Verdidebatt

Takk til Netanyahu

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Etter valet i Israel trykte Vårt Land ein lengre kommentar frå Amos Oz – denne gongen om at det hasta med ein palestinsk stat. Hastverket var ikkje spesielt overtydande. Oz har ikkje akkurat vore prega av hastverk dei siste tjue åra, og det var vel først og fremst den retoriske effekten han var ute etter. Kommentaren var velskriven, men like uinspirerande som andre ting som kjem frå israelske liksom-humanistar som Oz, Grossmann, Yehosafat og alle dei andre. Eit rutinert opplegg som folk ville gjort klokt i å slutta å tru på. Den israelske liksom-humanismen er som ein fotball som lufta har gått ut av. Det finst ikkje sprett i han, og når du sparkar i han skiftar han form.

For det er ikkje ein «palestinsk stat» det hastar med, og heile «freds»svindelen burde vore plukka ned for lengst. Israel Shahak synte allereide då Oslo-avtalen var fersk at det heile var ein svindel – som vart selt med ulike argument til ulike kjøparar. Oz og Grossmann hadde sine grunnar til å selja dette, Rabin og Peres hadde sine – og dei slitne og korrupte PLO-leiarane hadde sine. Og sjølvsagt hadde norsk UD også sine eigne grunnar til å marknadsføra ein vare som var konstruert slik at han gjekk i småbitar før reklamasjonstida var gått ut.

Eg var ikkje så mykje klokare enn andre den gongen, og det gjekk nesten ti år før eg oppdaga at heile opplegget var ein bløff. Først då fann eg fram til Shahak og andre kritikarar som venstresida med stor iver freista teia i hel. Og eg oppdaga korleis dei som venstresida freista demonisera – den politiske tradisjonen frå Jabotinsky via Begin fram til Netanyahu – hadde noko sannferdig ved seg som du ikkje finn på sionistisk venstreside. Jabotinskys «Jarnmuren» - frå tjuetalet – er i mine augo framleis ein av dei beste artiklane som er skrivne om konflikten. 90 år etter at artikkelen vart sett på trykk, uttrykkjer han framleis på råkande vis den politiske tradisjonen Jabotinsky skapte. Du kan framleis lesa Jabotinsky med utbyte. Les «venstresionistane» frå same periode, og du møter ein oppdikta røyndom som først og fremst uttrykkjer tidbundne motebølgjer og fordomar. Sjølv dei intelligente og lesverdige venstresionistane – som Hannah Arendt – verkar sørgjeleg utdaterte. Samleutgåva av hennar «Jewish Writings» inneheld gullkorn og svært skarpt tenkt tekst. Og likevel er hovudinntrykket at ho dansar kring romantiske luftspeglingar som verkar vonlaust utdaterte. Det er like framtidsretta som ein nudistleir tidleg på trettitalet.

Då er Gideon Levy noko heilt anna. Det er noko slitent og oppgitt over Gideon Levy, og ikkje alt han skriv er like råkande. Men nokre dagar etter valet skreiv Levy den kommentaren om valet i Israel som det er vits i å lesa. Der takka Levy Benjamin Netanyahu for å syna tilstrekkeleg moralsk mot til å snakka sant. Og Netanyahu fortener takk – nett slik Gideon Levys tekst fortener å bli lese. For Levy har sjølvsagt rett: Det er på tide at nokon byrjar snakka sant, og det er bra at ein sitjande israelsk statsminister faktisk gjer det. Verda ville vore ein betre stad om fleire hadde gjort som Shahak, og snakka sant for 25 år sidan. Ilan Pappe skreiv i fjorårets bok om korleis dørene vart lukka og israelsk hovudstraum konsolidert for femten år sidan. Etter dette burde i alle fall nokon teke seg bryet med å snakka sant. Men no har endeleg nokon gjort det – til stor frustrasjon for dei som har aksjar i å halda løgna gåande enno eit tiår eller to. Ikkje høyr på dei – og avvis krava deira om at Netanyahu skal gå bort frå det han har sagt. Han kjem til å gjera det retorisk – men realitetane er slik han sa. Det blir ingen palestinsk stat. Det at Netanyahu sa dette so tydeleg avklarte også stoda i israelsk politikk. For veljarane likte det dei høyrde, og gav Netanyahu eit tydeleg mandat: Det blir ingen palestinsk stat.

Det gjer det heile enklare. For det finst berre ein stat mellom Jordanelva og Middelhavet, og slik har det vore sidan før eg vart fødd. Folk må gjerne prata om juridiske fiksjonar og den internasjonale konsensusen – og dei «rettane» palestinarane har i følgje ymse FN-resolusjonar. Men juss og røyndom er to ulike realitetsplan, og du skal ha lang skei om du skal eta juss frå same skål som han Tykje. Røyndomen er langt enklare: Det finst berre ein stat mellom Jordanelva og Middelhavet, og det kjem ikkje til å bli nokon palestinsk stat her. Om palestinarane skal ha rettar, må dei ha rettar i denne staten. Dei er rettslause heilt til dei har fått alminnelege borgarrettar i den staten som faktisk finst.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt