Verdidebatt

Korleis er Norges forsvar

Forsvar er viktig for eit lands beskyttelseevne. Uten forsvar er me veldig sårbare. Det er fleire greiner av forsvar, slik eg ser det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er viktig med forsikring. Det er me nøye med å ha i orden. Huset forsikrar me, bilen(ane), båt, livsforsikring, gjeldsforsikring osv. Dette er det viktig for oss å ha i orden. Forholdsregler tar me for å beskytte det me eier mot ran, brann, uver osv. Har me dette i orden sover me godt om natta.

Det som blir merkelig for meg, og som uroar meg, er at me er ikkje så påpasselige når det gjelder vårt land og nasjon, og vår framtid. Når landets forsvar sviktar, er det lita trøst i dei forsikringane me har.

Eit lands forsvar deler eg inn i 3 ulike greiner:

  1. Militært forsvar.

Dei siste åra har Forsvaret blitt nedbygt gradvis og målretta, etter det eg kan sjå. For berre ca 10 år siden dimmiterte eg ifrå Heimevernet. Inntil då var det innkalling til ei veke med øvelse i Heimevernet. Så vart det slutt på pengane, og dette vart avslutta, og videreført i større einingar.

Slik er det ikkje berre på heimplassen min, men i heile landet. Forsvaret er nedbygt til å ikkje kunne forsvare meir enn eit middels stort fylke! Olavsvern er solgt, og det er så eg har vanskelig for å tru at det er sant!

Militætjeneste var obligatorisk for alle gutter over 18 år. Ein måtte ha god grunn for å slippe militærtjenesten då. Det var 15 mnd tjeneste i Sjøforsvaret, og etter det var det Heimevernet. No er det motsatt, nokre få blir innkalte til førstegangstjeneste, og dei må ha god helse!

Forsvaret er m a o nede for telling!

2. Matvern

I Norge er berre 3% av arealet jorbruksareal, og berre 1/3 av dette er egnet til produksjon av matkorn! Dette er veldig lite, og lågare enn andre land det er naturlig å sammenligne seg med. Matjorda er ein ikkje fornybar ressurs, så går den tapt er den tapt.

Likevel så bygger me ned matjord i stor stil. Nye flotte veier blir bygt. 2 -og 4 feltsveier med høg standard. Høg fart og lite svingar er viktige faktorar. At den går igjennom verdifull og uerstattelig matjord er uten betydning.

Videre så bygges det store kjøpesenter. Nye byggefelt tilrettelegges, og det ofte i bynære og i tettbygde støk. Det gjer at det går på bekostning av dyrebar jord.

Det er ikkje lenge siden det var krise i Russland. Der importerer me mesteparten av matkornet frå. Kva tid kjem neste krise? Kva om me ikkje får importera korn; grensene blir stengde? Folketalet aukar, og areala maten skal dyrkast på blir mindre og mindre! Ringer det ei bjelle? Nei, det gjer ikkje det, tydelig vis! Det er få som vil høyra, dessverre! Kven tenkjer på mat når me er mette??

9. April mintest me 75 årsdagen siden Norge vart okkupert av tyske soldater; det var krig i Norge. Den kom uventa. Men då var det kornlager for ca eit år. Det kom godt med! I 2015 er kornlageret borte; det var endogtil forslag om å bygge leiligheter i den einaste kornsiloen me har i Stavanger! Hadde det vore 1. April eg høyrde dette, hadde eg vore sikker på at det var aprilspøken den dagen! Men det var det altså ikkje! Me gløymer lett. Men dette kan slå over oss før me anar, kva då? Då nyttar det ikkje å kjøra bil til kjøpesentrene på dei nye superveiene som er bygde på matjorda for å handla på kjøpesentrene som også er bygde på matjorda! For sentrene er tomme for mat. Me kan ikkje eta asfalt!

"La oss ikke glemme, men huske", heiter det så fint!

3. Den Kristne arven

Dette er også ein del av forsvaret, sist men ikkje minst!

Dei to siste regjeringane ( Ikkje den sitjande) har sukksesivt og målretta tatt bort kristendommen frå skulane, barnehagane og det blir vanskeligare å stå fram med Kristne symbol.

I 2012 blei den Evangelisk Lutherske tro byttet ut med ein rundare formulering og innbefattar også humanisme. Norge er blitt meir åpen for andre religionar og setter kristendommen til side for å gi plass til desse. Den friheten, tryggheten og velstanden som er blitt Norge til del etter Hans Nielsen Hauges ånd, er på vei til å bli satt til side. Velferden som var ein velsignelse er på vei til å bli ein forbannelse. Her kan me sitera Bibelen Matt.6.24: Ingen kan tjene to herrer. Han vil hate den ene og elske den andre, eller holde seg til den ene og forakte den andre. Dere kan ikke tjene både Gud og Mammon.

Derfor har me fått eit kaldare samfunn. Meir jag etter meir. Me skal ha fine hus og dyre bilar. Pussa opp husa til høgare standard, og helst bedre enn naboen.                               Me har fått inn i Norsk lov noko som me kallar abortlov. Det er lov å drepe barn i mors mage før 12. svangerskapsuke! I 2014 blei det abortert over 14 000 barn! Det er Norsk lov! Videre er det innført ein ny "ekteskapslov". Eg skriv det besvisst i hermeteikn, fordi ekteskap er mellom ein mann og ei kvinne. Denne nye "ekteskapsloven" er ei lov som strir imot Guds Ord.

Men, korfor har eg det ikkje bedre når eg har det så godt? Jo for pengar gir berre tomhet, stress, jag etter meir. Så endar det med å "møte veggen".

Idag har me omlag 300 000 muslimar i Norge. Me reknar at 15 - 20% er militante. Er 20% militante har me 60 000 miltante muslimar i Norge! Dei ønsker at sharialover skal gjelde i Norge. Me er ein nasjon som er i ferd med å miste store verdiar!

Har dette noko med forsvar å gjera? I høgste grad!

Korleis var det i Sodoma før Gud brendte byen? Der var det det me finn i samfunnet vårt idag! Beskytta Gud Sodoma? Sa Han "la gå for denne gangen, berre ikkje gjer det igjen!"? Nei, me veit korleis det gjekk. Byen blei lagt i aske og ruiner! Er Gud den samme idag? Ja, akkurat den samme!

Korleis står det til med Guds beskyttelse over vår nasjon når me innfører lover imot Hans Ord.

Summen av desse tre punkta er at som nasjon står me så og sei heilt ubeskytta og forsvarslause! Me manglar forsikring.

No må me vakna ut av søvnen, og ikkje tru at alt rammer andre og ikkje oss! Det er alvor!!

Lars-Kåre Katla

Kommunestyrerepr. Partiet De Kristne Bømlo

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt