Hans Olav Brendberg

63

Det israelske tangrammet

Om tabu, blinde flekkar, fantasi og propaganda

Publisert: 31. mai 2015

Frå Kina har tangrammet spreidd seg over verda – det vesle puslespelet med sju faste brikkar, som ein kan setja saman på uendeleg mange måtar. Ein båt, ein bil, eit dansande menneske – brikkane gjev eit omriss, og fantasien gjer resten.

Også staten Israel fungerer som eit slags tangram. Ein av dei interessante sidene av det israelske prosjektet er korleis ulike folk ser akkurat det dei ønskjer sjå i staten Israel. Protestantiske fundamentalistar ser ei verkeleggjering av det gamle testamentet sine løfte til Abraham. Sosialistar som vitja Israel på femti- og sekstitalet såg eit sosialistisk eksperimentsamfunn, ein kibbutzsosialisme der den borgarlege familien var erstatta av nye, frie mønster for sosialt liv. Håkon Lie og den gamle eliten i Arbeidarpartiet såg eit samfunn der eit parti og fagrørsle bygde ein demokratisk sosialisme. Amerikanarar ser USAs viktigaste allierte i eit område prega av kaos, krig og islamsk fundamentalisme. Europeiske populistar ser ein nøktern og realistisk stat som står som ein påle andsynes trugsmålet frå islamsk fundamentalisme. Og venstreorienterte antiimperialistar ser ein utpost for amerikansk imperialisme – eit hangarskip som er umogleg å søkkja.

Kort sagt: Alle ser det dei vil sjå – dei projiserer eigne idear over på denne staten i Midt-Austen, og formar han i sitt bilete. Dei formar ikkje fritt – Israel er eit eksisterande samfunn, og det finst nokre kjennsgjerningar ein må ta omsyn til når ein skal laga seg eit bilete. Men likevel er prosessen svært fleksibel – nett som du kan laga svært mange bilete av dei sju brikkane i tangrammet. Israel har td. ei svært synleg militærmakt. Nokre ser eit forsvar dimensjonert for å stå mot ei fiendtleg, arabisk verd som vil kasta Israel på havet. Medan andre ser ei maskin dimensjonert for å vera hegemonisk stat i eit stort område. Nokre ser verdas mest moralske armé, andre ser soldatane som er plassert ut på kontrollpunkt på heile Vestbreidda for å gjera livet så praktisk umogleg som råd for palestinarane.

Dette er uhyre interessant, ikkje minst av di fenomenet er eldre enn staten Israel. Også før skipinga av staten Israel var jødiske nettverk si rolle i vestleg politikk eit tangram – ei samling brikkar som vart lagt i mønster der alle såg det dei ønskte eller frykta mest. Den store, jødiske samansverjinga er berre eitt av desse tangrammønstra frå tida før andre verdskrig. Kvifor er det slik? Kvifor ser folk det dei vil sjå når det gjeld jødane si rolle vestlege samfunn, og kvifor er det knytt så sterke kjensler til desse spørsmåla?

Blinde flekkar og fantasi

Skal vi forstå dette, kan ein analogi vera nyttig. Synssansen handlar svært mykje om tolking. Dyr som utviklar augo med skarpt syn må samstundes utvikla ein stor hjerne for å tolka synsinntrykka. Dei mange ulike formene for synsbedrag fortel indirekte om apparatet for å tolka synsinntrykk.

Midt på netthinna ligg den gule flekken. Ingen stad ligg synscellene tettare enn nett der – her ligg skarpsynet vårt. Dette er blikket vårt. Men litt til sida for denne flekken av skarpsyn går synsnerva frå auga til hjernen, og akkurat der synsnerva går ut av auga finn vi ein flekk heilt utan synsceller. Det fører ikkje til nokon svart flekk i synsfeltet – tvert om tolkar hjernen vår synsbiletet slik at biletet i den svarte flekken vil vera likt omgjevnadene. Om du lagar to kryss på eit kvitt ark, og festar blikket på det eine med det eine auga vil det andre krysset forsvinna på ein viss avstand. Auga ser ingenting – og hjernen tolkar dette som kvitt ark.

Vi tolkar det vi ikkje ser. Og det er ikkje berre synsinntrykk som blir tolka slik. Vi har sterk trong til å sjå og forstå heilskap, og vi vil leggja mønsteret etter dei brikkane vi har tilgang til. Der vi manglar informasjon, vil hjernen vår fylla ut tomromma. Vi ”ser det vi vil sjå”.

Dette gjev nokre interessante følgjer for korleis vi kan skildra vårt eige samfunn, og vår eigen plass i dette samfunnet. For alle samfunn har sine ”blinde flekkar”, historiske strukturar knytta til maktbruk, vald, gløymsle og fortrenging, som dei sjølve ikkje ser. I tillegg har vi alltid hatt trong for å plassera vårt vesle liv i ein større kosmisk samanheng. Vi har sendt reidskapar og verdisaker med dei daude i titusenvis av år, i fall dei trong dette i den neste verda. Vi har skapt avanserte religionar. Sentralt i slike verdsbilete ligg det som Moses møtte i den brennande busken, det som fekk han til å sjå ned. Blikket vi ikkje kan møta, gudsnamnet vi ikkje kan seia. Den blinde flekken der synsnerva ligg open, men utan synsceller som kan fanga opp noko bilete. Vi ser ingenting, men tolkar desto meir.

Desse blinde flekkane ligg djupt i menneskenaturen. Og vi veit ein del om korleis dei verkar. Då Xavier kom til Japan, då jødar kom ut frå ghettoen og ut i det ikkje-jødiske samfunnet, då antropologane kom frå Europa til Stillehavsøyene: Når folk kjem frå ein kultur til ein heilt framand kultur kan dei sjå ting i den framande kulturen som er usynlege for dei som er innanfor kulturen. Dei ser kor synsnerva ligg naken, kor den kosmiske navlestrengen er festa.

Ofte er det investert kjensler, ære og frykt i desse kulturens nervefeste. Thomas Mahl gav for vel ti år sidan ut ei bok om korleis britisk etterretning systematisk dreiv påverknad i USA for å dra USA inn i andre verdskrig. Den operasjonen han skildrar var ikkje berre ukjend for dei fleste amerikanarar som levde den gongen. Han vart aktivt fornekta, og folk som skildra om lag kva som var i ferd med å skje, som Charles Lindbergh, vart stigmatiserte og marginaliserte. Etterkrigstidas historieskriving har gjeve oss ei ”historie der skuggekrigen systematisk har vorte fjerna eller usynleggjort”, i følgje Mahl.

”Fjerna eller usynleggjort” tyder sterke organisasjonar gjerda inn av ”cosmic top secret”. Det tyder dagsordenar som er so viktige at dei ikkje toler oppslag i avisa. For dei som er i nærleiken tyder det trøbbel om du blandar deg borti det du ikkje har noko med. Informasjon du berre får bak vasstette skott, slikt som det berre blir prata om i forbifarta i seine nattetimar over eit glas sterkt brennevin. Makt, gjerda inn av tabu og togn. Der den blinde flekken finst overtek fantasien. Og dei som let fantasien fylla inn tomromma overtek kjensla av frykt og sjølvforsvar som omgjev den blinde flekken. Det finst sterke immunreaksjonar mot ”konspirasjonsteoriar” i den amerikanske eliten etter at denne eliten samarbeidde tett med britisk etteretning for å nedkjempa det som var ei fleirtalsmeining i det amerikanske folket ved inngangen til andre verdskrig.

Parallellsivilisasjonen

Den jødiske religionen i det kristne Europa var ikkje berre eit parallellsamfunn. Jødedom og kristendom var motsette religionar. Den eine religionens frelsar var den andres Antikrist. Den eine religionens heilagdomar fyllte tilhengarane av den andre med avsky. Det var eit umogleg tilhøve, og dette umoglege tilhøvet vart oppdaga nokså tidleg. Då ein gjennomførde rettsleg undersøkjing av Talmud i Paris i 1240 kom det fram at boka inneheldt blasfemiar som kunne få sjølv den mest forherda til å rødma. Resultatet var at Talmud vart brent på bål. For jødane som opplevde dette var det heile ein eksistensiell katastrofe. Kvart ord i Talmud var Guds ord, og det låg eit enormt arbeid bak kvar pergamentside. No vart heile vognlass ete av flammane. Sanninga var umogleg, og måtte gøymast bak ein fasade.

Den ”jødisk-kristne” sivilisasjonen finst ikkje. Men den jødiske religionen overlevde middelalderen om lag slik ein drope vatn kan sveva over ei gloheit kokeplate. Sanninga i den jødiske religionen vart verja av lag på lag med fasade og sjølvforsvar. Ghettoen var ikkje berre eit produkt av at dei kristne ekskluderte jødane frå sitt samfunn – rabbinarane ønskte murar kring det jødiske samfunnet for å hindra uønskt kontakt. Dei fysiske murane vart forsterka med andre og sterkare: Gjennom ei rad forbanningar skulle den ortodokse jøden uttrykka avsky mot ikkje-jødane og alt dei sette pris på eller heldt heilag. Gjennom kompliserte reglar for mat skulle ein unngå å bli ureina av dei ureine ikkje-jødane. Gjennom ei rad språkspel uttrykte ein forakt mot ikkje-jødar, prestar, Jesus, jomfru Maria og alt det andre som stod sentralt i goyimane sin kultur. På båe sidene av den etnoreligiøse kløfta bygde ein fiendebilete: På jødisk side av den dumme, foraktelege og valdelege ikkje-jøden som levde eit liv utan andeleg meining. På ikkje-jødisk side av den utspekulerte, trulause og fanatiske jøden som inkje normalt menneske kunne lita på.

Sentralt i dette spelet finn du jødar si plikt til å halda sentrale sanningar i jødisk tru løynt for goyimane. Allereide Talmud slær fast at det i prinsippet er dødsstraff for goyimar som studerer Talmud: Sidan Torahen er Israels brur, driv goyimar som studerer Torah ekteskapsbrot. Rettssaken mot Talmud i Paris gjorde ikkje motivasjonen for å gjera jødisk tenkjing kjent noko sterkare. Og særleg i Spania byrja lærde katolikkar og konvertittar eit åtak på talmudisk jødedom bygt på kunnskap som den rabbinske eliten hadde vanskar med å forsvara seg mot. Ein fasade måtte byggjast – og ein fasade vart bygt.

Den israelske menneskerettsaktivisten Israel Shahak syner (i kapittelet ”Fordomar og undanflykter i ”Judisk religion, Judisk historia”) korleis desse villeiande fasadane til denne dag er ein heilt sentral del av vestleg forståing av jødisk religion. Den alminneleg opplyste europear og amerikanar manglar kunnskap om sentrale sider av jødisk religion og historie. Til gjengjeld har han og ho sterke meiningar om kva ein ikkje kan seia om jødisk religion – uavhengig av om ein har solid støtte i kjelder eller ikkje. Eg har sjølv (i ”Sant og usant om jødisk religion”) synt korleis den same slagsida pregar det viktigaste akademiske arbeidet om jødedom på norsk. I tillegg er all historieskriving om jødedom prega av at fasaden blir forsvart med alle middel. Typiske utslag av dette er at konvertittar frå jødedom til kristendom blir demonisert, mistenkeleggjort og tillagt vikarierande motiv. I tillegg til konvertittar blir alltid Johannes Eisenmenger sitt arbeid alltid mistenkeleggjort og demonisert. Ikkje av di Eisenmenger dreiv med villeiing eller forfalsking. Tvert mot er Eisenmenger stort sett svært påliteleg. Hebraisten Eisenmenger studerte talmudisk litteratur i seksten år, og gav ut eit omfattande verk der han med tilvising til kapittel og vers synte kva slags absurde og opprørande ting som fanst i den jødiske læra. Han avslørte eit dobbelt bokhalderi, og gav eit unikt glimt inn i kva som fanst bak fasaden. Rabbinarane kunne ikkje imøtegå dette – i staden freista dei muta han med ein større pengesum. Då det ikkje gjekk, fekk dei keisaren til å kverrsetja boka. Etterpå kjøpte dei same, rike jødane i Tyskland heile opplaget, og byrja ein kampanje for demonisering og bakvasking av Eisenmenger som har vara til no, med skiftande grunngjevingar. Polemikk, fienskap mot sanninga, mistenkeleggjering av motiv. Juks med omsetjingar, utelating av viktige fakta. Fasaden er solid konstruert, og blir halde ved like ved hjelp av effektive og velprøvde taktikkar.

Resultatet blir som det alltid vil bli på eit felt der alminneleg sanningssøkjing blir mistenkeleggjort. Kritisk forståing blir bytta ut med myter, og mytene er i seg sjølv eit hinder for å forstå kva som skjer. Jean-Paul Sartre skriv sjølv at han gav ut boka ”Antisemitt og jøde” utan å ha lese ei einaste bok om jødisk religion. Resultatet vart som ein kan venta: Mytehistorie. Elliot Horowitz brukar berre ei side på å velta Sartres konstruksjon. For Sartre gjorde berre det alle andre gjer: Han tok tangrambrikkane, og la dei i eit mønster som gjorde at han såg det han ønskte å sjå. Så har Sartre har påverka fleire generasjonar med europeiske venstreradikale, som har prioritert myter framfor verkeleg kunnskap. Venstresida sine idear om at Israel er ”USAs usøkkjande hangarskip midt i olje-land” er ikkje meir røyndomsnære enn bedehusfolket sine idear om Israel som verkeleggjering av Jahve sine løfte til Abraham. Og bedehusfolket har trass alt fokus på den sentrale berebjelken i verkeleggjeringa av den utopiske rørsla sionistane grunnla: Bibelen.

Bak det heile ligg ikkje noko utspekulert, israelsk propagandaapparat som lurar goyimane. Rett nok finst det israelsk propaganda – ”hasbara”. Men denne er for det meste generell, og dreier seg om å forsvara og forklara dei sentrale linene i israelsk politikk, og slå hard ned på tilløp til diskusjon av ”forbodne” tema. Men den skreiddarsydde propagandaen, den som er formsydd etter alle tenkelege og utenkelege målgrupper, er i stor grad eit produkt av målgruppene sin eigen fantasi, og viljen til å fylla ut biletet i den blinde flekken med det ein ønskjer å sjå.

Når sanninga ikkje finn ankerfeste vil ein driva for ver og vind. I praksis vil alle idear om rettferd bli prisgjeve makt og den sterkastes rett. Sanninga vil ikkje finna ankerfeste før ein tek eit oppgjerd med nokre sentrale tabu i vår kultur. Den jødiske minoriteten i USA har erobra viktige maktposisjonar i det amerikanske samfunnet. I boka ”Do the Jews have a Future in Amerca” syner Benjamin Ginsberg korleis ein nytta desse maktposisjonane til å delegitimera all kritikk. Det han kallar ”dynamic silence”. Før vi gjer slutt på ”dynamic silence” vil ikkje sanninga finna ankerfeste, og tragedien i Midt-Austen vil halda fram medan vi ser på det israelske tangrammet – på bileta vår eigen fantasi har skapt. Og jødane vil vera fanga i den ikkje ufårlege rolla som symbol for idear som er mykje større enn dei sjølve.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere