Hans Olav Brendberg

63

Eit mord i Moskva

Konspirasjonsteoriar er tydeleg heilt stovereint. Nokre gongar. Men andre gongar, derimot...

Publisert: 2. mar 2015

I helga har vestleg presse velta seg i konspirasjonsteoriar. Helga byrja med at den tidlegare reformpolitikaren Nemtsov vart avretta, «mafia style», nokre hundre meter frå Kreml. Og dermed er vestleg presse full av kommentarar om korleis Vladimir Putin anten direkte eller indirekte står bak drapet. Prova på dette finn kommentatorane på botnen av tastaturet sitt. Den norske utanriksministeren krev ei «uavhengig gransking». Så lenge temaet er «Russland» gjeld eigne reglar når det gjeld prov og logikk.

 

No brukar vi ikkje å ha noko «uavhengig gransking» her i landet når nokon blir drepen – den vanlege prosedyren er politietterforsking, og vi har faktisk gode røynsler med denne framgangsmåten. Nemtsov tiløyrde ei politisk retning – USA-venleg, høgreorientert liberalisme – som i Russland ligg med brukke rygg, under sperregrensa. Alle kommentatorar på russisk side av jarnteppet er samde om at Nemtsov ikkje utgjorde noko utfordring for det sitjande regimet. Tvert om er Nemtsov eit større problem for Putin daud enn levande. Talsmenn for den USA-venlege, høgreliberalistiske opposisjonen er samde om at Putin er usannsynleg som tingar av drapet. Irina Khakamada, som saman med Nemtsov grunnla «Solidaritet»-partiet, åtvarar mot at drapet kan bidra til farleg destabilisering. Tidlegare fredsprisvinnar Mikhail Gorbatsjov snakkar om «provokatsia».

 

Nemtsov var gårsdagens mann. At den middelaldrande, gifte politikaren var saman med ein 20-årig modell frå Ukraina då han vart skoten er ikkje åleine nok til å gjera mannen til noko framtidsvon. Vitnemål frå vestlege pressefolk tyder på at Nemtsov sjølv var ukorrupt. Men i den perioden på nittitalet då Nemtsov var ein aktiv politikar gjennomførte det regimet han tilhøyrde den største plyndringa av offentleg eigedom i nyare historie. Den avtalen Boris Jeltsin gjorde med dei sju oligarkane før valet i 1996 må vera det største einskildranet av andres eigedom nokon gong. Sjølv om Nemtsov sjølv ikkje var korrrupt, så var tida hans som politikar prega av korrupsjon i vel så stor grad som dagens Russland. Og det seier faktisk ein heil del.

 

Då Nemtsov heldt føredrag ved Columbia University i New York i 2010 gjorde han sjølv merksam på at ein skulle setja «tidlegare» framfor alle titlane hans – reformator, visestatsminister, liberal leiar. Etter å ha tapt kappløpet om å bli Jeltsins etterfølgjar greidde partiet hans å koma inn i Dumaen ein periode. Deretter ramla det under sperregrensa. I 2010 hadde Nemtsov få vener i Russland, sjølv om USA framleis satsa på mannen som alternativ til Putins regime.

 

Under dei store demonstrasjonane året etter synte det seg kor «tidlegare» Nemtsov faktisk var. Ein ny generasjon vestvenlege opposisjonelle, under leiing av Alexander Navalny, greidde å mobilisera store folkemengder ved å ta avstand frå Nemtsovs generasjon av liberalarar. Forsøka på å byggja bru mellom desse opposisjonskreftene våren 2012 slo feil.

 

Nemtsov tilhøyrde ein opposisjon som hadde veljaroppslutning om lag som «Rødt» og som fekk støtte frå USA. Han byrja å gå inn for sanksjonar mot Russland fire år før landet hadde noko større geopolitisk konflikt med USA. Karrieren hans som utøvande politikar er knytt til enorme tjuveri av felleseigedom i det tidlegare Sovjet – og til eit økonomisk samanbrot som synest like godt i den demografiske pyramiden i Russland som massesvolten på tredvetalet. Dette gjorde han upopulær blant folk – men det var ikkje folket, men dei sentrale oligarkane som fekk sparka Nemtsov ut av regjeringa mot slutten av nittitalet. Nemtsov var ein mann med mange fiendar.

 

Vladimir Putin er ein mann som kan bruka mange middel, også ulovlege, for å nå politiske mål. Det er gode grunnar til å mistenka Putin for dei terrorbombene mot boligblokker som innleidde krigen mot Tsjetsjenia rett før år 2000. Truleg stod Putin også bak drap innanfor kretsen av mektige og mafiøse i perioden då han festa grepet. Men Putin har tilgang til nokre av dei dyktigaste hemmelege tenestene i verda – tenester som kan ta livet av ein mann slik at det ser ut som ei ulukke eller eit hjarteinfarkt. Om dette var Putin: Kvifor i all verda gjennomføra eit slik drap som eit kontraktmord, «mafia style», eit steinkast unna Kreml? Naturlegvis var Putin ein av dei mange fiendane til Nemtsov, men svært lite tyder på at regimet har noko å vinna på dette drapet.

 

Det treng ein sjølvsagt ikkje leggja vekt på når ein driv journalistikk under diktarbjørka, og når ein har hurtigtast med «Putin har skulda» på tastaturet. Men sanninga er heilt enkelt at vi ikkje veit kven som drap Nemtsov. Nemtsovs offentlege støtte til regimet i Kiev i samband med krigen gjorde han til eit opplagt mål for «patriotar» av det brunflekka slaget – dei som hevdar at Putin er ein judas som har svikta Novorossia. I desse kretsane er det truleg ikkje spesielt kostbart å tinga ein kontrakt på Nemtsov. Men det er ikkje berre dei brune «patriotane» som har interesse av drapet. Nett no er det ein kritisk fase for gjennomføringa av våpenkvila frå Minsk, og Porosjenka har store vanskar med å ha faktisk kontroll over eigne styrkar. Det finst heilt opne fascistar knytt til regimet i Kiev som også vil vera tente med det den russiske opposisjonen sjølv kallar «farleg destabilisering» i Moskva.

 

Og så kan dei som vil gjera lista over moglege tingarar av kontraktsmordet lengre.

 

At «Putin står bak» har vorte noko nær ei halvoffisiell sanning i norsk presse tyder berre ein ting: Norsk journalistikk er kunnskapslaus, og dyrkar ulogiske konspirasjonsteoriar når det gjeld Russland. Dette er rett og slett undermåls. Det meste eg har lese i norsk presse om temaet er desinformasjon. Det er ingen grunn til å bruka pengar på norsk journalistikk om dette er ambisjonsnivået. Det finst betre ting på engelsk. Du kjem til og med lenger med det russiske media kallar «drunken sailor option»: Russisk automatteksting av reportasjar, maskinomsett til engelsk.

 

At utanriksminister Børge Brende krev ei «uavhengig gransking» før blodet er turka opp av gata i Moskva er eit ytterst tåpeleg utspel. Dette er ei mistenkelegegjering av russisk politi før etterforskinga er i gang. Alt tyder på at regimet i Kreml har sterke interesser av at dette drapet faktisk blir oppklara, og etterforsking av drap er ei politioppgåve – i Russland som i Noreg. Kva skal ei «uavhengig gransking» gjera? Skal utanlandske ekspolitikarar og rikssynsarar samla inn fingeravtrykk, genetiske spor og gjennomføra ballistiske prøver – og kvar finn Brende lovheimel for noko slikt i ein moderne, suveren stat? Kva er det dei skal granska, liksom? Det einaste Brende kan oppnå med dette er å forsura tilhøvet til Russland – denne gongen utan å ha saklege grunnar til å gjera det. Dette er reint diplomatisk hærverk, og det er ikkje i norsk interesse. Det finst sanneleg nok av saklege grunnar til å kritisera russiske styresmakter. Om ein i staden grip tak i dei oppdikta grunnane, svekkar ein den saklege kritikken.

Kommentar #1

Leif GuIIberg

72 innlegg  6375 kommentarer

Men..

Publisert over 6 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Alt tyder på at regimet i Kreml har sterke interesser av at dette drapet faktisk blir oppklara,

Det tror jeg også er riktig, for Putin var neppe forslagsstiller eller en som bifalt denne planen. Men så vet vi samtidig også at vi aldri får vite hvem som sto bak dette mordet som ble gjennomført på en imponerende profesjonell (unnskyld formuleringen) måte midt i folkevrimmelen rundt Krasnaja Plosjad - Røde Plass.

Ergo står vi nå innfor en årelang produksjon av konspirasjonsteorier, alle med det formål å tjene noen rubler eller dollar på lanseringen av kandidater som kan ha hatt et motiv.

Kommentar #2

Hans Olav Brendberg

63 innlegg  1085 kommentarer

Konspirasjonsteoriar

Publisert over 6 år siden
Leif GuIIberg. Gå til den siterte teksten.
Ergo står vi nå innfor en årelang produksjon av konspirasjonsteorier, alle med det formål å tjene noen rubler eller dollar på lanseringen av kandidater som kan ha hatt et motiv.

eg er redd for at mordet ikkje blir oppklart - nett avdi det som du seier var så profesjonelt utført. Politisk mistenkelege dødsfall finn du både i aust og vest. Opplagte døme i vest er avismagnaten Robert Maxwell og den britiske våpeneksperten David Kelly. I båe tilfella meiner eg det faktisk er rett å seia at dødsfalla var mistenkelege. Men så lenge ein ikkje kan prova noko, bør ein stogga der. Mordet i Moskva var ikkje eingong "mistenkeleg" - det var opplagt snakk om ei avretting. Ei avretting utført slik at ho peika nase til tryggleiksfolka i FSB. Av fleire moglege motiv peikar nok dei viktigaste mot folk på båe sider av fronten i Ukraina som er misnøgd med våpenkvileavtalen - og kanskje mest dei på austsida av fronten. Men lenger kjem vi ikkje før politiet i Moskva eventuelt finn noko.

Kommentar #3

Njål Kristiansen

160 innlegg  20651 kommentarer

Dance macabre

Publisert over 6 år siden

Dette blir nok aldri oppklart. Mange vil ha sine teorier men de vil aldri bli annet enn teorier. Her kan ingen utelukkes og heller ikke hvem som helst inkluderes i mulige teorier. En rettferdig etterforskning eller også en uavhengig granskning som utenriksminister Brende har foreslått vil heller ikke gi de riktige svarene. 

De smarte med penger til overs kjøper aksjer i avispapirprodusenter og nettportaler nå. 

Kommentar #4

Njål Kristiansen

160 innlegg  20651 kommentarer

Publisert over 6 år siden

Verden er ganske samstemt når det gjelder terrorister, men de har i det minste anstendighet nok til å påta seg ansvaret for en ugjerning. Det er et kjennetegn at de kan også slåss litt om å ha begått gærnskapen fra tid til annen, men dette er et punkt som oppleves som bedre enn å etterlate alt og alle i uvitenhet. Kanskje kan det bety av vi i det minste kan utelukke en tradisjonell terrororganisasjon som utøver.

Når man skal være så tøff å bruke drap som politisk metode burde man også ha ryggrad til å innrømme ugjerningen. 

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere