Verdidebatt

Maidan - eitt år etter

Eit av dei største landa i Europa er i ferd med å øydeleggjast, og blir sakte eit nytt Somalia. Den ukrainske hæren har for kort tid sidan gått på eit militært nederlag av enormt omfang. Mellom 5 og 7 000 ukrainske soldatar vart omringa ved Debaltsevo – og dette førde til ei politisk krise som enda opp i ein våpenkvileavtale i Minsk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne våpenkvileavtalen omhandlar ikkje med eit einaste ord kva som skal skje med dei omringa styrkane ved Debaltsevo. Opprørshæren i Donbass kom med tilbod om fritt leide ut av området, mot at alle våpen vart sett igjen. Dette vart avslått frå Kiev. I staden byrja ein slåss – og mellom 3000 og 3500 ukrainske soldatar fall i ein militært vonlaus situasjon.

Den som les president Porosjenko sine kunngjeringar og talar i samband med denne krisa vil sjå noko heilt surrealistisk: Dei er i stor grad utforma som om røyndomen ikkje fanst. Dei omringa styrkane var ikkje omringa – det var berre eit ”framspring” ved fronten. Nedslaktinga var berre ”ei ordna tilbaketrekking frå framspringet”. Og meir i same stil. Eg tvilar sterkt på at Porosjenko vil vera president i Ukraina om eit år. Heile Maidan-eksperimentet er i ferd med å gå til hundane.

Ikkje at eg nokon gong har hatt noko tru på den propagandaen vestlege media fora oss med i samband med denne krisa. ”Maidan” var på mange måtar ei nyinnspeling av den sokalla ”oransjerevolusjonen” for ti år sidan. Oransjerevolusjonen tok korrupsjonen i Ukrainsk politikk til nye høgder, førde ukrainsk økonomi til nye botnar, og førde til ti tapte år for eit land som i utgangspunktet hadde store problem, og som hadde trengt noko anna. Men oransjerevolusjonen 2.0 gav i tillegg ei meir sentral rolle til reine fascistorganisasjonar som Høgre Sektor, og knuste den ukrainske grunnlova. Eg for min del deltok aldri i nokon jubel for ”siger” for dei ”demokratiske kreftene”. Etter Maidan kjende eg smaken av aske og blod i kjeften.

For eitt år sidan skreiv eg difor denne kommentaren etter at Vladimir Putin hadde fått fullmakt til å fritt disponera dei militære styrkane (2. mars). Eg står framleis inne for han:

Å leika politikk nær ei røynleg stormakt.

Det er heilt tydeleg at europeiske politikarar ikkje trudde at Russland ville testa bløffen. No har Russland gjort det – og plutseleg byrjar europeiske politikarar å fomla og lura på kvar dei skal gjera av hendene. Den viktigaste lærdomen så langt er at europeiske politikarar har store vanskar med å skilja mellom europeiske og amerikanske interesser. Europa ligg langt nærare Russland enn USA, og europeiske interesser ligg også langt nærare Russland sine enn det som har kome til uttrykk under handteringa av krisa i Ukraina.

Ukraina manglar for tida ei legitim regjering. Kuppregjeringa i Kiev blir ikkje oppfatta som legitim i aust og sør, og parlamentet i det autonome Krim har alt bede om russisk hjelp. Den sist valde presidenten (i eit OSSE-godkjent val) blir etter kuppet ikkje oppfatta som legitim i vest og i Kiev. Kuppregjeringa nytta første høve til å skyta seg sjølv i foten: Dagen etter at dei greip makta vedtok dei å oppheva språklova, eit tydeleg signal som blir oppfatta og fortstått i dei delane av landet der russisk (og rumensk) er vanleg daglegspråk.

At Putin grip inn så direkte og tydeleg er overraskande. Det borgarkrigsscenariet som ligg og vakar i overflata – at Russland gjev våpen til opprørarar i aust og på Krim – vil verta ein seig og blodig affære. Kva Russland gjer no er eit ope spørsmål: Presidenten har fullmakter til å gjera kva han vil, men førebels står berre dei russiske styrkane klåre. I beste fall kan dei russiske trugsmåla føra til at konflikten blir mindre blodig, og at fleire byrjar oppføra seg edrueleg. Vonleg vil dette verka som ein kalddusj etter ei fyllekule der nokon har drukke for mykje. I alle høve fører dette til at den ukrainske staten mellombels blir delt etter kven som har makta på bakken. Pro-russiske krefter har kontrollen på Krim. Pro-russiske demonstrantar har tatt makta over offentlege bygningar i Karkiv. Regjeringa i Kiev har ikkje kontroll over eige territorium. Lite tyder på at regjeringa i Kiev vil klara å halda i hop når dei ulike fraksjonane ikkje blir halde saman av ein felles fiende og massiv vestleg støtte for å gjennomføra statskupp.

Russland har ein avtale signert av utanriksministrane frå Polen, Tyskland og Frankrike datert 21. februar som fortel korleis ein skal løysa krisa. Denne avtalen har ikkje dei tre vestlege statane følgt. I ei krise som gjeld heilt sentrale, russiske interesser bør du ikkje skriva under på avtalar du ikkje har tenkt å følgja. Det er å leika politikk – og folk som leikar slik risikerer å skada interessene til sine eigne land, og til alle oss andre.

Krisa vil ikkje vera over, sjølv etter at russarane ryddar opp på spelebrettet. Krisa i Ukraina er ei politisk og økonomisk krise, og har ikkje noko militær løysing. Det er ikkje opplagt at Europa er tent med ei deling av landet. Landet har store minoritetar, men ingen opplagte interne grenser. Berre Krim er enkelt å ”ta ut” med klåre grenser – men truleg bør Krim halda fram som ein autonom del av landet.

Ukraina er eit land med mykje vanskeleg historie. Det er landet som vart hardast råka av borgarkrigen etter revolusjonen i Russland, landet som vart hardast råka av tvangskollektiviseringa, hardast råka av andre verdskrig, hardast råka av jødeutryddinga. Grensene rundt landet er historisk nye, og den historia som pregar dei ulike delane av landet er svært ulik. Den grunnleggjande delinga av landet oppstod alt midt på 1600-talet som følgje av Khmelnitsky-opprøret. Dette har vorte halde saman av eit slags ”politisk korrekt” sovjet-regime der nokre tema har vore forbode.

Det er ikkje mogleg å vidareføre den ”politisk korrekte” sovjetregimet. Men å gå derifrå til motsett grøft, og omfemna Svoboda-nazismen, er ikkje noko alternativ. Eg synest ikkje det er noko uttrykk for ”frigjering” når det nye regimet raserer minnesmerke etter sigrane frå andre verdskrig. Dei som desse minnesmerka heidrar ofra livet sitt for det vi har hatt av fridom i Europa etter 1945. Hitler og Stalin var ikkje to alen av same stykke. Stalin styrte Polen med jarnhand. Hitler utrydda tre millionar polakkar. Etter 22. juni 1941 fall Sovjet og Europas interesser saman. Samstundes finst det mange arr i ukrainsk historie. Tsjekaen i Kiev var i stor grad ein jødisk organisasjon. Det var etniske ukrainarar, ikkje jødar, som svalt i hel under tvangskollektiviseringa. Skal ein utvikla ei nasjonal sjølvforståing i Ukraina som forsonar gamle motsetningar vil ein også bli nøydd til å ta opp tema som er tabu også i den vestlege verda (og som var tabu under det autoritære sovjet-styret). Eg trur ikkje på svoboda-nazistane si forteljing om ein ”russisk og jødisk” okkupasjon av Ukraina. Men eg trur heller ikkje på folkeeventyret om jødane som maktlause offer i ukrainsk historie. Det som kjenneteiknar den vestlege samfunnsforma på sitt beste er at vi finn sanninga i open diskusjon, i staden for å vedta korleis røyndomen er.

I det heile er ”revolusjonar” der ein riv ned alle minnesmerke i sentrum av hovudstaden, skiftar namn på alle byar og skriv om historia med 180 gradar forandring av perspektiv eit destruktivt mønster. Det er slik ein vedlikeheld gamle sår. I staden trur eg folk bør reisa til Finland. Midt på torget i sentrum av Helsingfors står ei søyle. På toppen held dobbeltørna jordkloden i klørne – det er tsaren si dobbeltørn. Dette er einaste staden i Europa dette symbolet har overlevd borgarkrigar og krigar. Ikkje av di finnane elskar tsaren, men av di dei med rette er stolte av si eiga historie. Finland har greidd å ha eit godt tilhøve til grannen i aust. Dei har sterke språklover som sikrar rettane både for svensk og finsk språk – og for Åland som eit spesielt territorium. Otto Kuusinen var etter krigen naturlegvis ein Quisling som ikkje var velkomen tilbake til Finland. Men dette var ikkje noko hinder for at dotter hans kunne spela ei rolle som respektert kommunistisk medlem av riksdagen. Dei fleste land i aust-Europa har noko å læra av Finland.Ikkje minst Ukraina.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt