demjanjuk, var portrettet hans dobbelt så stort som dei andre. Men ingen av dei tjue israelske overlevande frå Sobibor kjende att Demjanjuk. Derimot kjende overlevande frå Treblinka att Demjanjuk som ”Ivan Grozny”, og dermed tok saka eit spor som sikkert ville overraska Rudenko.

Denne gongen har aktoratet kjørt langt tryggare, og brukt Rudenkos prov og vitnemål som ryggrad. Slik har dei unngått dei sjølvmotseiingane dei rota seg opp i sist, men overtydande blir det ikkje. Travnikidokumentet er og blir eit tviegga sverd, og den skarpaste eggen vender mot aktoratet.

Demjanuks israelske forsvarar, Yoram Sheftel, er den einaste som har kome frå denne saka med æra i behald, sjølv om han nesten mista auga i eit syreåtak utført av ein av dei som beviseleg har kome med løgn i israelsk rettssal. Då domen i München vart kjend, rykka Sheftel ut og kalla det heile ein farse. Og det er kanskje rett sjanger? Eit multinasjonalt aktorat som spring ut og inn av dører, og stadig kjem med nye skuldingar, prov og vitnemål som undergrev kvarandre. Eit vitne, Yisrael Yehezkeli, som først hevdar at Demjanjuk har drepe båe foreldra hans i Treblinka, før han etter sceneskiftet hevdar at Demjanjuk har drepe foreldra hans i Sobibor ( i mellomtida har han blinda forsvarsadvokaten med syre). Demjanjuksaka som farse vil gje forviklingar der Moskvaprosessene møter Holocaustindustrien, med stadig meir forbausande resultat. I siste akt sit den gamle metallarbeidaren for det meste og snorksøv i rettslokalet, medan aktoratet byrjar snakka tysk. Og til slutt kan høgsterettsdomar Dov Levin oppsummera: "You have to prove innocence"!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt